Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sogndal/Leikanger: Ryssebotnrana og nokre til

Date:
30.04.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:15h
Distance:
30.0km

Kroksleiven stilde ein mann på dette prosjektet. 8-ferga frå Lote, framme ved Hodlekve halvanna time seinare. Berre eit par bilar på parkeringa, ein annan person var på vei opp trekket. Vi kom aldri i kontakt med han, og såg heller ikkje andre folk annan enn på ruta til Høgehaug. Flott ver då vi starta. Skya litt til etterkvart og mot Blåfjellet og vidare til Synnevaskjer godt blindeføre. 2 bratte parti på turen der vi tok av skia. Først ned i skaret aust for Synnevaskjer, og så ned i skaret mot 1482-toppen vest for Synnevaskjer. Mot Myrdalsbreen letta skydekket og vi fekk flott ver heilt til Ryssebotnrana. Retur frå Myrdalsbreen la vi ned ryggen vest for Trastadalsvatnet. Vi var godt fornøgde med dagen, så dei to lave toppane Helleberget og Reppanipa får stå til ein annan >>>

Map    

Eid: Ljøskarhaugen

Date:
24.04.2016
Characteristic:
Hike
Map    

Skjåk: Søverhøi, 1811, Sekkebreen og Dyringshøi

Date:
23.04.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:15h
Distance:
40.4km

Denne turen målte vi fram og tilbake, og dersom ein skal ha med seg alle 4 toppane er utgpkt utosen til Liavatnet det kortaste. Målt på kartet her ca 35 km, anslag 40 km. Høgdemeter 1750 lest ut av kartet, blir vanlegvis litt meir. I tillegg er skogspartiet opp langs ryggen sør for Søvra til å leve med. Geir Arne hadde store planar for laurdagskvelden, quizz på Sjoa. Han burde returnere kl 1600, så for å få i land dette prosjektet måtte vi då starte kl 0600. Vi rekna med 10 timar skulle halde. Eg parkerte den mobile hytta på ein lomme og etter nokre få minutt kom Geir Arne, i ny bil! King Cab-en var skifta ut med ein Terrano. Det vart ein del prat før vi køya. Bortforklaring/tåkelegging av nyinvesteringar på utstyrsfronten. Deretter nedsnakking av eiga ræva form, og opphausing >>>

Map     6 comments

Førde/Gaular: Rimmafjellet, Førde pf 100 komplett

Date:
16.04.2016
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:09h
Distance:
29.3km

Førde pf 100, 45/45, 100%. Årets første komplette liste i boks. Ingen av desse 5 toppane hadde registrerte bestigningar på PB før denne turen. Såg nokre gamle skispor mot Rimmafjellet, men berre ein annan skiløpar som gjekk mot Nystølseggi. Overraskande lite folk. Etter mykje om og men kom eg meg avgarde med 0830-ferga frå Lote. Det vil seie Gaularfjellet 2 timar seinare og avgang rett før 11. Ein bil stod parkert ved brøytestasjonen og det var personen som gjekk mot Nystølseggi. Fulgte spora hans til Skarvevatnet. Spora frå forrige helgs kommunetoppjegerar var enno synlege under 3-4 cm nysnø. Sola varma enormt over vatnet, dette vart ein kjempedag! Runda rundt og vestover opp dalen omlag midt på vatnet. Vidare rundt og opp til trigpkt 1348. Herifrå lett til varden på Skarvedalsbreen >>>

Map     4 comments

Eid: Ytre Åsane

Date:
12.04.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
1:30h
Map    

Vestnes: Sprovstinden, Gjølbotntinden og Steinsmørhylla

Date:
10.04.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
5:00h
Distance:
21.4km

Sunnmøre pf 50, 899/929 Møre og Romsdal pf 100, 917/1154 I dag vart det soloprosjekt. Åsmund ville være saman med familien på tur, Gard høyrde eg ingenting frå. Reknar med han dreiv med restitusjon på veloursofaen sin. Parkerte ved Vegvesenstasjonen og gjekk mot skitrekket. Gårsdagens feite telemarkski/plastsko var bytta ut med smalare telemarkski og Alfa Quest som eg har funne ut passar foten veldig bra. Fulgte trekket oppover eit stykke før eg peila meg inn mot Varguraksla. Ein einsleg randokar låg foran meg i løypa. Han gjekk alvoreleg bra på, og kryssa ikkje ein einaste gong! Frå Varguraksla fulgte eg ryggen enkelt mot Sandtinden og så vidare til Sprovstinden. Her var det to turgåarar som eg slo av ein prat med. Randokaren, ein 62-åring frå Skodje, og Åsnes Nansen-karen >>>

Map    

Vestnes: Remmemstinden og Ystetinden

Date:
09.04.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:46h
Distance:
14.2km

Helga vart lagt til Hatlane der kollektivkompis frå Voldatida Åsmund bur. Etter ein tlf til ein annan karakter, vart det klart at vi vart 3 på denne turen. Gard har meldt seg på BMI-klassa i årets Skåla Opp og trengde sårt litt kondistrening. Han kunne bekrefte at han var ein smule bekymra for dette motbakkeprosjektet sjølv, noko vi ikkje hadde vanskeleg for å forstå. Gard kom som avtalt kl 0900 i den flotte Honda Accorden sin. Bilen syng på siste verset, og dette skulle bli avslutningsturen. Utan eksosanlegg høyrdest det ut som eit Widerøefly som tok av innover langs Brusdalsvatnet når nåla nådde 5000 omdreiningar. Vi vurderte først sørsida og forskjellige alternativ med alle 4 toppane i rekka nord for Ørskogfjellet. Heldigvis kjøyrde vi til Vestnes og austover til Flate. >>>

Map     2 comments

Eid: Svartegga

Date:
03.04.2016
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:02h
Distance:
14.1km
Map