Heregga (16.07.2025)
Start point | Herdalen (510m) |
---|---|
Endpoint | Herdalen (510m) |
Characteristic | Hike |
Duration | 5h 55min |
Distance | 16.1km |
Vertical meters | 1,200m |
Map |
![]() |
Ascents | Heregga (1,557m) | 16.07.2025 |
---|---|---|
Heregga søre (1,545m) | 16.07.2025 | |
Visits of other PBEs | Herdalen parkering (510m) | 16.07.2025 |
Herdalsvegen (120m) | 16.07.2025 |
Dag 2 av "basecamp Valldal" med VON. Planen var eigentleg ei runde via Kallskarsætra, men då vi køyrde fram til Herdalen parkering for å sondere litt, vart det freistande å ta sikte på Herdalsegga. Toppen ser røff ut frå parkeringa, men er heilt utan vanskelege element. Bratt sti oppover mot Nørdre Herdalen. Eit par plassar på veg opp og vidare inn dalen følgde vi nokre dyretrakk som endte i ingenting, og det anbefalast å følgje merkinga her, som eigentleg er god!
Flott innover dalen, og vi følgde skiltinga mot Heregga oppe på skaret der motsett veg var skilta mot Kaldhusseter. Nokså seig ur og brei rygg vidare til topps. Ei vakker utsikt på toppen, spesielt mot Torvløysa og Kupenibba! Er nok fleire vegar som kunne ført raskare opp, og på veg ned igjen tok vi difor ei meir direkte rute mot vatnet på 1037 moh og følgde råsa vidare tilbake til denne idylliske sætra med hestar, geiter (og moglegheit for rømegraut mellom 12.00 og 16.00).
User comments