Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Fjaler: Vardeheia

Date:
09.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:23h
Distance:
5.6km

Kom til Ytre Bordvika og såg skiltet mot Vardheia. Stien startar gjennom eit gardstun, parkering var fristande på andre sida av vegen. Ringde på og spurde kona i huset om å parkere. Det var greitt sidan mannen på andre sida ikkje kom frå arbeid før utpå dagen. Greitt å spørje her om parkering når det ligg så inntil husa. 3 unge jenter starta samtidig som meg. Dei hadde Hyllestad sine 18 trimpostar som mål. Denne var med på lista sjølv om toppen ligg i Fjaler, mestaparten av turen går i Hyllestad. Først over marka og forbi gardfjøsen, så på god sti/merking til topps. Veldig vått over nokre myrar. Dette viste jentene om og hadde skodd seg med gummistøvlar!Likavel ein fin og enkel tur.

Map    

Fjaler: Jarstadheia og Storåsen

Date:
08.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:24h
Distance:
8.8km

Kjøyrde forbi Hauglandsenteret og UWC opp ein sving og parkerte nedanfor nokre internatliknande hus. Gjekk så veien bortover ca 350 meter til det stod merking Jarstadheia m.a. Det er lett å finne fram til topps. Ganske bratt opp lia der. Flott utsikt mot Dalsfjordsambandet. Returnerte og fann god merking og sti og til Storåsen. Fint utkikkspunkt i skogen, høgste punkt litt lenger bak på denne knollen. Etter litt grubling valgte eg å kjøyre til Lammetu og avslutte dagen med ein korttur der.

Map    

Fjaler: Jøtelshaugen og Havreheia

Date:
08.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:51h
Distance:
9.9km

Kom til Dale etter mørkets frembrudd og spurde meg fram til parkering ved Fjalerhallen. Der skulle eg kunne stå i fred. Nokre rånarar spann eit par runder, ellers ganske dødt i bygda. Det hadde akkurat bikka til minusgrader og bilen var frosen på morrakvisten. Tok ei stund til under dyna medan bilen vart oppvarma. Kjøyrde til Dalsåsen der det er muleg å parkere i ei stor rundkjøyring ved veis ende. Gjekk gjennom eit bløtt område, gjennom eit granfelt og langs eit gjerde før det var merking inn på skogsveien. Denne fulgte eg til merking Jøtelshaugen. Fin sti oppover. Ved trimposten møtte eg lokalkar Per Helle som eg hadde ein lang prat med. Høgste punkt virka ikkje mykje besøkt, heller ikkje markert på noko vis. Vidare mot Høgefjellet utan sti, det er viktig å gå langt nok >>>

Map    

Fjaler: Lammetufjellet

Date:
08.10.2017
Characteristic:
Hike
Duration:
0:52h
Distance:
2.7km

Sjekka inn på Lammetun ferie og fritid der eg overnatta i bubilen. Gjekk glipp av Mygg og knottfestivalen som var i starten av september. Veit ikkje om eg er lei for det. Oktober er ei glimrande tid for turar her ute, då er denne plaga utelukka. Braut meg meir eller mindre planlaust på over mot sørvestryggen utan å studere kart. Det vart berre rot, men ikkje lange biten. Retursporet mitt er det som kan anbefalast. Hadde fått tips om å gå ei rute som Arnt har anbefalt. Der er eit lite vatn i ei hole. Vatnet har blitt brukt til å døype ungane i. Peila meg likavel inn på denne ryggen sidan den såg grei ut. Litt småklyving oppover i tørrt fjell med god friksjon. Stille og fint på toppen i nydeleg oktoberver.

Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
06.10.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Ljøskarhaugen

Date:
25.09.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Ørsta: Leknesnakken

Date:
23.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:30h

Gjekk denne turen som rundtur frå ferjekaia på Lekneset. Først etter merka ruta mot Saksa opp på vestsida av Leknesnakken. Vi brukte ca 3 timar på 350 hm. Ein del ur og litt vanskelege parti for ein liten gut. I tillegg til mange pausar og klatring på steinar. Sjekka ut bjørnehiet før vi tok fatt på råsa til Leknesnakken. Møtte litt folk oppi der. Bar Vinjar litt på skuldrane, hadde ikkje med bæremeis/sele på denne turen. Kjempeflott utsikt på denne vesle toppen. I strålande ver. Det var ikkje fristande å gå retur same råsa. Tok derfor trappene nedover til Urke og gjekk veien ut igjen til ferjekaia. Tilbake på Sæbø hadde Vinjar gleda seg heile dagen til å møte Otto og Inger Lise. Enorm begeistring når dei sat og kosa seg i sola. Is og mykje morro. Linn Therese var og >>>

Map    

Flora: Trongedalseggene

Date:
17.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:08h
Distance:
22.6km

Etter å ha lagt inn GPS-spor viste høgdemeter over 1300 her. Har endra det til 1000 som er meir realistisk, og det stemmer og bra med det Bjørn fekk på appen. Det er vel sjølvsagt ingen andre som vil gå denne turen men i tilfelle.....Stien/råsa langs Skilbreivatnet er ikkje god å gå frå husa på Skilbreia. Kajakk over vatnet vil fungere fint. Det er teikna inn sti på nordsida av elva innover Straumsbotnen. Dette kan ikkje stemme. Vi gjekk på sørsida (med eit lite unntak, som vi angra på) og her er det eit dyretrakk/sti som går brukbart å følgje innover dalen. Eit parti gjekk denne langt frå elva, så ikkje vær fokusert på å gå langs elva heile tida. Vi mista stien då. Men på returen holdt vi den heile tida. Mykje fossekall i heile elva frå vatnet og heilt inn i Straumsbotnen. >>>

Map     1 comment

Sogndal: Fr. Skeisnipa, Kvannholtnipa, Vetla Supphellenipa

Date:
16.09.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:20h
Distance:
18.7km

Jostedalsbreen pf 100 65/92 Sogn og Fjordane pf 100 555/1168 Ein skikkeleg flott og god rundtur til 3 toppar som er naturleg å ta på ein tur. God merking til Flatbrehytta. Stor parkeringsplass ved stistart, kr 40,-. Det var ikkje andre folk å sjå denne dagen, men eit fransk par hadde signert i boka ved Flatbrehytta. Meir info under bilda. Bjørn og og lagt ut bilder: https://peakbook.org/tour/233796/Fj%C3%A6rland.html

Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
08.09.2017
Characteristic:
Hike
Map