Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Favourite peaks

Hovdenakken og Løkeberget

Date:
04.08.2025
Characteristic:
Jogging
Duration:
2:10h
Distance:
16.8km

Parkerte på Halsen parkeringslomme, skilta og god sti heilt til Hovdenakken. Truleg fin utsikt, men tett skodde i dag. På veg tilbake tok eg av rett før Hovdenakken Nordvest og prøvde stien mot Hovdenakken parkeringslomme. Derifrå nokre hundre meter på grus tilbake til bilen og vidare på sti i retning Hammarstøylsvatnet (drikkevasskjelde) og demninga. Her følgde eg grusvegen mot Snipsøyrvatnet eit lite stykke nedover før eg tok av på ein svært våt sti som var skilta mot Stornakken og Løkeberget. Forbi Svartevatnet og like før Moldskaret delte stien seg, og da følgde eg stien mot høgre retning Løkeberget. Partiet frå Moldskaret og til toppen var turens kjekkaste parti, og ei positiv overrasking; fin sti, fin rygg og fin helning. Såg ein hare i full fart på toppen, elles >>>

Map    

Heida, Gyrinakken og Røddalshorn

Date:
01.08.2025
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:53h
Distance:
12.8km

Ein skoddetung og regnfull dag i Ytre. Det var skilta mot Gyrinakken og Heida berre nokre meter ut frå start. Fin sti til Heida, men mot Gyrinakken var det kjerreveg med høgt gras og deretter brukbar sti med høgare gras - berre litt klipping som skal til for å gjere denne noko meir forlokkande. Haldt mot sørvest etter toppen (utan sti) og kom inn i ein delvis brukbar sti i ein liten dalformasjon nedover mot den nedlagde gokartbana på Leikong. Mogleg denne stien er meir synleg frå toppen på ein mindre skoddefull dag. Frå Leikongeidet følgde eg asfalten ein drøy kilometer før eg tok av mot Røddalshornet. Merka og god sti til topps, same veg på retur til Leikongvegen. Vidare følgde eg fine grusvegar gjennom lysløypa/Kleppefurene tilbake til bilen.

Map    

Storåsnakken

Date:
21.06.2025
Characteristic:
Jogging
Duration:
0:16h
Distance:
1.4km
Map    

Hesjedalshaugen

Date:
21.06.2025
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:19h
Distance:
7.6km
Map    

Skarphornet og Hornet

Date:
11.06.2025
Characteristic:
Jogging
Duration:
2:00h
Distance:
13.0km
Map    

Kråkhornet

Date:
09.06.2025
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:55h
Distance:
8.2km
Map    

Blåtind og Haddalhornet

Date:
24.05.2025
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:21h
Distance:
7.4km

Turar i Ytre gav meirsmak, og etter flatt bilbatteri tidlegare på dag, var det greit å få testa bilen etter lading. Parkerte ved "Haddal parkeringslomme", ikkje plass til mange bilane her. Fin sti opp Klungsdalen. Like etter Klungsdalsskaret fylgde eg stien vidare austover mot Dyrehornet og Blåtind. Same veg tilbake mot skaret. Her var det fleire mogleheiter for å kome opp på ryggen mot Haddalhornet. Fylgde ei svak rås rundt Klungsdalsskarhaugen og frå ryggen og opp var det god rås. Flott utsikt på toppen! Fylgde vidare eit svakt trakk og tendensar til merking ned ryggen mot "Hammaren". Frå Hammaren og tilbake til parkeringa var det grei sti. Ein fin tur! Saman med peakbooklegende vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) .

Map