Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rindal: Nonsfjellet

Date:
18.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
2:04h
Distance:
8.5km

Kjøyrde den lange bomvegen til Kårøyan. Kr 40, 10 km. Har vel ikkje lest meg godt nok opp, for her var det til mi store overrasking fastbuande. Snakka med bonden sjølv om litt av kvart. Vi var eininge om mykje, som feks at å reise sørom Otta er heilt meiningslaust. Men står det om liv og helse kunne ein forsvare ein tur til Oslo. Forklarte kva ærend eg var i og diskuterte litt Nonsfjellet. Veret var surt og skodda hang godt nedpå. Pakka godt og tok med nymotens orienteringsverkty. Gjekk gjennom tunet og kom til tidenes skrotsamling. Gamle Scania lastebilar, eit beltegåande vesen som låg på sida, ein enorm betongblandar, fleire store tankar på mangfoldige tusen liter og mykje anna rusta skraml. Minte om ei krigssone ein kan sjå frå fjerne strøk på fjernsyn. Hadde ein ide om >>>

Map    

Rindal: Tuva

Date:
17.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:21h
Distance:
6.0km

Vi kom til Fossdalen kvelden før, og fekk Gråurfjellet som 2 soloturar utan Vinjar. Overnatta ved det store skiltet "Rindal Bygdemuseum". Her var det veldig roleg og fint å stå. Etter frokost kjøyrde vi inn dalen til veidele ved Stormyra. Parkerte på stor og fin parkeringsplass. Gjekk veien vidare nordover mot Møkkelgardsetra og tok av til høgre austover nokre myrete parti. Etter kvart svinga stien av meir i retning Tuva. Denne ruta er merka og det er lett å finne fram. Vinjar sov godt på toppen. Vi hadde ikkje behov for noko voldsom matpause, så snudde snart nedover igjen. Såg over mot Ruten. Var ikkje klar over at vi faktisk skulle kome oss på den toppen i dag, men det gjekk radig unna utover ettermiddagen. Lise og Vinjar kjøyrde bubilen til Lomundsjøen og venta medan >>>

Map    

Rindal: Byåsen

Date:
17.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
0:27h
Distance:
2.5km

Ny info pr 10.05.16: Med bedre kart er det no ny høgde på Åsen lenger aust. Den har høgde 427. Skaret er aust for Langvatnet 321. Åsen er dermed ny pf 100 i M&R, primærfaktor 106 m. Parkerte på Engli og gjekk veien oppover forbi nokre oksar som studerte meg nøye. Gjekk forbi dei dyrka markene og kom til ein vei som gjekk til venstre. Den er ikkje innteikna på kartet. Når eg kom opp til ei myr svinga den til venstre igjen, men her tok eg av og gjekk mot toppunktet. Ikkje vanskeleg å finne. Trigpkt som var festa til ei gran låg velta overende. Nokon hadde saga ned grana og heile sulamitten. Litt av eit påfunn. Retur samma vegen. Vurderte å sjekke ut punktet aust for Langvatnet med tanke på om denne kan være 100 meter. Droppa det når eg såg landbruksområdet der. Kva ville >>>

Map    

Rindal: Vettåsen

Date:
16.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
0:39h
Distance:
2.5km

Vi overnatta ikkje langt frå der stien til Tifjellet startar, i Furuhaugmarka. Starta dagen med ein kjappis rett etter frukost. Lise og Vinjar slappa av i bobilen medan eg kjøyrde til Grønlivatnet igjen og tok av opp Grønlivegen. Etter nokre hundre meter delte veien seg, eg holdt fram til venstre på dårleg vei, ikkje for vanlege bilar. Parkerte ved den store dyrka marka og såg masta på Vettåsen ein dryg km lenger vest. Labba over myrane til toppen. Her var det til all overrasking kasse med bok som vart signert. Eit trakk kom opp frå andre sida, men veit ikkje kvar det starta. Returnerte sånn ca der eg kom. Neste prosjekt Snausstabben, ein lang trilletur.

Map    

Rindal/Meldal: Snausstabben

Date:
16.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
3:19h
Distance:
12.0km

Vi parkerte ved bommen. Oljefata som ein annan peakbooker velta i forbannelse ein gong i tida var reiste opp igjen. Vi lalla Vinjar i vogna og trilla innover, bæremeisen på ryggen. Guten slokna kjappt og sov dei 5 kilometerane inn til Snausvatnet. Veien innover er veldig god, det har blitt lagt ned mykje arbeid her siste året sa ein kar vi snakka med. Fint trillever, men når vi kom inn dit kom det sjølvsagt ei byge. Vi tok oss den frihet å søke ly under eit tak ved ei hytte. Kosa oss med mat og kaffi. Byga passerte kjappt og vi lasta guten i bæremeisen. Lett og kort etappe til toppen. Kasse med bok festa til trigpkt, vart signert som vanleg. Ein del besøk på denne toppen. Må no vel for det meste være hyttefolk i området? Såg over til Tifjellet som vi var på kvelden før i utriveleg >>>

Map    

Surnadal: Berggrova, Fagerfjellet og Råslættkammen

Date:
14.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
2:53h
Distance:
10.6km

Betalte kr 70 for Vestre Nordmarksvegen. Kjøyrde 17 km på grusveg til demninga ved Litlbøvervatnet. Lise og Vinjar var med på alle 3. Tur 1: Gjekk over demninga og rett opp ein liten rygg. Her var det eit trakk vi fulgte ei stund før det vart over stokk og stein til høgste punkt. Dvs det er 2 aktuelle toppunkt. Der trigpunkt står, og eit 50-60 meter lenger nord. Snøbyger og surt, sol i neste øyeblikk. Akkurat på toppen var det fint. 230 hm/5,1 km/1 time 15 minutt Tur 2: Parkerte på veiens høgste punkt rett aust for toppen. Her startar eit trakk som går til Fagerfjellet. Ikkje heilt lett å følgje og vi mista det ca halvveis ved nokre myrparti. Lett til høgste punkt som ikkje var markert. Varde med bok ca 100 m søraust for toppunktet. Bra ver. 115hm/3,2 km/51 minutt Tur 3: Parkerte >>>

Map    

Eid: Åsane, ytre, øvre

Date:
05.06.2015
Characteristic:
Hike
Map    

Aure: Takk og farvel, pf 100 komplett!

Date:
03.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
2:12h
Distance:
8.5km

Finaledag i Aure. Vakna på parkeringa på Klakkan til ein sur dag. Vart 2 soloturar dette sidan veret var dårleg og toppane/terrenget ikkje all verden å væte seg ut for Vinjar og Lise. Tur 1: Kjøyrde til parkering nord for Sæterelva. Her er det merka Sandvasstien. Denne fulgte eg nokre hundre meter før eg tok av langs åpne parti med delvis bart fjell oppunder hammarane rundt 400 moh. Krongla meg oppover i ulendt terreng og etterkvart flatt bortover til grensepunktet 592. Det er usikkert om dette er høgste punktet på fjellet. Eit punkt ca 275 m lenger vest (søraust for det lissje vatnet) målte eg til same høgde (5m koter på kartet). Finn ikkje høgder på desse på karta. Legg inn Svarthammaren med 592m/pf 15m enn så lenge. Grensepunktet som hovudtopp. Retur samme veien etter >>>

Map     2 comments

Aure: Melakammen

Date:
25.05.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
0:45h
Distance:
2.5km
Map    

Aure: Rognfjellet

Date:
24.05.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:23h
Distance:
4.8km
Map