Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (11)
-
Climbing (6)
- Alpine climbing (6)
- Other trip (34)
-
Other winter trip (4)
- Snowshoe trip (4)
-
Ski trip (539)
- Backcountry skiing (170)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (363)
-
Trip by foot (1975)
- Alpine trip (1)
- Hike (608)
- Hillwalk (1263)
- Jogging (5)
- Walk (9)
Peakbook-Friends
Favourite trips
- Sarek: 12 dagar villmark 2008
- Stryn: Argaste toppen i Nordfjord
- Finnmark: Laksefjordvidda 2009
- Norddal/Rauma: Grønningsæter -> Grønningsæter
- Surnadal: Naustådalen og Neådalen
- Stryn/Luster: Brenibba, Kjenndalskruna og
- Norddal: Aktivitetsveke, dag 3
- Nesset/Sunndal: Toppar aust for Eikesdalsvatnet
- Nesset/Rauma: Hoemtinden, Hauduken og litt til
- Sunndal: Somrungnebber
Favourite peaks
Surnadal: Storhaugen
- Date:
- 23.04.2015
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:19h
- Distance:
- 5.0km
Ein spesielt ruskete dag, resultat vart ein trimtur i Todalen. Kjøyrde til Todalshytta og rett forbi, der er det parkering og skilting til Storhaugen. Ein kan velje 2 ruter. Tjukke snøbyger og mykje vind, vi pakka oss godt inn. Gjekk over ei mark og vidare langs skogsveiar til vi tok av opp ein god sti. Stien gjekk til nokre benkar ved eit utsiktspunkt. Dette var imidlertid ikkje høgaste punktet. Det låg litt lenger bakpå, vi gjorde det vi kunne for å finne høgaste tua.
Tingvoll/Sunndal: Mulvikknuken
- Date:
- 22.04.2015
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 4.9km
Ein av naboane i Todalen var litt bekymra for oss, det var meldt full storm i fylket. Vel vi la no ut på tur. Kjøyrde til Mulvika sør for Ålvundfjorden. Prata med ein eldre kar der, han kunne fortelje oss at vi kunne kjøyre eit godt stykke oppover veien. Parkerte før ei bru. Gjekk til høgre over brua og mot ein velteplass. Fulgte skogsvei oppover og tok av til høgre på den nest siste stubben som går austover. Gjekk denne til ende og bratt opp gjennom eit granfelt. Vidare oppover var det åpen fin skog og lett å gå. Kassa til "Tingvollturen" låg tom og forlatt på toppen, utan innhald. Bra vind på toppen, berre å komme seg kjappt nedom kanten, i skogen var det le og koseleg å være. Vidare mot Ålvundeid og Gjersvollhaugen for meg, Fjellhaugen og Peknuken for Lise. >>>
Rindal: Duvåsen
- Date:
- 20.04.2015
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:00h
- Distance:
- 3.0km
I dag skulle Lise gå turen eg gjekk i går, Snøfjellet og Skjerdingen. Vinjar og eg overlatt til oss sjølve. Leita fram argaste plankane i utstyrskaoset og fella dei opp. Her skulle jr få svinga seg. Kjøyrde opp Surnadalen og tok av på Folddalsvegen. 60 kr som kan betalast anten cash eller med kort. Parkerte rett sør for Duvåsen, der ein liten veistubb startar. Valget vart høge fjellsko. Snøen oppover var flekkvis og det gjekk no på eit vis. Gjekk rett mot masta, prøvde finne bare flekkar. Vinjar skratta mest når eg gjekk igjennom til opp i balljane eller når grankvistene sopa over bæremeisen. Retur same vegen, kjøyrde opp til demninga der det vart lunch og klargjering for telemarktur med bæremeis.
Aure: Hisåsen
- Date:
- 16.04.2015
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:45h
- Distance:
- 2.6km
Kom til Grisvågøya, ein fredens plett i utkant-Norge. Kjøyrde til Bugen og parkerte ved nokre postkasser aust for der traktorveien oppover startar. Gjekk gjennom tunet og forbi diverse skrot og skraml. Fulgte veien oppover til vi kom opp på høgda. 2 campingvogner som gav inntrykk av at eigaren hadde gitt opp campinglivet, samt mykje gode landbruksmaskiner som står ute heile året møtte oss her. Vi fann ikkje den raudmerka stien med ein gong, men den starta bak dei 3 Kverneland avlessarvognene som stod der. På høgre sida av den lisje marka. Når vi først fann ruta var det lett til topps. Kasse og bok på toppen.
Aure: Bjørnskardliknubben
- Date:
- 16.04.2015
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:45h
- Distance:
- 6.7km
Iløpet av natta hadde det regna enormt og terrenget var så vått som det kan bli. Heldigvis var det opplett når vi kom fram til Dragseidet/Melland. Her er det skilta Knubben. den korte veistubben innover sør for Torelva er nygrusa og her er det fint å parkere. Flatt terreng innover på sti/gammal traktorvei. Etter kvart brattnar det til mot Mellandssetra. Svært god sti og lett å finne fram. Ruta går austover på ein rygg før ein kryssar elva og nordover mot toppunktet. Fin og lett rute som kan anbefalast. Nysnø på toppen, men nedbøren slapp vi heile turen. Retur samme veien, vidare mot Grisvågøya og den enorme Hisåsen.
Aure: Bergsfjellet, Rostolen og Pikfjellet
- Date:
- 15.04.2015
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 3:06h
- Distance:
- 11.6km
Vi handla i Aure sentrum før vi starta dagen. Lise fekk bekrefta at nærmaste Vinmonopol er Kyrksæterøra! Kjøyrde til Løfall der vi fann parkeringsplass på venstre side rett før elva. Skilt om Skogbrann der stien startar. Vel, dagens ver gjorde oss ganske sikkre på at det skulle vi sleppe. Vi kosa oss litt i bilen med kaffe og mat før vi tok laust. Ei jæklige snøbyge kom deisande og motivasjonen fekk seg ein knekk. Ei lokal trimdame som kom frå Bergsfjellet kunne fortelje at det var greitt oppover, men noko vått. Ok, vi satsa iallefall på Bergsfjellet. Det er svært god sti oppover, lett å finne fram. Stien delar seg ved Bergsvatnet. Lett til topps over myrar og våte parti. Kasse og bok på toppen. Retur samme vei, men vi tok ein shortcut rett mot Bergssetra. Her er det merka >>>


