Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rauma: Middagstinden og Kinnakollen

Date:
12.10.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:15h
Distance:
12.1km

Hadde overnatta i bilen på Måna Camping. Kjøyrde bomveg, kr 90, mot Bøstølen og parkerte rett over brua der den merka ruta til Tindevatnet startar. Det var frose til, så hardt og fint å gå myrpartia langs elva. Snart oppe i sola vart det svettebyer og lettelse i antrekk. Runda rundt på nordsida av humpen 943 i skaret. Tenkte å ta denne på returen, slik vart det ikkje. Nå er den uvesentlig så det gjer forsåvidt ingenting. Opp bratt ur til den flotte ryggen som går til Middagstinden. Skjønte med ein gong at her vart det endringar i planane. På austsida av ryggen går det ei hylle/renne nedover i retning Kinnakollen. Denne skulle testast ut! Vidare langs den spennande og flotte ryggen til det luftige og meget fine toppunktet på Middagstinden. Lang og god pause i sola, her snakkar >>>

Map     2 comments

Rauma: Prosten, Langfjellet, Trollstolen, Blåstolen

Date:
11.10.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:26h
Distance:
23.1km

Første dag av eit kort 3-dagersraid i haustferien. Kom til Måndalen måndag kveld og overnatta på Måna camping. Runda over desse toppane er veldig fin. I skoggrensa ca 460 moh ligg det nokre hytter. Her møtte eg trivelege folk som var der på overnattingstur med veslejenta. Flott plass å tilbringe nokre dagar i den solvende sida der. Elles såg eg hverken folk eller fe på turen. Meir info finst under bilda.

Map     3 comments

Stryn: Hogden

Date:
02.10.2016
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Stryn: Kamperhamrane

Date:
01.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
5:30h
Map    

Volda: Trollvasstinden

Date:
24.09.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:02h
Distance:
10.8km
Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
21.09.2016
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
18.09.2016
Characteristic:
Hike
Map    

Eid: Lotsbergstøylen

Date:
12.09.2016
Characteristic:
Hike
Map    

Skjåk: Uppnosi

Date:
11.09.2016
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
3:20h
Distance:
10.5km

Denne toppen har vi kikka på mange gonger. Fin topp å ta som beinstrekkjar på vei heim. Då passa det veldig fint denne gongen, sidan veret på Krossbu ikkje var allverden siste dagen på årets Peakbooktreff. Ein stor delegasjon hadde vore på toppen laurdag, vi fekk info med dei om turen. Kjøyrde opp forbi Bråtågrendi og tok av på grusvei til høgre på Mork. Fulgte denne til høgste punkt på veien ca 900 moh. Herifrå går det ein traktorvei til topps på Uppnosi. Slak stigning og eit lite stykke å gå, ca 5 km ein veg. Tørr og fin tur som vi gjekk med joggesko. Lunt og fint nede i skogen, men på toppen blåste det surt. Vinjar gjekk oppover ein del, litt på skuldrane og meis til slutt over tregrensa. På retur fekk han sove i bæremeisen. Frå Bråtååsen kjøyrde vi nordover >>>

Map     2 comments

Lom/Luster: Kjerringhetta

Date:
10.09.2016
Characteristic:
Hike
Distance:
14.9km

Peakbooktreff, laurdagstur. Bastolen, Hanna og Steffen vart med på denne. Vi kunne spart oss for 12 km på grusvei dersom vi hadde kjøyrt inn. Eg hadde rekna med veien var stengd sidan det er teikna inn bom på kartet. Dette skjønte vi etter ei stund men då var vi alt godt i gang og veret heilt finfint. Så skal ein no prøve fylle dagen med eitkvart og. Planen var 2 toppar, men den andre som vi hadde tenkt å ta på retur droppa vi sidan veret då var alt anna enn bra. Inne ved demninga var det ein del bilar og fleire lavvoar. Vi såg nokre rypejegerar, men ikkje ein fugl eller eit skot å høyre. Tok matapause ved demninga og akkurat då kom skodda sigande. Over demninga, og det starta å regne. Fulgte stien eit stykke før det vart oppover blankskurde sva og til flott varde på toppen. >>>

Map