Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Nesset/Sunndal: Ryssdalsnebba

Date:
04.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:58h
Distance:
10.7km
Map    

Rauma/Nesset: Snarketinden og nokre til.

Date:
03.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
14.2km

Kjempefin dag frå Skrukken. Frå parkeringa gjekk det ein sti oppover som vi fulgte eit stykke. Så tok vi av frå denne og gjekk over nokre myrar og inn på stien som går mot Hardskaret. Denne stien var ikkje spesielt god, men gjekk no å følgje på eit vis. Vinjar og eg styra rundt i skaret medan Lise gjekk til Skrokkenfjellet. Når ho om ned igjen gjekk ho og Vinjar opp mot Snarketinden. Det var bratt og litt ekkelt opp frå skaret. Såg på dei medan eg gjekk til Skrokkenfjellet. Så mista eg dei av syne. Tok dei igjen ca 100 meter under toppen og vi gjekk ilag til Snarketinden. Her var det veldig flott! Lang pause i sola med mat og godteri. Vinjar fekk gå lange parti sjølv mot Blåfjellet og vidare nordover. Så gjekk Lise og Vinjar tilbake til bilen, medan eg holdt fram til Fremre >>>

Map    

Rauma: Grønhøa og Heimre Storhøa

Date:
02.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:07h
Distance:
12.1km

Transportetappe, 2 toppar utan den heilt store opplevinga. Parkerte ved brua på liten lomme. Ein kar eg snakka med kvelden før sa det var vanskeleg å finne stien oppover og terrenget var krevande. Vel eg fann ein sti som gjekk oppover på austsida av elva, heilt grei å følgje lenge. Når den forsvann var det lett terreng vidare langdrygt til Grønhøa. Så var det berre å peile seg inn mot Heimre Storhøa. Lett terreng heile veien. Retur ned på andre sida av elva. Her var det og veldig fint å gå. Nede på veien vart det nokre få meter å gå ned til bilen. Utruleg nok stoppa det ein bil opp på sida av meg og tilbaud meg skyss. Veldig triveleg, og god stemning inne i bilen. Synd det ikkje var noko poeng sidan eg hadde 100 meter å gå. Men takka voldsomt for tilbodet.

Map    

Lesja: Rånåkollen

Date:
01.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
4.5km

Lise og Janne var på Kalskråtinden denne dagen. Vinjar og eg trengde ein lett tur, valget fallt på Rånåkollen. Parkerte på ein ny parkeringsplass på venstresida/sørsida av vegen. Den er merka med P og skilt mot Rånåkollen. Plass til 5-6 bilar. Sikkert meininga ein skal bruke denne og ikkje kjøyre opp til gardstunet. Fulgte den vanlege ruta til topps. Holdt oss langs gjerdet og gjekk rundt marka slik skiltinga oppfordrar ein til å gjere. Litt vind på toppen og ikkje den store kosen. Likavel måtte Vinjar til pers med ei saftige skitbleie. Frisk bris rett i stumpen. På returen fekk han gå mykje sjølv. Hopping og aking i lyngen var dagens store moro.

Map