Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sel: Ranglarhøe

Date:
15.07.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
1:00h
Distance:
3.3km

https://peakbook.org/ligroenb/tour/316892/Ranglarhøe%2C+en+liten+luftetur.html Eg hadde vært på Rondslottet, Vinjeronden, Storronden og Rondvasshøgde. På sykkelturen til Mysuseter der Lise og Vinjar venta, tok eg denne vesle turen. Lise og Vinjar var der tidlegare på dag.

Map    

Rondane: Rondslottet, Storronden og Rondvasshøgde

Date:
15.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:51h
Distance:
22.7km
Map    

Vågå: Storhøe og Brånåhøe

Date:
13.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:19h
Distance:
12.3km

https://peakbook.org/ligroenb/tour/316535/Vågå:+Brånåhøe+og+Storhøe.html

Map    

Gaular: Storfjellet og Pernova

Date:
09.07.2019
Characteristic:
Hillwalk

Sogn og Fjordane pf 100 607/1169 Vi kjøyrde bomveg mot Vindheimsvatnet, kr 40 som betalast kontant eller til kontonummer. I eit veidele rett før Vindheimsvatnet kunne vi sjå eit skilt med Storfjellet. Svinga til høgre og parkerte før ei grind og hyttefeltet. Kvar denne stien starta var ikkje muleg å finne ut av, vi fulgte veien til endes og gjekk mot Storfjellet. Ingen vanskar eller meir tidkrevande enn å følgje stien, men det fann vi ikkje ut før på returen. Mot toppen kom vi inn på raudmerkinga. Kasse og bok på toppen. Gjekk austover ned Skardbakkane til skaret mellom Storfjellet og Pernova. Der var det raudmerka, og vi trudde at den som gjekk opp på austsida gjekk til Pernova. Men det gjorde den ikkje. Vi gjekk oppå nokre hammrar og mot Trollebotnen. Her var det berre dyretrakk, >>>

Map    

Gaular: 2000-jubileum

Date:
08.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h
Distance:
22.6km

Vi hadde 2 bilar til dette prosjektet , og planen var å dele oss etterkvart. Parkerte den eine bilen på Fyling/Følling etter avtale med grunneigar. Kjøyrde så til Oppedal der det er bomveg Oppedal-Stølsdalen kr 50 som betalast kontant. No hadde vi ikkje nok pengar men Vippsa til naboen som skulle legge 50 kr i kassa. Veien oppover er eit kapittel for seg sjølv. Her må du ha 4x4 og god bakkeklaring. Store steinar stakk opp her og der så noko senka BMW passar ikkje her. Etter støylen ser vi veien som er skoten inn i fjellsida. Vi kjøyrde sakte oppover, passerte ei stor steinblokk som låg midt uti veien, og over pukka parti som i tillegg var veldig smale. Ingen sikring mot stupet. Fyflate for ein vei! Må innrømme at dette var heftige greier. Snudde bilen og parkerte på 930 moh. >>>

Map     1 comment

Flora: Haukåbøra og Gløsen (S&F nr 600)

Date:
07.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:47h
Distance:
17.2km

Miljøvennleg friluftsliv kan vi vel ikke kalle dette sidan vi kjøyrde 3 bilar frå Nordfjord til Norddalsfjorden. Torleiv skulle heim, Kjetil skulle til Førde og eg skulle være eit par dagar lenger i Sunnfjord. Men dette ga muligheter for ein rundtur. Sette igjen 2 bilar i krysset til Norddalsfjorden og kjøyrde inn til gravlunden. Fulgte traktorveien innover og tok av mot Øyrelægda. Denne hylla/lægda er veldig lett å gå. Mykje bart fjell med enorm friksjon. Fann eit punkt opp frå denne lægda til søraustryggen som fører til Gløsen. Så vidare til Litlebøra og vidare mot Haukåbøra inn på den merka ruta. Flott dag på toppen. Den kriminelle aktiviteten på Guleslettene er alt synleg i form av veiar. Ubegripeleg at det skal være lov i dag å øydelegge eit slikt særprega landskap >>>

Map    

Flora: Egga

Date:
25.06.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:36h
Distance:
3.2km

Denne ruta hadde eg ikkje våga meg på utan GPS-sporet til agnar. Takk for den! Skogsveien innover var veldig god å kjøyre, og stor parkeringsplass ved veis ende. Her stod det ei hjortekolle og glodde på meg. Ja dette er bukkemark! Leita meg oppgjennom lia, eit par bratte punkt men ikkje noko styggt eller krevande. Berre å bruke god tid og vurdere litt veivalga. Nokre hjortetrakk som eg følgde i korte parti. Fin utsikt frå denne forholdsvis lave toppen. Hissig bruka av GPS på returen. Ikkje noko poeng å prøve andre ruter. Vidare til dagens andre, Kletten 211.

Map    

Flora: Kletten

Date:
25.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
1:02h
Distance:
4.1km

Parkeringsplass/snuplass ved veis ende i Kalsvika. Rimeleg dødt og ikkje folk å sjå. Så er det skogsvei langt innover til ca 140 moh. Eg tok av litt for tidleg, hadde eg gått 20 meter til på veien hadde eg kanskje funne stien som tar av der. Ikkje merka. Stien er grei å følgje, men ikkje veldig nedtrakka. Fulgte denne på returen. Glei og datt på nokre knattar på returen. Fekk det i underarma og hofta. Var både svimmel og kvalm, men kom meg avgarde igjen. Ja det kan like gjerne være på korte turar at ulukka er ute!

Map    

Flora: Ørnehaugen

Date:
24.06.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
0:51h
Distance:
2.4km

Eg var ikkje motivert for å ta denne toppen frå aust, noko som blir 5-5,5 km. Parkerte ved elva ved Firda Seafood og sikta meg inn på kneika opp der. Her var det kratt og høgt gras første meterane, men når eg kom opp i skogen ordna det seg rimeleg greitt. Ein del hjortetrakk, litt einerkratt og så var ein forbi det værste. Desidert den kjappaste ruta til denne toppen. Bra utsikt nordover mot Fessevatnet, Plogen, Haukåbøra, Maritind og Saga.

Map    

Flora: Blåfjell

Date:
24.06.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:08h
Distance:
9.9km

Det er muleg å parkere der skogsveien startar, men ikkje god plass. Marka var nyslått no så våga meg til å parkere der. Eventuelt på vestsida av vegen, men der låg det no mykje rundballar som eg ikkje ville blokkere tilgangen til. Det er skilta turområde, Frishatten, Mårhusdalen. Trur ikkje det er meininga å kjøyre lenger oppover veien. Ved veis ende fulgte eg merking og sti mot Frishatten eit stykke før eg tok av. Møtte ei lokal dame på trimtur. Vi hadde felles bekjendte. Austover langs Skarholfjellet var det ein del parti med sti eller hjortetrakk så det gjekk bra unna. Så gjekk eg inn den tydelege markerte dalen eller botnen. Var ikkje noko tydeleg kvar eg skulle gå så runda rundt og ut på ryggen som visest på GPS-sporet. Det gjekk no, men ikkje anbefalt. Kom etterkvart >>>

Map