Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Veltdalshytta-Billingen

Date:
03.03.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:22h
Distance:
22.5km

Veltdalshytta-Billingen, 22,3km, 10t20m, 2,1km/t. Alle eventyr har ein ende. Dette eventyret endte på aller vakraste vis, med ein lang utmarsj i eit landskap endelaust og kvitt, med strålande sol fra blå himmel og ein skarp kald vind i ryggen. Det å kunne gå i timesvis, ein fot foran den andre, vekkgjøymt bak skibriller og buff inne i ei hette -og tenke på, ja, ingenting faktisk. For min del er det mykje av grunnen til at eg driv med akkurat dette. I ein kvardag så prega av at alt skal gå fort, der ein skal frå det eine til det andre, born, fotball, handball, hus, heim og arbeid… Kombinasjonen av å gjennomføre denne type ekspedisjon, å dele det med likesinna, dei gode samtalane underveis, men samtidig det å legge sivilisasjonen heilt vekk- i meir enn en dag. Det er terapi. https://www.instagram.com/hornar81/

Map    

Torsbu-Veltdalshytta

Date:
02.03.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:13h
Distance:
12.5km

Vi gikk fra Torsbu til Veltdalshytta. Med strålande sol frå blå himmel gjekk vi nordvestover på Tordsvatnet. Ei lang og flat etappe, der ein fikk kjenne på at gårsdagen hadde sett sine spor i kroppen. Men det skal seiast: stølheita forsvann fort i dette eventyrlige landskapet. Endelaust og kvitt, med Karitinden ruvande i bakgrunnen gjekk vi inn på sadelen mellom Veltdalseggi og Litlefjellet, der 180 høgdemeter skulle foreserast. Deretter dreia vi vestover og starta på turen 330 hm nedover mot Veltdalshytta, og dette blei dagens største utfordring. Med dårlig sikt utover dagen etterfulgt av mørket, måtte vi ta på haudelyktene siste timen ned mot hytta. Vi traverserte frem og tilbake og fann teknikker der ein kunne gå sideveis med pulken ståande in mot sida på kroppen. Ein del >>>

Map    

Billingen-Torsbu

Date:
01.03.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:40h
Distance:
18.0km

Luksus er ikkje berre store millionhytter med vinskap og jaccuzzi, der du kan køyre bilen inntil, men også bittesmå trehytter langt til fjells utan verken straum eller innlagt vatn -med millionstjerners utsikt, pappvin og slitne bein. Torsbu er den flottaste hytta eg har vitja. Her er ikkje kabel-tv eller dusj, men dei fire veggane og eit tett tak, som i årevis har stått imot naturkreftene . Inne var det peis og ved, gass å koke på og litt straum lada opp via solpanel. DETTE er luksus etter ein lang dag på tur, der vi fikk kjenne på alt vêrgudane hadde å by på. Varme, eit varmt måltid og senger og sove i, samstundes som vinden piska snøven mot rutene ute i mørket. Meir enn dette kan eg ikkje ynskje meg. Turen frå Billingen til Torsbu er på Ut.no er oppgitt til å være 14,5km >>>

Map    

Merratind

Date:
24.02.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:04h
Distance:
17.2km

Treningstur i forkant av en firedagers tur i tafjordfjella. Drog pulk et godt stykke opp i dalen, men etterlot den før stigninga opp mot toppen av Merratind. Ekstremt mye vind, så krevende å komme helt til topps den dagen. Fraus på når sola gikk ned, og skapte et marerittføre å kjøre ned igjen på, med en mix av isete skare og gjennomslag. En fin tur med jamn og slakk stigning. https://www.instagram.com/hornar81/

Map    

Sandfjellet

Date:
17.02.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
5:00h
Distance:
9.0km

Stryn Toppturfestival dag#3 Sandfjellet Full uttelling siste dag. Snøkava fra dagen før blei fulgt opp av strålande sol fra skyfri himmel- det resulterte i fantastiske pudderforhold i Hånndalen! Parkerte på Raftevollen og gikk jamnt oppover til ca 1000moh. Her er det en naturlig pauseplass, en haug med flott utsikt, der det er perfekt å spise nistepakken! Nokon blei igjen her, imens resten gikk dei siste knappe 200 hm til toppen av Sandfjellet. Noko avlåst desse siste 200 hm, men frå paugeplassen og nedatt var det kremforhold! Skidelen av denne filmen er fra nedkjøringa frå Sandfjellet: https://www.instagram.com/p/C3gJO7eoAfJ/

Map    

Skredfjellet

Date:
16.02.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
5:30h
Distance:
16.0km

Stryn Toppturfestival dag#2 Skredfjellet Vi parkerte på Opheim og gikk veien opp til Hoven langs vegen. Vel oppe på Hoven, tok vi oss tida til ei pause innomhus, med skifte av klær og ei lita øl før vi tok laust vidare mot Skredfjellet. Ekstremt vindfullt i fjellet også denne dagen og føret var avblåst og isete. Vi kjørte etterhvert ned til Opheimsætra, og føret blei på grensa til episk når ein kom ned frå det mest vindpåvirka heilt i toppen. Vi velta oss i pudder noken hundre høydemeter før det etterhvert blei for mykje temperatur og snøven blei tung igjen. Her er tida inkludert en haug med pauser, og også stoppet på Hoven. https://www.instagram.com/p/C3gJO7eoAfJ/

Map    

Gulkoppen

Date:
15.02.2024
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:10h
Distance:
11.2km

Stryn Toppturfestival dag#1 Gullkoppen. Ei perle med start frå hyttefeltet ved skisenteret. Avblåst og isete i toppen denne dagen. Mange kjører ned på østsida inn mot Holevatnet og dette er nok den flotteste nedkjøringa. Vår vurdering denne dagen var at mykje snø hadde blåst av sørflanken og inn i østflanken, så vi valgte å kjøre ned igjen sørflanken, sjølv om forholda der ikkje var allverden. https://www.instagram.com/p/C3gJO7eoAfJ/

Map