Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (2)
-
Other trip (7)
- Kayaking (7)
-
Other winter trip (1)
- Snowshoe trip (1)
-
Ski trip (29)
- Backcountry skiing (8)
- Cross-country skiing (1)
- Randonnée/Telemark (20)
-
Trip by foot (98)
- Alpine trip (6)
- Hike (29)
- Hillwalk (37)
- Jogging (21)
Favourite peaks
Ørn ved Orrhøyen
- Date:
- 09.01.2022
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:15h
- Distance:
- 3.0km
Gikk først på asfalt, så på dårlig sti etter parkering ved gamle Kiwi, no interiørbutikk. Følgde spor frå UT-appen til toppen, men tilbake tok vi ein svak sti retning bilen. Godt skotøy som tåler eit gjennomtråkk i vatn var veldig ok på denne turen. Ei ørn sirkla rundt oss på god avstand på tilbakevegen.
Liatårnet-Haganesfjellet
- Date:
- 08.05.2022
- Distance:
- 16.0km
Opptreningstur før 7-fjellsturen. Kremdelen av turen er frå Snuplassen på Haganes, rundt neset i sør og opp langs stupkantane til Haganesfjellet. Vidare tilbake til Liatårnet via Liaskjæret for ekstra høgdemeter. To klatrarar stod i veggen i klatrefeltet ved Tellnes. Flott tur i finevær. Dei våte felta ligg mest mellom Liatårnet og Tellnes, men i dag var det rimeleg tørt.
Frå litt nedanfor Liatårnet mot Tellnes.
Tennesnova og Keipen med hoggorm-treff
- Date:
- 17.05.2022
- Distance:
- 9.3km
17.mai-tur med Kristin og flagg på sekken. Møtte tre hoggorm på turen, alle i nærleiken av stikrysset vest for Keipen (jfr track). To slynga seg vekk då eg kom gåande, som førstemann, mens den tredje låg roleg i lyngen. Elegante vesen så lenge dei har retning vekk:)