Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Orkdal: Omnfjellvarden

Date:
12.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:00h
Distance:
16.3km

Sør-Norge pf 500 229/402 Det er aldri spesielt lystig å starte tur i slike hytteområder. Privat, parkering forbudt, borttauing, bom og kjettingar osv. Våga meg til å kjøyre gjennom parkeringa ved Hundså bru, og til slutt kom eg i prat med ein triveleg kar som viste meg ei parkering. Litt etterpå kom sjefen for opplegget, Meås heitte han. Det var ein hjelpsom kar. Om ein treng parkering her er det muleg å ringe skiforeninga sa han. Dei har nokre ledige nummer til parkering. Han ringde til Lise og avtalte at ho kunne sette bobilen på nr 12. Kjempegreier. Det var akkurat nok snø på myra til å ta på skia ved bilen. Eg gjekk åleine, Lise etterpå. Her skulle vi sjølvsagt tatt med Vinjar i pulk men slik vart det ikkje. Fulgte eit scooterspor innover til betongbrua ved demninga ved >>>

Map    

Kristiansund: Storskarven

Date:
11.04.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
6.3km

Møre og Romsdal pf 100 1010/1156 Sist eg var i dette området gjekk eg i eit grisever med Vinjar på ryggen. Hadde då berre markert ut på kart Litlskarven utan vidare research. Det var ein kjempetabbe sidan Storskarven er nokre cm høgare, og den raude markøren no er flytta. Var innom tanken, ettersom namna Litle og Store vel forklarer ein del. Akkurat då gav eg blaffen og kom meg til bobilen igjen, noko både eg og Vinjar var glade for den gang. Så då var det klart for ny tur, og Kristiansund endeleg komplett pf 100. I tillegg gjekk Lise ei lenger runde og fekk dei 4 ho mangla i denne kommunen. Parkerte i Kvalvåg på grei parkeringsplass rett ved vegen der den sørlegaste traktorvegen innover startar. Det er skilta Setervatnet. Aust for dette vatnet var det eit veidele, vi fulgte den >>>

Map    

Eid: Ytre Åsane

Date:
07.04.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Ljøskarhaugen

Date:
04.04.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Ljøskarhaugen

Date:
02.04.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
29.03.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
2.2km
Map    

Eid: Lotsbergstøylen og Tytebærhaugen

Date:
27.03.2017
Characteristic:
Hike
Map    

Oppdal: Svarthaugen

Date:
12.03.2017
Characteristic:
Ski trip
Duration:
1:45h
Distance:
6.6km
Map    

Oppdal/Sunndal: Ottdalskammen, Klingråkkammen, Somrungnebber

Date:
11.03.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:45h
Distance:
37.6km

Møre og Romsdal pf 100 1009/1156 Gunn kom frå Surnadal. Vi plukka ho opp ved butikken på Lønset og kjøyrde til Storlia. Kom oss avgarde frå parkeringa ca 1000. Johan smurde skia med blå extra. Det fungerte glimrande innover dei oppkjøyrde løypene mot Tovatna. Tok av frå løypa og gjekk over vatnet og mot Kråkskaret. Litt vind på toppane, først Ottdalskammen. Så vidare gjennom Kråkbotnen og opp til Klingråkkammen. Tredje topp vart Østre Somrungnebba. Eg satte frå meg skia og gjekk den harde snøbakken til topps. Veldig fin topp, tydeligvis lite besøkt ut frå det ein kunne lese i boka. Det hadde no skya til ein del og vi frykta blindeføre på heimveg. Blindeføre var eit nytt ord til stor glede for andre i turfølgjet. Frå siste topp 1623 Ø for Østre Somrungnebba vart >>>

Map    

Surnadal/Oppdal: Nordre/Midtre/Søndre Storlifjellet

Date:
10.03.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:45h
Distance:
29.3km

Møre og Romsdal pf 100 1005/1156 Otto melde seg på ein ny tur etter gårsdagens suksesstur til Svarthøtta. Parkerte på Bårdsgarden og fulgte løype mot Måssåhaugen. Glei ned 100 hm før vi starta stigninga mot Hyttdalen. Inn på scooterspor her og lett vidare nokre km. Peila oss så inn mot nordtoppen først. Vidare over midtre og søre til slutt. Eg var gapen nok til å legge på langfellene. Skia var så fulle av lim at det vart ikkje den store opplevinga i den tørre snøen. Først nede i Hyttdalen igjen ordna dette seg der snøen var meir påverka av sola. To toppsamlarar med same utgangspunkt som oss hadde vore på nordtoppen med ei bikkje. Dei tok oss nesten igjen opp mot høgda igjen. Kom ikkje i kontakt med dei. Vel tilbake i Oppdal etter ein slitetur vart det avslapping med obligatorisk >>>

Map     2 comments