Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Lom: Frå Loftet til Skagsnebb

Date:
30.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:30h
Distance:
18.5km
Map    

Haram: Hellandshornet, Storfjellet, Urfjellet og Øygardsheia

Date:
26.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h
Distance:
23.0km
Map     1 comment

Midsund: 7x pf 100, komplett liste!

Date:
25.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:27h
Distance:
23.3km

Kom frå turar til Harøyburet/Æafjellet og hadde tenkt å overnatte hos ein studiekamerat i Brattvåg og ta Midsund dei 2 neste dagane. Været var blitt meget bra utover ettermiddagen og beina kribla etter å trakke litt seriøst til etter ein sløvedag som starta med kajakktur til Svinøya i Ålesund + desse 2 lave øytoppane. Kunne det være muleg å rafse over heile Midsund på ei kveldsykt og dagen etter? Eigentleg er eg ikkje så glad i desse dagane der ein går åleine og pressar på for å rekke ditt og datt, men ein gang av og til blir det berre slik. Tok ein tlf til kameraten og ferja direkte vidare til Dryna. Tur 1: Kom til Dryna 1810, la i vei 5 min seinare. Fulgte vei oppover eit stykke før eg tok rett opp mot ryggen. Enkelt vidare til Drynjahatten. Tur 2: Parkerte på høgste >>>

Map    

Os/Tolga: Kremtopp Thommesen? Javel?

Date:
16.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:36h
Distance:
11.0km

Vi kom frå teltovernatting ved Follandsvagen etter storturen til Store Sølnkletten mm Alvdal: Store Sølnkletten, Spisskletten og Veslsølnkletten . På vei til Trondheim såg vi etter ein enkel topp med ein viss samleverdi. Valget falt på Gråhøgda, pf over 600, det får holde. Vel ikkje det mest spennande namnet, definitivt ikkje i Finefjellnamn-lista. Kjøyrde opp byggefeltet/boligfeltet sør for Os. (Eller hyttefelt som nokon vil kalle det). Her møtte vi ein særdeles pratsom og hjelpsom kar. Han meinte vi var på heilt feil plass og tilbaud seg å kjøyre foran oss mot Narjordet der bomveien startar oppover. Ikkje enkelt å finne fram meinte han. Vi takka og bukka og han insisterte veldig på dette. Makan til hjelpsomme og blide folk i dette området! Vi skilde lag ved betalingsbommen og han ønskte oss god tur. Kjøyrde til ca 870 meter der >>>

Map    

Alvdal: Store Sølnkletten, Spisskletten og Veslsølnkletten

Date:
15.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h
Distance:
20.3km

Vi kom frå teltovernatting ved Tronsvangene. Kjøyrde til Follandsvangen og parkerte der på tilvist parkering. Fulgte merka sti mot Breisjøseter, etter kvart såg vi stien oppover mot topp 1690. Det heile sa seg veldig sjølv, ikkje noko vanskelege valg her. Vi såg eit turfølge eit godt stykke foran oss. Då vi møtte på dei viste det seg å være ein meget lystig gjeng frå Sparebank1 Hedmark. Dei dreiv med såkalla teambuilding. På Store Sølnkletten var det fotografering med stort flagg. Vi fekk utdelt sitteplater og godt drikke som takk for hjelpa med fotograferinga. Turleiar for gruppa hadde mykje morro å fortelje om litt av kvart. Når det kom til namn på toppar var det delvis oppklarande. Toppen Sølnkletten Store Vest 1690 har namnet Spisskletten eller Veslsølnkletten. Sidan >>>

Map    

Alvdal/Tynset: Tron

Date:
14.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:06h
Distance:
13.2km

Vi kom til Alvdal fredag ettermiddag til ei turhelg i for oss eit heilt nytt område. På vei til Tronsvangene stoppa vi innom Spar i Alvdal. Her gjekk det ikkje lenge før 4-5 av damene som jobba der hadde sagt hei til oss. Ein gammal krok med glimt i auga prøvde seg på ein flørt med Lise i kassakøa. Ja her følte vi oss velkomne! Etter handlerunda kjøyrde vi til Tronsvangene. Parkerte der og gjekk mot Tron. Tok av veien og gjekk den fine stien langs ryggen oppover. Tørrt og fint å gå, ingen grunn til å gå veien her! (eller kjøyre!!!). Gjekk først på Sørkletten, så vidare inn på veien igjen. Frå bua på 1340 moh vart veien mykje dårlegare. Vekslande veir på toppane, litt nedbør og skoddedottar som kom og gjekk. Retur ca same ruta. Slo leir ovafor Tronsvangene i eit etterkvart >>>

Map    

Skjåk: Heggebotthovden

Date:
13.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:39h
Distance:
9.6km

Vi parkerte omtrent midt på Heggebottvatnet. God parkeringsplass mellom elva og vatnet. Nasjonalparkkiosk med elgburger på menyen, men såg forholdsvis stengt ut. Bobilturistane på parkeringa fekk feite seg opp på anna kost. Vest for elva er det merka Heggebottsætri og Heggebottflyi. Vi gjekk veien til sætra, der står det merka til flyi. Muleg andre variantar kan være aktuelle men denne var iallefall veldig enkel og grei. God sti innover mot Heggebottflyi. Tok etter kvart av frå stien og kryssa elva. Kom til toppen frå nordvest. Såg nordover til Stamåhjulet og Skarvedalseggen som vi var på skitur til før i år. Skjåk/Lesja: Stamåhjulet og Skarvedalseggen Enkelt og greitt, tok same vei nedover igjen. Ein lett og fin tur om ein treng å strekkje på føtene før eller etter Strynefjellet.

Map    

Eid: Lotsbergnibba

Date:
12.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Eid: Trolledalsegga

Date:
04.06.2013
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Hareid/Ulstein: Storebroren pf 50 komplett

Date:
23.05.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:30h
Distance:
29.0km

Hadde målt fram og tilbake på kartet før denne turen. Planen var å ta alle toppar nord på Hareidlandet i ein tur, oppunder 3 mil. Enda opp på denne rekkefølgja: Brørevatnet -> Smørkinna -> Skolma -> Grøthornet -> Signalhornet -> Sneldelida -> Tørlingeskaret -> Holstadhornet -> Skafjellet -> Mosvarden -> Bjørnenakken -> Kiberget -> Breifjellet -> Breidfjellet -> Sarshornet -> Storebroren -> Brørevatnet. Då eg kom til Ulsteinvik låg skodda ned på toppane ut mot havet. Kjøpte kart (hadde eigentleg tenkt å gå utan). Kart og kompass kom vel med undervegs. Papirkart Ålesund 1119-1 rimeleg til salgs om noko er interessert. Kjøyrde til Flø, ein artig plass med Moods of Norway-butikk og mange spesielle bolighus. Betalte bomavgift 50 >>>

Map