Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sør for det Sør-Aurdalske låglandet

Date:
21.08.2022

Lågfjellet frå Bagnfjellet og sørover har noko draumande over seg. Små og hissige knutar og store myrområde. Sør for dette ligg eit lite, hyttifisert område som leikar med tregrensa. Parkering på innkjørsel, før bom. Så opp på Skjenfjellet, rett frå nord og gjort på eit kvarter. Gjennom nokre hytteområde, og ein topp til med omlag same tidsforbruk. Ned frå Klypefjellet rota eg meg inn på ein blindsti og fekk nokre høgdemeter med manøvre i bjørk. So kom stien, og det varte til Høgdefjellet med litt veg mellom etappane. Regnbyger, og ikkje storarta utsyn. Men langt der borte, eit mørkt og breidt Synnfjell. Perfekt springeterreng ned att mot nord, før stien kom under tregrensa og vart meir krevjande. Veg gjennom hytteland - ringen slutta.

Map    

Tyin sørvest

Date:
19.08.2022

Passerande på veg vestover-tur, med tidsvindauge begrensa av stengd limtrebru i Vang og omkøyring i trillebårfart. Frå grusa plass ved Tyin og rett opp på sti, tidvis vandalisert av ATV, til Galdstjernet. Vidare på sti opp i tåka til toppen av Galden. Kort og lett, so sjølv med dårleg sikt tenkte eg at det var plass til fleire stolte tindar i tidsbudsjettet. Nordover, omgåande et høgdeparti på vestsida, so ned til tjørnet i passet, litt fotturrute og so sti til topps på Tyinstølnøse. Her var det utsynstavle som syna alt som ikkje kunne sjåast under dei rådande tilhøva. No sto valet mellom siste topp før Tyin dreg vestover, eller den Vesle Galden, som eg hadde sett bort fra då eg gjekk opp fyrste stigninga. Det vart den siste, noko som gjorde at asfaltdelen vart kortare. Likevel >>>

Map    

Høgeloft og Haukefjellet

Date:
05.08.2022
Duration:
4:27h
Distance:
23.1km

Map    

Bak Sikkilsdalshøa

Date:
04.08.2022
Duration:
3:58h
Distance:
17.7km

Map    

Molden

Date:
31.07.2022

Map    

Vest for Bjørnabreen

Date:
29.07.2022

Map    

Kveldstur til toppen av Liabakken og Sopandefjellet

Date:
28.07.2022

Map    

Nummestolane og Rambertinden då godvêret kom til Sogn

Date:
28.07.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:06h
Distance:
21.0km

Sogn skjenka unntaksvêr, Balestrand skein på andre sida av fjorden, og med skurefilla i handa lurte eg på om manglande morgondisiplin og campinghyttevask kom til å påverke dagen. Grønsberg P-lomme, folk på garden og firehjulstrekkar ved bommen. Han hadde hogd ved, og eg var nøgd med å ha vald vegen opp til stølen som start på turen, og ikkje innmarka og stien som skal gå opp frå denne. Det såg ikkje ut som brakkmark, og då skal en halde seg frå å gå over i vekstsesongen. Eg trur og at vegen var eit effektivt vegval. Oppe på stølen kryssa eg mot den store Stuasetbotnen, med imponerande kulisse i bakgrunnen og godt framkommeleg terreng. Etter kvart vart det fleire sauar. Nysgjerrige, og truande til å følgje tinderanglaren langt og lenge. Eg lika ikkje tanken på at dei vart >>>

Map    

Dalavardin

Date:
25.07.2022

Iltransport til Valdres for å køyre opp kjøleskåp til tyske hyttegjestar som såg på seg som prøvekaninar i eit muggforgiftingsforsøk på grunn av tilstanden i det gamle. Då alles gut und schöne Hütte, selbstverständlich sind wir gemütlich, bar det vidare til Etnedalen for å auke eigennytta av dagen. Stadig dårlegare vêr, torevêr i det fjerne då eg var på toppen. Etter kvart møtte eg tora og redda meg til bils med alt elektronisk i lynlåspåse i handa. Køyreturen til Nordsinni om Goaren var meir episk enn treningsturen denne dagen. Regn som ut av ei skyllebøtte, elver i vegen, svart som sein kveld, sikt som i tåke. Softis på Dokka for kontrasten.

Map    

Mellomdistanse pluss

Date:
20.07.2022
Distance:
27.0km

Etter ein etterlengta dag på crag var det tid for å bruke beina på det vanlege viset. Eigentleg sto eit større raid rundt Veslebotnskarvet på programmet, men med ei sprikande vêrmelding vart det Bygdin sør. Her var det Vinjerock, so eg valde å bruke Tyinholmen som utgangspunkt. Opp til Utsikten, som fortener namnet sitt. God sikt, men disig og litt stille før stormen - stemning. Vidare til Skenegge - dagens høgde- og vidt kjend utsiktspunkt, via nordvesttoppen (sjølvstendig). Vidare ga ei fonn god nedstiging, so eg haldt 20-minutt-minus-syklus over til sørausttoppen. No runda eg det lange, rare vatnet, her og etter ein heidundrande glissade på fonn. Fotturstien i nordenden var knapt synleg, og utover mot Drylleberget gjekk det og ein særs svak sti. Toppen er oppstykka, med nokre artige >>>

Map