Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Svinetinden & Festøykollen

Date:
14.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h
Distance:
13.3km

Gikk fra parkeringa på Vollane, og sikta meg inn på stien mot Rametinden/Ramoen. Eg kunne ikkje sjå skilt som viste vei mot Svinetinden, eg fant heller aldri noke tydelig sti når eg forlot stien mot Rametinden. Terrenget var heldigvis relativt lettgått, og det dukka stadig opp tråkk og stiar som såg ut til å kunne føre meg i riktig retning -ingen tydelig sti til toppen! Heilt i toppen, dei siste meterne ut mot toppunktet er det noke luftig og eksponert. På et lag nysnø denne dagen, var det med forsiktige flytt eg tok meg ut på øverste punkt. Fra toppen har ein flott utsikt mot Jønshornet, Randers og Rametinden tett på, og god oversikt over dagens neste turmål, Festøykollen. Utsikta frå Festøykollen er av det spektakulære slaget! Her ser ein rett ned på fjordkrysset der Vartdalsfjorden, >>>

Map    

Bergehornet, Tverrfjellet, Levandehornet

Date:
10.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
16.2km

Flott rundtur med utgangspunkt fra Vartdal. Fulgte rørgata opp Risaskaret, tok deretter av til Bergehornet på tydelig sti. Veien vidare seier seg sjølv, men sti er det ikke nødvendigvis for mykje av, før ein skal opp på Levandehornet mot slutten av turen. Terrenget er uansett lettgått. Ryggen mellom Tverrfjellet og Tverrfjellet Aust var spennande nok, og med utsikta mot Vassdalstinden og Saudehornet var dette en fantastisk flott opplevelse. https://www.instagram.com/hornar81/

Map    

Langenestinden

Date:
08.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:35h
Distance:
9.4km

Lang og slakk innmarsj gjennom Fladalen, før det brattnar skikkelig til fra Flavatnet på 754moh og opp til toppen. Sti heile vegen, men laust og bratt. Lett klyving heilt i toppen. På veg nedatt blei det ein frisk dukkert i eit lite vatn øst for Flavatnet før utmarsjen :) Flott dag på tur med Ingeborg, Kjersti og Jens. https://www.instagram.com/hornar81/

Map    

Dalegubben

Date:
07.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:00h
Distance:
10.5km

Parkerte på turparkeringa på venstre sida av veien etter at en passera kirka på Sæbø. Rusla gjennom Sæbø og opp mot starten på Gunnarråsa/Normalruta. Her er det også parkeringsplass, men max 2 timer og med liten kapasitet. Toppen av Dalegubben kan sjåast stort sett heile veien på turen. Stigninga er jamn. Dei siste 100-150hm er det litt klyving, men av den heilt udramatiske sorten. På ein brennheit daga som denne, så tok vi oss god tid. Turen kan nok gåast fortare enn oppgitt, men i godt selskap tok vi oss god tid til å nyte. Frå toppen ein slik dag er utsikta endelaus, ein ser store delar av indrefileten i Sunnmørsalpane herifrå. Slogen og Norangsdalen østover, Kolåstinden med breen nordover, Skårasalen sørover og Saudehornet vestover, i tillegg sjølvsagt alt av deiligheter >>>

Map    

Hegrenesnipa & Bjørsetfjellet, Jølster

Date:
02.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:30h
Distance:
13.5km
Map    

Kvamshesten, Gaular

Date:
01.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
14.2km

Map    

Viafjellet, Førde

Date:
31.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:17h
Distance:
7.6km
Map    

Åvasstinden

Date:
21.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:30h
Distance:
9.3km

Tok av hovedvegen på Vartdal og kjørte opp til Vartdalsetra. Mykje geiter og kyr i veien. Utfordrande å komme forbi. Stod 20 minutt på vei nedatt og venta på at 15 kyr skulle gå utav veien... Frå Vartdalsetra står det skilt som peiker ut retninga til Åvasstinden, men der står også at veien er umerka. Veien gir seg igrunnen sjølv, om en har sett på kartet på forhånd. Det er sti heile veien, men umerka. Turen fortjena å bli gått i eit tempo der ein kan ta inn omgivelsane. Kulissane er majestetiske. Tinderekkene på kvar side av Romedalen, med Molladalstindane som bakteppe gjer landskapet gradvis meir dramatisk for kvar høydemeter ein går. https://www.instagram.com/hornar81/

Map    

Romsdalshorn

Date:
16.08.2024
Characteristic:
Alpine climbing
Duration:
7:30h
Distance:
5.6km

Romsdalshornet er ein av «dei 3 store» i Norge i klatresamanheng, saman med Stetind og Store Skagastølstind. Det 1550 meter høge hornet ruvar over Romsdalen og ser ubestigelig ut frå dei fleste vinklar. Klatringa er forholdsvis enkel, på 3 og 4 tallet for dei som er kjende med graderingar i klatreterminologien, men det er luftig og heftig eksponert. Her er det luft på alle kantar og ein utsikt som ikke lar seg konkurrere med, med Trollveggen på eine sida, Venjetindane på andre og Romsdalseggen, Åndalsnes, havet og elva Rauma som buktar seg ned midt i eventyrlandskapet. Det er steinete, opprevet, grått, grønt, dramatisk og vakkert. Alt på ein gong. https://www.instagram.com/hornar81/

Map    

Fanneskarvarden, Bremanger

Date:
07.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:46h
Distance:
10.3km
Map