Rundt Langhorndalen (14.07.2025)  4


Start point Årsetsætra p-plass (512m)
Endpoint Årsetsætra p-plass (512m)
Characteristic Hillwalk
Distance 11.2km
Vertical meters 1,220m
Map
Ascents Dukhornet Nordvest (1,234m) 14.07.2025
Dukhornet nord for (1,153m) 14.07.2025
Langhornet (1,233m) 14.07.2025
Tuva (1,087m) 14.07.2025
Visits of other PBEs Årsetsætra p-plass (500m) 14.07.2025

Ei flott runde med flott utsikt heile vegen. Vi følgde den gode stien i retning Kvamsetdalen, men tok av til høgre mellom fjellvatna. Vegen til Tuva gav seg sjølv og der var også nokre vardar å sikte etter. Fin utsikt på denne lille toppen. Planen var å gå nedom Langhorndalen, men "Dukhornet nord for" såg freistande ut. Vi gjekk bratt ned i skaret og bratt opp til denne fortoppen. Vakkert skue og naturleg matpause her.

Vi følgde ryggen 50 meter oppover før vi skar inn i sida og opp på egga mellom Dukhornet og Dukhornet Nordvest. Lettgått bortover egga, men litt klivring siste bit mot Dukhornet Nordvest, og eg synes det var hyggelig at underlaget var tørt her. Egga vidare til Langhornet var svært fin og det var kanskje ei tabbe å ikkje gjere eit forsøk mot Kubben. Bratt grasbakke ned frå Langhornet, det vert nok ein skitur neste gong denne skal vitjast. Etter ein forlokkande dukkert i Trollvatnet følgde vi venstre side av elva nedover og fekk berre nokre meter med kratt på tampen. Totalt sett ein deilig tur i 30 grader og sol! Saman med Svein-Even og Stine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.