Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sogndal: Skredfjellet og Middagshaugen

Date:
17.03.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:47h
Distance:
11.0km

Turmål for dagen var liksom ikkje heilt bestemt. Vi kjøyrde frå Lote i godt ver i god tru. Frå Skei og innover mot Søgnesand var det ein lei vind og snødrev velta ned frå breane. Likare vart det ikkje når vi kom til Fjærland. Ein liten tur gjennom Frudalstunnellen for å konstatere at noko tur til Frudalshesten/Skjerdingane utgjekk. Tilbake gjennom tunnellen og parkerte på Berge. Eit anna par skulle i same retning og her hadde vore folk dagen før kunne dei fortelle. Kanskje var det muleg med Steindalseggi/Steindalsbreen. I stikrysset før Fjellstølen ga vi oss på dette og gjekk nordover mot Middagshaugen. Opp på ryggen og ein liten avstikkar til Skredfjellet. Vidare lett langs ryggen til Middagshaugen 1030. Mykje lei vind. Kanskje hadde det gått til 1500 meter om vi hadde satsa >>>

Map    

Eid: Svartegga

Date:
16.03.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:30h
Distance:
9.6km
Map    

Eid: Svartegga

Date:
13.03.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:30h
Distance:
9.0km
Map    

Førde/Naustdal: Kupefjellet, Klokkarhuva og Strupen

Date:
10.03.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Vi starta turen lengst inne i Angedalen. Kjøyrde til Botnen, på isete og dårleg vei 50 m forbi siste bebodde hus. Her er det parkering og infotavle for Naustdal og Gjengedal landskapsvernområde. Transportetappe over Botnavatnet. Tok nordover vest for elva mot Juvbotnen. Ca 300 bratte høgdemeter med skog og dårleg skiterreng. Vidare sørover mot pkt 898 og ryggen opp til Klokkarhuva. Enorm utsikt i alle retningar, Snønipa, Gjegnen, øyar utanfor Florø osv. Vidare lett til Kupefjellet -> Skruklefjellet -> Strupen. Kroksleiven konstaterte på siste topp brudd på bindingen. Tverrstaget over tåa var øydelagt, eit velkjent problem på Voile Switchbackbindingen. Har nesten mista trua på denne no, 3. gang dette skjer i vårt lille turlag. Det vart parallellsvingar på han nedover, >>>

Map    

Førde/Naustdal: Krunene, Blåfjellet og Høgefjellet

Date:
09.03.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Denne turen vart lenger enn forventa, og meir tidkrevande. Mykje isete parti og kronglete veivalg. Kom frå Førde og tok av på Tjørnaland skilta mot Brunene....sto at dette var bomvei, men ikkje betaling dersom ein skulle berre til gardstuna....ok vi skulle dit. Då vi kom tilbake etter turen var det oppmoding om betaling på frontruta. Ingen problem, vi betalte 40 kr på retur. Turen frå gardane på ca 200 moh gjekk mot Tjørnalandsstøylane langs skogsvei og røyrgate. Tok av mot Tjønnafjell 688. Lettgåt mot Krunene men etter kvart isete parti. Ei dame på fjellski måtte gi seg på ca 900 m. Krunene -> Andersskaret -> Blåfjellet, mykje is og trasig skiføre. Vi var dei første som skreiv oss i boka på Blåfjellet i 2013. Vestover til Smådalsnipa 930. Her hadde det vore besøk >>>

Map    

Oppdal/Sunndal: Gråhøa og Oppdalshøa

Date:
05.03.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:00h
Distance:
13.3km

Etter tips frå JoSo kjøyrde vi til garden Bekken. Hadde ein meeeeeeget kort samtale med grunneigar om parkering, kom vi oss avgarde ca 1200. Gjekk bratt rett opp skauen i tung laussnø (eller pudder som mange ville kalla det). Frykta at dette ville bli ein tung tur, men rett oppom skoggrensa var det avblåst og lett å gå. Gjekk først til Gråhøa for å kunne nytte lange slake gliparti mot Oppdalshøa og på returen. Vekslande ver med ein del vind i høgda. Ok nedkjøyringssnø frå skoggrensa. Denne turen er nok flott med gode snøforhold. Er ein interessert i nedkjøyringa bør ein ta Gråhøa til slutt.

Map    

Meldal: Resfjellet

Date:
04.03.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:15h
Distance:
11.0km

Vi kom frå Meldal, tok av mot Resvatnet. Mykje nedbør og stor snøsmelting i Trøndelag. Parkerte på Kåsan 475 moh. Måtte spa oss igjennom brøytekantane for å komme inn på parkeringsplassen. Vinden tok godt i bjørkeskauen langs veien og noko topp var ikkje å sjå. Trakka i vei mens Lise holdt auge med GPS-klokka si. Etter kvart vart sikta dårleg og vinden auka på. 200 høgdemeter/ ca 1,2 km frå toppen var det rett utriveleg. Hardt og avblåst. I tillegg løsna den eine fella til Lise. Geckofeller, limfrie, best i test UTE 2012. Etter vår vurdering ubrukelege. Silikonbelegget heng så fast i skia at det løsnar frå fellene, spesielt under foten der trykket er størst. Parkerte skia og gjekk med stavar og sekk mot toppen. Enorm glede då vi plutseleg såg varden. Var såpass le >>>

Map    

Eid/Stryn: Glitteregga

Date:
24.02.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map     3 comments

Stryn/Gloppen: Blåfjellet, Storlogpiken og Tverrfjellet

Date:
23.02.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Map    

Gaular: Kvamshesten og vest for Litlehesten

Date:
22.02.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Vakna i Førde til nok ein kanondag i Sunnfjord. Kjøyrde til Bygstad. Ein eldre pratsom og hjelpsom kar var imøtekommande og kom med forslag til kvar eg skulle starte. Parkerte på Bruahaugen, fulgte skogsvei austover før eg tok av nordover langs merka sti til Kvamsstøylen. Ein del skog og hard humpete snø, gjorde meg mine tankar om ein interessant retur. Kort bananpause på Kvamsstøylen. Rett før Kvamsskaret tok eg til høgre, eller austover, opp ei renne mot toppen Vest for Litlehesten 930. Herifrå var det ca 2 km kupert, lite eigna skiterreng vestover til skaret nordvest for Seltuftevatnet. Hardt og lettgått vidare til ryggen mot Kvamshesten. Satte igjen skia på ca 1100 m og gjekk med stavar ryggen 4-500 meter austover til toppen. Stille og fint, storslagen utsikt. Grei nedkjøyring >>>

Map