Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Storhøi

Date:
01.09.2023

Map    

Hesjabakk - og Kristiansmokøllen

Date:
19.08.2023

Toppane nær Begnadalen er dei lågaste i Valdres, men topografien er ikkje kjedeleg. Etter mykje regn var Muggedøla flaumstor og gjorde vesen av seg. Eg byrja med Hesjabakkøllen, gjekk forbi ein bustad og inn på eit høgstslep som var merka rett på kartkopien. So var det lett å finne rett slep/traktorveg opp mot ryggen. Opp på sjølve toppen er det ein utydeleg sti. Ned att, og klar for Kristiansmokøllen. Mykje brukt tursti til topps. Og her er det godt utsyn over Begnadalen og eit stort, ope og fint topparti. Ned til Tindeekspressen, og ut av Valdres før spådd møkkavèr slo inn.

Map    

Venholhøgda

Date:
18.08.2023
Map    

Tinderekke langt øst i Elverum

Date:
13.08.2023

Jeg tenkte at jeg hadde en 3-4-timers tur i kroppen denne dagen, så den flertoppersturen mellom Elverum og Trysil som så mest tilrettelagt ut, med Høgknøsen som en stolte-tind-bonus, motiverte meg til et par timer på vegnettet, en veg. Pårygga på Espa, skademelding, forsinkelse. OK, det blir ikke mørkt fort enda.

Map    

Høyåsen og Kjørkeliåsen

Date:
11.08.2023

Stoppa en idyllisk plass etter å ha hatt Tindeekspressen på rustforebyggende. Inn mot nord, veg, kjerreveg, traktorslep med hjulspor og mye gras i disse. Jeg var ikke kledd for flått, men det gikk uten bitt og blindpassasjerer. Etter hvert stilaust, litt finere orientering på kotene, så toppen av Kjørkeliåsen. Uten reell utsikt, men åpen, fin skog likevel. Ned igjen, forsiktig av skadeforebyggende grunn. De to små, klare vatna i kulturlandskapet her mellom Halden og Degernes er noe av det jeg tenker på som landskapsmessig flott lengst sør i Østfold. Det var verdt et bilde. Litt asfaltløping, så inn på skogsveg sørover. En sti som var tatt med på mapant-kartet jeg hadde printa, fantes til de grader ikke i den virkelige verden, så det blei merka sti fra vegen i ganske vid bue >>>

Map    

9 primære Trøymsbotn rundt

Date:
28.07.2023

Eg hadde sikla på ein tur rundt Trøymsbotn i årevis, med ulike variantar med omsyn til toppar undervegs. Og det eine året fulgde det andre, utan at eg tykte at vêr og høve passa. Planen var å liggje ved Flyvatnet og ta seg inn på Veslebotnskarvet frå aust. Etter kvart såg eg at ein kunne gjere dette både frå Hemsedalen/Trøym og frå vest. So starta topptursesongen 2023 eigentleg med delvis avrevne leddband og inflammasjon i ankelen. Men han klarte langturtest i Nakkeheimen tidlegare i juli, og yr melde ei sjeldan godvêrslomme ein fredag då eg kunne kombinere dette, Valdres/hytteinspeksjon og vestlandstur same helg Etter ei natt med paradisisk ramme på gourmethotellet Harahorn, utruleg nok til folkeleg pris, var eg klar i 8-tida. Målet var 10 primære tindar, og eg rekna med >>>

Map    

Harahorn

Date:
27.07.2023

Treningstur før middag. Utgpkt. Harahorn Hotell, ca 50 min. opp, 40 ned. Ramneflokk på toppen. Mykje byger i omgjevnaden, men og nokre smakebitar på kor bra utsyn der kan vere frå toppen.

Map    

Brattefjell

Date:
23.07.2023
Duration:
3:49h
Distance:
20.3km

Ferie, heimebasert, og ein lang køyretur til eit superprimært fjell kunne forsvarast. Vêrmeldinga var ok-. Ei eiga stemning innover dei sparsomt befolka lågfjellsdalane i kjernen av Telemark. Frå Åmotsdal til Sudbø var det nytt land for meg. Eg valde å parkere - og betale - der det sto oppslag etter det siste vegkrysset, sjølv om ein annan som klødde seg lenge i hovudet hadde suksess med å køyre mykje lengre inn. Planen var å springe litt i det lette terrenget der det var veg, slik at eg fekk ei kjensle av kva ankelen tolte. Etter nokre hytter og ei bru byrja det å stige markert opp til Sandsetdammen. Utsynet ga typisk Telemarkstemning, med den ekstra kvaliteten som skiftande vêr gir. Frå dammen var det lett å finne stien og enno lettare å finne siktemål i form av Brattefjell.

Map    

Steinbunøse

Date:
20.07.2023

'Måtte' til Leira, og då er ein jo nestan i Hemsedal. Ein ny dag med ambisjon etter kjensle i ankel. Eg valde ein grei topptur nord for Hydalen, på Steinbunøse/Hydalsberget, som gjerne fell utanom dei store rundturane i Hemsedalsfjella. So fekk dei sørlegare Hydalsberga stå der til ein annan gong.

Map    

Austhøe

Date:
19.07.2023

Map