Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sunndal/Nesset: Åbittinden, Vardfjellet, 1292 og Trolltinden

Date:
22.02.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
16.0km

Solotur frå parkering Trolltindveien. Innser at vinterturar solo ikkje er favoritten, sakna turfølgje enormt undervegs. Bestemde meg for å prøve opp til Åbittinden først. Bratt opp siste kneika, på med stegjern og brukte isøksa. Så vidare til Vardfjellet, ned i dalen til ca 950 moh og opp igjen på 1292-toppen. Veldig fin snø her nede og fin temperatur. Vurderte ryggen direkte til Trolltinden, men gjekk mot skaret mellom Åbittinden og Trolltinden. Skia på sekken opp ryggen. 2 stk hadde gått heile traversen før meg, såg dei undervegs og møtte dei på parkeringa etterpå. Møtte og folk på toppen, dei hadde i tillegg vore på Ryssdalsnebba samme dagen. Populært område dette. Nedfarten på fjellski vart ikkje det store, blir ei stund til eg brukar desse skia til toppsamling >>>

Map    

Sunndal: Ørnhaugen

Date:
21.02.2018
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Det var OL-sendingar på TV Norge i stabburet eg hadde leigd på Sunndalsøra. Dårleg ver ute så eg slappa av heile formiddagen med sprint langrenn. Kjøyrde til slutt til Årammen og parkerte ved busskuret. Fulgte veien oppover mot Rennsetvatnet. Tok av til høgre meir eller mindre planlaust på ein gjengrodd traktorvei. Kom opp til ein hammar som eg gjekk under og til høgre for. Vidare lett i slakt terreng til toppen. Mykje vind og dårleg sikt i høgda såg det ut som. Dagen var i boks med denne korte turen. Satsa heller på Åbittinden-runde neste dag då meldingane var mykje bedre.

Map    

Sunndal: Høgstoplan, Gråhøa og Melsseterkollen

Date:
20.02.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:05h
Distance:
32.1km

GPS konka ut på parkeringa, men Christian har sporet frå denne turen. Sjekk: https://peakbook.org/tour/249153/H%C3%B8gstoplan.html Var sikkert innom 10 namn for å finne turfølgje på denne. Sjukdom, sjukdom i familien, sjukdom opp i mente, arbeid, familieforpliktelsar, arbeid osv osv......... Det såg svart ut heilt til eg registrerte at Christian hadde vært på Viromkjerringa. Ringde han og avtalte møte på Sunndalsøra neste kveld. Han var på vei til Trondheim igjen, men stussa ikkje på å kjøyre tilbake til Sunndalen neste ettermiddag. Booka stabburet på airbnb og gleda meg til tur. Christian kom utpå kvelden, og takka lett ja til ei planleggingsøl før leggetid. Eg har møtt denne trivelege karen mange gonger før, på Peakbook-treff mm, men aldri gått tur med han. Kom oss opp i 7-tida, kjøyrde 2 bilar til Gjøra. På Vangshaugen >>>

Map    

Eid: Ytre Åsane

Date:
18.02.2018
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
16.02.2018
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
04.02.2018
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Åsane, ytre og indre

Date:
03.02.2018
Characteristic:
Hike
Map