Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Åsnes - kvantitativ tilnærming

Date:
28.08.2022

Map    

Sør for det Sør-Aurdalske låglandet

Date:
21.08.2022

Lågfjellet frå Bagnfjellet og sørover har noko draumande over seg. Små og hissige knutar og store myrområde. Sør for dette ligg eit lite, hyttifisert område som leikar med tregrensa. Parkering på innkjørsel, før bom. Så opp på Skjenfjellet, rett frå nord og gjort på eit kvarter. Gjennom nokre hytteområde, og ein topp til med omlag same tidsforbruk. Ned frå Klypefjellet rota eg meg inn på ein blindsti og fekk nokre høgdemeter med manøvre i bjørk. So kom stien, og det varte til Høgdefjellet med litt veg mellom etappane. Regnbyger, og ikkje storarta utsyn. Men langt der borte, eit mørkt og breidt Synnfjell. Perfekt springeterreng ned att mot nord, før stien kom under tregrensa og vart meir krevjande. Veg gjennom hytteland - ringen slutta.

Map    

Tyin sørvest

Date:
19.08.2022

Passerande på veg vestover-tur, med tidsvindauge begrensa av stengd limtrebru i Vang og omkøyring i trillebårfart. Frå grusa plass ved Tyin og rett opp på sti, tidvis vandalisert av ATV, til Galdstjernet. Vidare på sti opp i tåka til toppen av Galden. Kort og lett, so sjølv med dårleg sikt tenkte eg at det var plass til fleire stolte tindar i tidsbudsjettet. Nordover, omgåande et høgdeparti på vestsida, so ned til tjørnet i passet, litt fotturrute og so sti til topps på Tyinstølnøse. Her var det utsynstavle som syna alt som ikkje kunne sjåast under dei rådande tilhøva. No sto valet mellom siste topp før Tyin dreg vestover, eller den Vesle Galden, som eg hadde sett bort fra då eg gjekk opp fyrste stigninga. Det vart den siste, noko som gjorde at asfaltdelen vart kortare. Likevel >>>

Map    

Høgeloft og Haukefjellet

Date:
05.08.2022
Duration:
4:27h
Distance:
23.1km

Map    

Bak Sikkilsdalshøa

Date:
04.08.2022
Duration:
3:58h
Distance:
17.7km

Map