Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Eid: Blåsvednykjen

Date:
13.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Map    

Eid: Lotsbergnibba

Date:
12.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Distance:
4.8km
Map    

Vågå: Trollhøe

Date:
07.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:04h
Distance:
7.4km

På vei heimover frå siste sommartur til Nordmøre og Oppdal plukka vi Trollhøe. Vi var leie av å kjøyre nedover M&R så då passa det med ein tur over Dovre og Strynefjellet. Kom fram til Lemonsjøen i halvåttetida. Det var sjølvsagt stengt av på parkeringa til skitrekket, så vi kjøyrde tilbake og prøvde ein rasteplass. Her var det ikkje lov å overnatte, så vi kjøyrde enno lenger til eit skilt med CAMPING KR 100 på nedsida av veien. Dagen etter rusla vi til Trollhøe i bedagelig tempo. Gjekk ruta som arntfla (Arnt Flatmo) har beskrive. Veldig fint og lett å finne fram. Ein kar holdt på med stutten og slo noko gras der stien starta. Seinare møtte vi han igjen med stikker, han holdt på med merking rundt om. Slo av ein prat med han. Det bles ein del på toppen men fin temperatur og godt ver. >>>

Map    

Oppdal: Storbekkhøa

Date:
06.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:49h
Distance:
13.7km

Etter ei natt hos Johan var det å finne ein lett tur før vi vende nasa heimover. Valget vart Storbekkhøa frå Storli, guide og sherpa var Johan. No har vi bært Vinjar på alle turar han har vært med på. Derfor var det svært befriande at Johan ville ta denne dagen. I utgpkt skulle han bære i starten, men han berre gønna på så alvorleg at vi hadde nok med å halde følgje. Det var heller ikkje muleg å få han til å gje frå seg guten til foreldrene! Kjempegreier, takk Johan! Turen til Storbekkhøa er ein lett tur. Parkerte på Storlia og betalte parkeringa, kr 30. Frå Storlia gjekk vi på vei eit stykke vestover i retning Lonaplassen. Tok av på sti som går heilt til topps. Denne stemmer bra med det som er teikna inn på kartet. Frå toppen er det utsikt til ei mengde kjende og >>>

Map    

Sunndal: Litlhøa, Mardølhøa og Saudalshøa

Date:
05.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:49h
Distance:
15.0km

Vi parkerte på Vangshaugen og brukte lang tid før vi kom oss avgarde. Gjekk til slutt over den veldig smale steinbrua og tok av med ein gong til høgre over myrar og forbi mange hytter. Stien til Hjelle/Gjøra skal ikkje være merka iflg skilt på Vangshaugen. Vi vart difor veldig i tvil kvar vi skulle gå. Tok til slutt av opp ein vei til ei hytte, men det var sjølvsagt feil. Istadenfor for å gå nedover igjen gjekk vi på skrå bortover lia eit stykke til vi møtte ein veldig god sti. Denne var merka oppover mot Mardølhøa, men forsvann etterkvart. Gjekk oss på 3 stk som sat ved stien og kosa seg. Det var biologar på feltoppdrag, fjelltur med betaling. Enda til slutt på Litlhøa etter ein matpause på Mardølhøa. På returen gjekk vi nordom både Mardølhøa og Kvannfjellet. Her >>>

Map    

Sunndal/Surnadal: Viromkjerringa

Date:
04.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:00h
Distance:
11.5km

Vi kom frå overnatting ved kyrkja på Ålvundeid. Der var det fint å stå, roleg og fredeleg. Kjøyrde austover opp Viromdalen og parkerte sør for veien i krysset. Gjekk oppover mot dei 2 gardstuna, her kom vi i prat med bonden tilhøyrande det austlege tunet. Han var ein triveleg kar, men når det kom til ruta opp mot Litlråkvatnet hadde han ikkje mykje gode nyheter nei. Der var det bortimot gjenvakse alle plassar. Høgt gras og kratt overalt. Var ein heldige kunne ein finne eit par meter dyretrakk her og der, men det var ikkje noko samanhengande rås å følgje. Vi mista heilt motivasjonen. Etter litt prat og meir spørjing om rute osv, tipsa han oss om å gå litt vestover og følgje skogsveien oppover. Vi så gjorde, og til vår store overrasking kom vi til merka sti etter ei stund. >>>

Map     1 comment

Tingvoll/Sunndal: Hufatet

Date:
03.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
8.0km

Denne dagen delte vi opp...Lise gjekk ein tur; Hafstadvatnet til Hufatet, Flånebba, Smisetnebba og ned til Smiset. Vinjar og eg gjekk Hufatet tur retur frå Hafstadvatnet. Og til slutt gjekk eg åleine frå Smiset Tingvoll/Sunndal: Smisetnebba mm. Tingvoll pf 100 komplett Vi kom til Hafstadvatnet og parkerte på ei lita lomme der den merka ruta til Hufatet startar. Tok tidleg kveld, men etter vi la oss var det eit fæla show utanfor med traktor, atv, sauer og masse gauling og folk. Å få desse sauene inn i den innhegninga var ikkje lett, så mykje forstod vi på ordvalget utanfor. Til slutt gav dei opp og det vart stille. Vi møtte 2 av dei dagen etter og kunne fortelje om underhaldninga frå bubilen. Vakna til kjempever. Ei dame med 5 ungar stod klar til å ta fatt på tur til Flånebba. 5 ungar! Steik, ho fekk skryt for arbeidet med oss. Eldstemann, >>>

Map    

Tingvoll/Sunndal: Smisetnebba mm. Tingvoll pf 100 komplett

Date:
03.08.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:05h
Distance:
18.6km

Vinjar og eg kom frå tur til Hufatet. Kjøyrde frå Hafstadvatnet til Smiset og venta på Lise der, ho gjekk Hufatet, Flånebba og Smisetnebba. Etter kjapp prat og litt info skilde vi lag nok ein gong. Avtalen var å møtast ein plass på Ålvundeid der Lise skulle finne plass til bubilen og overnatting. Gjekk den våte og litt uryddige råsa mot Smisetnebba. Tok av og gjekk først til Mereftahaugen, deretter Smisetnebba, Flånebba og Røsetkinna. Rett før Smisetnebba møtte eg fordundre meg igjen ho dama med dei 5 ungane som vi møtte på Hufatet-turen. Dei hadde bestemt seg for å gå heile runda. Meget imponerande for å seie det mildt! Hadde nok ein prat med dei. Frå Røsetkinna gjekk eg mot Røsetsætra. Her fann eg skogsvei av nyare type som eg fulgte ned til bygda. Trakka langs vei >>>

Map