Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Molde: Tranhaugen og Eikaberget

Date:
18.06.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
2:03h
Distance:
7.2km

Overnatta i bobilen på Molde Skistadion. Her har vi vore ein del, ein får stå i fred og det er stille og roleg. Hadde sjekka ferjerutene til Sekken og blinka meg ut 0820-ferja. Her går ikkje ferja kvar halvtime! Kjøyrde rundt til sørsida av øya og parkerte der veien startar oppover. Det er sikkert muleg å kjøyre oppover, men heller ikkje langt å gå. Med bobil er det uansett litt verre, og no holdt ein bonde på med traktor og hengar og kjøyrde sand oppover. Det eg ikkje var klar over er at det nettopp er åpna ein ny fjellveg over øya. Denne er kun til fotturar og sykkel. Motorisert ferdsel ikkje aktuellt. Infotavle om prosjektet der turveien startar. Gjekk eit godt stykke etter denne til eg fann god merking til Tranhaugen. Stien var merka med lange flagrande plastband. Enkelt >>>

Map     1 comment

Aukra: Jærmannburet

Date:
18.06.2016
Characteristic:
Walk

I dag måtte eg leite med lykt og lupe etter noko interessant. 2 pf 99 og ein kommunetopp. Gadd ikkje starte klokka på Jærmannsburet. 0,7 km og nokre få høgdemeter.

Map    

Molde: Langåsen og Bjerkalia

Date:
17.06.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
1:39h
Distance:
7.7km

Tur 1. Parkerte i Solemdal der skogsveien startar. Plass til eit par bilar der. No er det ikkje lurt å blokkere for innkjøyring til skogsveiar, men i dette tilfellet såg det ut som det var årevis sidan sist den var brukt. Fulgte skogsveien til endes, tørrt og fint å gå. Her var det kasse og bok for Langåsen, altså langt unna høgaste punkt. Tok av til høgre rett etter postkassa på svak sti over myra, vidare på sti vestover heile Langåsen til høgste punkt. Kryssa ei myr til rett før toppen der stien ikkje var synleg, men så snart ein kom bort på neste rygg var den der igjen. Lett og fin tur i joggesko. Tur 2. Det går rykter i tindesamlarmiljøet om ruta opp frå Mauset. Det er det ingen grunn til, om du leitar finn du merka rute opp her. Parkerte ca 100 m vest for der skogsveien >>>

Map    

Rauma: Randsetfjellet og Skåla

Date:
17.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:53h
Distance:
7.6km

Hadde overnatta på parkeringa i Rødvenkrysset etter tur med Jan Petter på Tarløysa kvelden før. No var eg overlatt til meg sjølv, planen for dei neste 8 dagane åpen. Sidan det låg skodde nedpå fjella vart valget i dag å starta med 2 gjenståande lave toppar på Rødvenhalvøya. Kjøyrde bomvegen til Landresetra. Her er det god parkeringsplass, kunne og overnatta her men dette viste eg ikkje. Gjekk først til Ransetfjellet. Tok ein rundtur, fulgte veien austover, så inn på stien og over toppen og sti og veg vidare ned til parkeringa igjen. Ny tur til Skåla. Gjekk forbi sætra, så gjennom orkanskog og på god sti til Skåla. Skodde på begge toppane, men slik er det berre. Vidare til Mittet og Skarven/Bolfjellet.

Map    

Rauma: Skarven og Bolfjellet

Date:
17.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:39h
Distance:
9.6km

Map    

Rauma: Tarløysa

Date:
16.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:45h
Distance:
7.6km

Første dag på eit 8-dagers Romsdalsraid. Hadde hatt kontakt med JPV og avtalen var å møtest i Rødvenkrysset kl 1800 torsdag kveld. Kjøyrde til Nysetra, det er no ny betalingsterminal oppe i gata der og den tar VISA, kr 75. Frå parkeringa er dette ein fin og enkel tur. God sti og merking oppover. Oppe på toppen slappa eg av medan Jan Petter var ned på Blåfjellet som han mangla i Raumasamlinga si. Stille og fint på toppen. Rusla tilbake same vegen. Overnatta på parkeringa i Rødvenkrysset, skulle til Landresetra neste dag.

Map    

Eid: Fossane

Date:
15.06.2016
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Maragjølvatna

Date:
11.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:30h
Distance:
9.0km

Dagens tur vart ingen topptur, men ein tur over til Maragjølvatna. Ei stund sidan sist eg var der. Parkerte ved fellesfjøsen på Lotsstøylen. Etter ei god stund med sauespekulasjonar frå Vinjar vart han plassert i bæremeisen. Hadde med mykje mat og utstyr i tillegg så vekta var merkbar. Fulgte veien oppover og tok av mot Kinna på ein svak sti ca 680 moh. Herifrå er det lett austover til Maragjølbakken. Der er det varde og trimbok. Skreiv oss inn og brukte lang tid på mat, drikke og tull. Planen var at Lise skulle møte oss ein eller anna plass etter jobb. Dette var enno 2-3 timar til, så for å fylle dagen gjekk vi ned til Maragjølvatna. Her har eg vore mykje før, både fiske og henta dyr frå sommarbeite. Vart sjokkert over den nye kraftlinja som er veldig dominerande her mot >>>

Map     2 comments

Eid: Lotsbergnibba

Date:
06.06.2016
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Bremanger: Gjegnen

Date:
04.06.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:11h
Distance:
24.6km

Dette var nok tidenes finaste tur på Gjegnen. Ein seksar på terningen, sjølv om Geir Arne grein over noke dis rundt oljeplatformene og ein lett trekk på breen. I tillegg møtte vi folk på returen, offameg. Sjølvsagt var det kjentfolk. På Gjegnabu var besøksprotokollen ikkje flittig brukt i 2016, einaste overnattinga var eit par karar, den turen kjenner eg til frå Facebook. Det er klart at Gjegnen frå Hope er best når snøen er smelta opp lia til Lavesteinen. Det betyr sjølvsagt ein del skibæring, men det er først på traktorvei og så ei lita kneik opp lia. Frå Lavesteinen er det ein slak og fin tur, ingen grunn til å bære med seg tungt utstyr. Fjellski er heilt glimrande herifrå. Meir info finst under bilda.

Map     1 comment