Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Skjåk: Horrungen, Finnsdalshorungen og Leirungshøe

Date:
08.06.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:23h
Distance:
24.2km

Dette vart ein kjempedag i Skjåkfjella. Skoddedottane på toppane forsvann utover dagen og vi fekk sol og fin temperatur. Fulgte stien eit godt stykke mot Leirungsvatnet, før vi tok av austover opp ryggen mot Horrungen. Vidare på mykje snøfelt mot Finndalshorungen. Snøen holdt godt med unntak av flate parti der sola hadde varma godt og steinane stakk opp. Det var god stemning i turfølgjet og vi blinka oss ut den store varden som vi trudde var Leirungshøe. Sjekka ikkje kartet og GPS godt nok og trudde vi var på hovudtoppen. Ubegripeleg brølar....nesten. På vei nedover skjønar vi at noko er gale og sjekkar. Oppps, her må vi oppigjen. Derfor den merkelege knekken på sporet nord for Leirungshøe. Dryg men lettgått retur til stien og bilen.

Map    

Skjåk: Skamsarkampen

Date:
07.06.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:11h
Distance:
6.2km

Årets weekend for Kjetil og meg, denne gang pinsehelgtur til Skjåk/Lom. Vurderte telting og lang tur nordover frå Aursjoen mot Trihøene, Skardtind og andre toppar. Ein del snø i fjella nordover for Aursjoen gjorde at vi endra planane. Kveldstur fredag vart enkelt mot Skamsarkampen. Fekk ikkje i gang GPS før etter ei stund, men har addert manglande distanse. Lettgått terreng. Passerte Flåtåtjønne der det er ei lita bu og infotavle. Bua er åpen, men ikkje eigna for overnatting. Etter turen kjøyrde vi til fjellcampen nesten ved veis ende. Her er det god plass og toalett.

Map