Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Skjåk: Sottjønnbu

Date:
20.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:28h
Distance:
6.0km

Tur til Sottjønnbu for å samle toppar i Breheimen. Meir info under bilda. Skjåk/Luster: Gjelhøi og Holåtindane Skjåk/Luster: Grøntjønnhøi og Krossbakkenosi

Map    

Eid: Indre Åsane

Date:
17.05.2020
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
7.0km
Map    

Eid: Ljøskarhaugen og Tytebærhaugen

Date:
14.05.2020
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Indre Åsane

Date:
10.05.2020
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
7.0km
Map    

Askvoll: Blåfjellet, Hjartåsen og Smørkletten

Date:
03.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.9km

Vinjar og eg rusla roleg innover den flotte Askdalen der vi møtte mamma som kom frå si runde. Så gjekk eg andre vegen og avslutta med Blåfjellet. Det er gode merkingar og lett å finne fram opp til Smørkletten. Frå Steinheia/Smørkletten må ein halde langt vestover nesten forbi Askvatnet der ein sti svingar ned eit bratt parti. Frå Hjartåsen til Blåfjellet (eller omvendt) er trikset å gå vestover til skaret nord for Eggene/i enden av Bjørndalen. Bjørndalstrupen står det på kartet om ein zoomar inn litt. Det var vanskeleg å finne gode stiar frå Smørkletten til Blåfjellet, så her bør ein bruke kartet. Om ein har lyst kan ein gå til Fristadfjellet først og så heile runden til Blåfjellet. Dette er ein populær 7-fjellstur i Askvoll. Lise sin tur og sporet finn ein her: >>>

Map    

Askvoll: Tvibyrge

Date:
02.05.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
4.6km

https://peakbook.org/ligroenb/tour/353745/Askvoll:+B%C3%A5tskyss+over+til+Tvibyrge+og+lite+bes%C3%B8kte+topper.html Steffen møtte oss som avtalt kl 1000 og skyssa oss til Tvibyrge. Avtale om henting 3 timar seinare. For dei som vil ut hit er det berre å spørje lokalbefolkninga om båtskyss.

Map    

Askvoll: Skålefjell og Skredvarden

Date:
02.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:51h
Distance:
9.2km

Lise og Vinjar sette meg av på stistart frå Herland. Dei skulle på Brurastakken rett i nabolaget, og så plukke meg opp seinare på Eidet. Gjekk med lave sko og var spent på fuktigheten i terrenget. Det gjekk veldig fint, stien var heile veien god og for det meste tørr. Det er lagt ned mykje arbeid i merking og skilting på Atløyna. Møtte ingen på turen, eigentleg heilt toppers. Kosa meg på toppen ei lita stund trass litt vind. Den sørvende ruta ned mot Eidet var veldig fin, truleg den finaste ruta til Skredvarden. Vart møtt av Lise og Vinjar som kom frå Buskefjellet.

Map    

Askvoll: Atløyna

Date:
01.05.2020
Characteristic:
Hike

4 korte turar på Atløy. 1. Hovden Sjekk ut Lise sin rapport https://peakbook.org/ligroenb/tour/353475/Atl%C3%B8y:+1+mai+feiring+med+familietur+til+Hovden.html 2. Granefjell og Høgeskolten Gjekk denne åleine medan Lise og Vinjar hadde lunch i bilen ved stistart. Det er ein meget liten parkeringslomme på sjøsida av vegen og merking til Granefjell. Lett å finne fram. Høgeskolten er registrert som pf100-toppen her men det er usikkert. Muleg Granefjell er høgare. Eg legg inn denne med samme høgde og pf 20 meter enn så lenge. Lise gjekk turen til desse 2 toppane etterpå, sporet kan sjekkast her: https://peakbook.org/ligroenb/tour/353533/Atl%C3%B8y+tur+2:+H%C3%B8yvikneset-Eide.html 3. Buskefjellet Kjapp tur utan sti, men med einer og lyng. Lise og Vinjar besøkte denne neste dag. Sjekk spor her: https://peakbook.org/ligroenb/tour/353791/Askvoll:+Buskefjellet%2C+en+eksklusiv+topp+for+enkelte+:-%29.html 4. Brurastakken og Skardvikenova Flott tur på merka og god sti. Lise og Vinjar besøkte denne neste dag. Sjekk spor her: https://peakbook.org/ligroenb/tour/353764/Askvoll:+flotte+Brurastakken+p%C3%A5+Atl%C3%B8yna.html

Map