Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Stryn: Bergsetnakken

Date:
18.11.2017
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:30h
Distance:
7.6km

Reunionhelg for studenter og andre fanter frå Voldatida. 7 stk møtte opp på hytta på Vangen. Det var mykje nysnø som frista til topptur på laurdagen. Alle 7 kom opp i tillegg til hunden Chicco. Vi gjekk opp langs heisen vest for hoppbakkane og inn på ein skogsvei. Denne var heilt vekkvaska etter den store flaumen her for nokre år sidan. Ikkje sjangs å komme over. Måtte opp eit granfelt nokre få meter før terrenget åpna seg opp. Ikkje vanskeleg. Karen med traktor og brøyteansvar ringde oss undervegs. Vi skulle gått lenger vestover i retning Bergsetstøylen frå skistadion før vi tok oppover. Tips er å følgje sætrevegen mot støylen og ta av der. Trygg og fin tur til Bergsetnakken. Ganske surt på toppen og dårleg sikt for nedkjøyring. Likavel fine svingar nedover i herleg >>>

Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
13.11.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
07.11.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Lotsbergnibba

Date:
06.11.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
05.11.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Lotsbergnibba

Date:
02.11.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
17.10.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Hyllestad: Teigesåta

Date:
09.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:23h
Distance:
4.3km

Hadde lest meg opp på Knut Sverre sin rapport og var spent på denne stien. Kjøyrde seint forbi og kikka men ingenting å sjå. Kom til slutt til tunet på Teige der ein triveleg kar i svært skitten arbeidsjakke og sneip i kjeften kom stigande. Hadde ein lang prat med han om fiske, hjortejakt og Teigesåta. Han forklarte meg at eg skulle parkere ved rundballane og leite etter stien ved ein steingard. Ei kantslåttmaskin hadde knørva skogen og vegetasjon langs veien så alt var berre rot. Ingenting som tyda på sti før eg såg ein klosse som hang i eit tre. Stien oppover var grei å gå, men ikkje lett å følgje. Rundt 250 moh mista eg han over ei lita myr, men kom heldigvis innpå igjen. Sjå GPS-sporet. I skoggrensa var det lite merking men eit svakt trakk litt norvestover og opp mot >>>

Map     2 comments

Fjaler: Einingsfjellet

Date:
09.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:47h
Distance:
2.9km

Etter overnatting på Lammetun ferie og fritid var dette starten på dag 2. Enkelt å finne parkeringsplassen som ligg heilt inntil veien, merking mot toppen som er lett å sjå. Knappe 25 minutt til toppen i jevnt trav. Triveleg toppunkt med kasse og bok. Flott utsikt mot Norskehesten, Tvibyrge og Værlandet.

Map    

Hyllestad: Sørbøheia og Kvimsen

Date:
09.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:15h
Distance:
8.7km

Etter 3 turar orka eg ikkje motivere meg for Fjellstjørnryggen. Kjøyrde heller til Sørbøvåg og handla litt. Innehavaren av butikken var så grei og lot meg parkere bak butikken på ein grusplass. Der kunne eg overnatte. Inn til moloen var det skilta med bubil og campingvogn uønsket! Då vart det ikkje retur til Fjellstjørnryggen, men avslutning av dagen med Sørbøheia og Kvimsen. Gjekk frå butikken og over veien langs ei mark. Veien svinga så inn i skogen og 30-40 meter seinare var det stabla opp ei steinrøys opp og inn på ein sti. Denne fulgte eg over ei gammal demning og så vestover igjen. Måtte eit stykke bortover og litt ned igjen før eg kom inn på ruta bratt opp granfelta til Sørbøheia. Her var det god sti. Verre var det med stien austover frå Sørbøheia. Veit ikkje >>>

Map