Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sunndal: Salsnebba, Storhaugen og Skrommelnebba

Date:
31.05.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:31h
Distance:
15.9km

Møre og Romsdal pf 100 1093/1160 Først arbeid til 1130, så 5 timar kjøyring til Sunndal. Klar for avgang i Ryssdalen litt over halv fem. Kunne kjøyre veien til ca 500 moh der snø i veibana sette ein stoppar, men det var akkurat passeleg langt. Veien oppover var ikkje allverden, eg var glad for at eg denne gongen satsa på ein liten varebil som overnattingslokale og let bubilen stå igjen heime. Gjekk rett mot Jamnhaugsetra. Bak denne var det ei krevande li med bukkemark oppover ca 200 høgdemeter. Ikkje sti eller noko å finne. Frå Salsnebba såg eg ei hylle opp frå Erstadbotnen som eg ville bruke. Først opp ei ur under fjellet og så til venstre. I Erstadbotnen møtte eg ein elg. Sikkert ingen sensasjon men artig for meg sidan vi ikkje har denslags her heime. Frå Storhaugen var eg >>>

Map    

Eid: Lotsbergnibba

Date:
27.05.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
2.7km
Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
26.05.2018
Characteristic:
Hike
Map    

Sunndal: Hovsnebba

Date:
20.05.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:10h
Distance:
8.1km

Møre og Romsdal pf 100 1090/1160 Siste turdag i denne runda gjekk til Hovsnebba. Passeleg å avslutte med før 5 timar heimreise. Utruleg rås oppover fjellsida. Eit stidele med tydeleg merking til høgre forvirra oss litt, så vi enda på Flaggnuten. Gjekk tilbake og tok av bratt oppover igjen. Ved det såkalla Galleriet var det eit tau med knutar lagt ut. Så var det forbi trimkassa ved Bjønnalauvet 765 moh i skoggrensa og kryssa Kilurdbekken på 1000 meter. Ikkje snø her lenger etter enorme temperaturar siste vekene. Frå første varden er det eit lite stykke til høgste punkt. Her må ein ned frå ryggen på sørsida eit par plassar. Men ikkje vanskar av noko slag. Fantastisk utsikt til Sunndalsøra 1550 meter lenger nede. Litt overskya og vind i dag, men flott temperatur og turver >>>

Map    

Nesset: Fløtatinden og Trondskjortetind

Date:
19.05.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:31h
Distance:
18.6km

Møre og Romsdal pf 100 1089/1160 Etter kjempeturen til Kongskrona vart det pizza på Sunndalsøra før vi kjøyrde inn Øksendalen og parkerte på Brandstad. Eit par jenter var nettopp ferdige med sin tur til Fløtatind og måtte gjennom eit lite forhøyr om føre og veivalg mm. Torleiv brukte delar av kvelden til tentamensretting i matematikk. Etter gryntelydane å dømme var det ikkje alt som var riktig. 6 stk la i vei før oss med randoutstyr. Vi gjekk igjen for fjellskia som hadde vært ein suksess på Kongskrona. Bæring opp til ca 650 moh, og så var det berre å følgje spora til topps. Passerte eit lystig lag med 5 moldensere. Slapp dei forbi oss igjen rett før siste kneika der vi tok ein matbit. Vi vart nr 7 og 8 på toppen denne dagen. I tillegg 12-15 stk etter oss. Neste topp var >>>

Map    

Sunndal: Kongskrona

Date:
18.05.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:31h
Distance:
18.7km

Møre og Romsdal pf 100 1087/1160 Etter ein prat med Johan som hadde vært her 17. mai bestemde vi oss for å ta denne kjempeturen dagen etter. Vi hadde parkert ved stistart Hovsnebba på Sunndalsøra, og det vart ei oppleving for minneboka. Råning og burning d lux. Kva med 17. mai-råning i bunad? Ein BMW stilde seg opp og røykla heile området utan at nokon heva ei augebryn. 2 dekk låg igjen på asfalten. Opel Commodore 2,5 S, ein Kadett kom og susande. Nei dette var saker! 18. mai kjøyrde vi til Hoås og parkerte ved ein møteplass på venstre side av vegen rett etter traktorvegen som går mot stien. Det vart ei lang skibæring opp lia, men på god sti. Vi mista den ein plass der vi gjekk etter ei raudmerking. Etter at vi passerte trimkassa på kanten var det skia på. Fulgte spora til >>>

Map     1 comment

Nesset: Litlskjorta, Litlefjellet og Goksøyra

Date:
17.05.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:31h
Distance:
15.6km

Møre og Romsdal pf 100 1086/1160 Glimrande fottur på sjølvaste 17. mai 2018. Hadde overnatta i bubilen ved brua over Ljøsåna. Vi ville teste ut denne stien for å sleppe for mykje snø til desse toppane. Det fungerte utmerket. Tørrt og fint oppover og snøen vi møtte undervegs var god å gå på. Meir info under bilda.

Map     2 comments

Nesset: Skjorta

Date:
16.05.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:44h
Distance:
11.0km

Møre og Romsdal pf 100 1083/1160 Vi kom til Eresfjord, bygda med sykkelkunsten. Kjøyrde mot Kanndalen og parkerte der veien til Kvidalen startar. Skodda hang ned på Skjorta og lett duskregn på ruta. Etter litt somling kom vi oss avgarde. Dette er sjølvsagt ein fin skitur, men etter å ha sett bilder på Toppturer i Nordvest var det klart at toppen var klar for bestigning til fots. Fulgte skogsveien og tok av til høgre på ennå dårlegare "vei" slik at vi kom opp til dei to bygningane på ca 380 moh. Herifrå vart det påmåfågåing oppover forbi skoggrensa til vi møtte stien langs ryggen til topps. Nokre snøfelt måtte kryssast men ikkje allverden. Skodde på toppen dessverre, denne letta sjølvsagt når vi var komne til bilen. Skreiv oss i boka. OBS! Høgste punkt er ikkje >>>

Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
13.05.2018
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
12.05.2018
Characteristic:
Hike
Map