Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Surnadal: Blåfjellet

Date:
07.05.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:30h
Distance:
6.0km

Kom frå Folddalen og var usikker på vidare framdrift. Parkerte ved bautaen ved Haugavatnet og tok ein kartstudie. Her vart det ein impulstur! Klokka var 18 og eg kunne ikkje sitte i bilen og kope heile kvelden. Veret var og på mi side, ikkje nedbør lite vind. Gjekk gjennom eit par granfelt og opp ryggen mot Stabben. Traverserte bort sida i snøflekkar og kratt før eg kom fram til sørvestryggen opp til Blåfjellet. Enkelt å følgjen denne til topps. Litt lett skodde som kom og gjekk. Ikkje bok på toppen, men ei treplate med desse bokstavane på som eg har blitt vant til i Surnadal. Ei blåmerka rute kom opp frå vest, kvar denne startar må fuglane vite. Retur la eg til Sørentjørna, då slapp eg krattet og snøen der eg gjekk opp. Ein kjapp tur på 1,5 time avslutta dagen. Overnatta >>>

Map    

Surnadal: Nonshaugane, Skrøåfjellet, Tindfjellet

Date:
07.05.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:17h
Distance:
26.9km

Vakna i Folddalen ved demninga til mykje vind og litt grått. Hadde Snota i tankane men ingen krise om eg ikkje kom dit. Etter mykje grublerier og pakking kom eg meg til slutt avgarde. Det var meldt ein del vind, noko som så langt viste seg å stemme. Gjekk den vanlege ruta mot Snota og plukka Nonshaugane. Vinden var ikkje grei. Motivasjonen for Snota åleine var ikkje tilstades. Gjekk difor heller til Skrøåfjellet. Glei nordover til skaret igjen, ca 700 moh. Gjekk med vinden i ryggen ein fin tur til Tindfjellet. Skreiv meg inn i boka. Retur rett ned til bilen igjen utan eit stavtak. Flott tur sjølv med litt vind. Ingen andre å sjå i fjellet denne dagen. Snota har eg ein plan med til fots.

Map    

Surnadal: Romålihøgdin, Steintelfjellet, Telefjellet

Date:
06.05.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:05h
Distance:
21.9km

Vi hadde nettopp rydda ut og vaska kåken i Todalen, Lise og Vinjar reiste heim. Eg skulle på soloraid nokre dagar som starta med eit kanonver. Valget for tur vart ein rett i nabolaget. Kjøyrde opp Todalen og tok av til venstre ved brua, merka Romådalen. Kjøyrde til eg såg skilt Romådalen igjen og parkerte på god plass der. For første gong i år starta eg i shorts. Gjekk i lette sko med skiskoa i sekken. Først på dårleg vei/sti, så inn på ein veldig god vei, før eg tok av i ein sving på veldig god sti som gjekk rett fram opp langs elva. Kom til slutt inn på veien igjen rett før den slutta. Kjempeflott innover dalen, enorm vassføring i elva. På ca 400 moh ved ei grind gjekk eg bratt opp gjennom lia til eg tok på skia på ca 600. Blaut og råtten snø men snart oppe på kanten >>>

Map    

Surnadal/Halsa: Hjelmen -> Holtakammen

Date:
04.05.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:54h
Distance:
30.0km

Sørsida av Hjelmen er ei snørik side som viser lang veg. Lenger austover mot Tverrlihytta minkar det på snøen. Registrerer denne som fjellskitur, men faktum er at ca ei mil gjekk eg til fots med skia på sekken. Hadde tatt med tørre sokkar og fjellsko. Kjøyrde til Bele og parkerte ved kraftverket, hadde avtale med eigaren som vi besøkte for eit par dagar sidan. Gjekk oppover kraftgata og tok på skia før eg bikka kanten til vatnet. Godt med snø rundt vatnet og opp til Hjelmen. Snøscooterspor alle plassar inni brattaste henga. Den enorme vinden som var meldt i dag merka eg godt på Hjelmen og Hjelmkona. Seinare stilna det av og vart rett så koseleg. Topp nr 3 vart Saufjellet, nr 4 Høystakken. Glei ned på myra sør for Tverrlihytta. Her bytta eg til fjellsko og tok skia på sekken >>>

Map     3 comments

Surnadal: Gammelsætra

Date:
03.05.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
2:00h
Distance:
5.4km
Map    

Surnadal: Telstadfjellet

Date:
02.05.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:07h
Distance:
9.7km

Vekslande ver nok ein dag. Sol og kraftige snøbyger. Kjøyrde til Surnadal og tok av nord for elva til Bergheim. Holdt fram på grusvei til venstre før siste tunet og kjøyrde til ein lunneplass der det var gode parkeringsforhold. Tok traktorveien til høgre og etter ei stund til venstre der den deler seg. Etter ein km var det på med ski for meg og truger for Lise. Det var enno over 3 km i luftlinje til toppen, og veret var tjukk snøkave. Denne letta etter kvart og vi fekk flott ver på toppen. Matøkta tok vi ståande 800 meter før toppen. På retur fekk vi nok ei saftige byge rett i trynet før det skein opp nok ein gong. Flott skue over dalen til Honnstadnyken som vi var på for nokre dagar sidan. På lunneplassen vart det utelunch for heile familen.

Map    

Surnadal: Bølia

Date:
01.05.2015
Characteristic:
Snowshoe trip
Duration:
2:53h
Distance:
10.1km

Familietur til Bølia vart dagens valg. Greit ver men kaldt i lufta og nokre byger trua rundt om. Kjøyrde til Flesavika og parkerte der den tydelege bomveien startar. Fulgte denne ein dryg km før det var blåmerking til Flessasetra. For det meste på skogsvei, lett å finne fram. Rett over sætra måtte vi til med ski og truger som Lise bar opp dit. Toppvarden var tydeleg og lett å sjå der oppe. For første gang i år høyrde vi den vemodige karakteristiske heiloen oppe i rabbane her. Nesten til å bli glad av! Kald vind på toppen, Saksa låg innhylla i skodda og ei svarte byge kom inn fjorden. Lise fekk sette fine svingar nedover lia, medan eg labba på truger med Vinjar på ryggen. Tok ei skive i handa medan vi gjekk. Tilbake ved bilen vart det utelunch på heile gjengen, no i sol og >>>

Map