Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Surnadal/Hemne: Dyrstolan, Hardbakkfjellet, Neverholtfjellet

Date:
30.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:30h
Distance:
18.5km

Som i går gjekk Lise og eg denne turen som 2 soloprosjekt. Kjøyrde til Toreseter og ringde på ei dør, snakka med ei kone og mannen Jostein Olav eller Olav Jostein. Fekk parkere og litt tips som viste seg å være tidkrevande. Kom meg avgarde ca 0900 og gjekk opp langs scootertrase på austsida av elva, retning Vassdalsvatnet. Her vart det forferdeleg mykje skia av/myrtrakking med ski på før eg kom meg over kanten og ned til vatnet. Overraskande lite snø innover og opp mot Dyrstolan men gjekk med skia på. Dei austvende sidene i dette området var mykje meir snørike. Dyrstolan er ein flott topp. God utsikt i alle retningar i strålande ver. No var planen vidare rundtur. Tok av feller og glei mot Hardbakkfjellet. Kom til kraftlinja, fellene på og lett stigning til toppen. Det er to toppunkt, >>>

Map    

Surnadal: Honnstadknyken

Date:
29.04.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:08h
Distance:
14.7km

Denne turen gjekk Lise og eg kvar sin gong. Eg møtte Lise ved bommen til Vindøldalen der vi bytta bilar og Vinjar bytta selskap. Kjøyrde oppover til ca 265 moh, der står det merka til høgre med skilt "Kløvvegen". Parkerte på venstre side av vegen. Tok på ski med ein gong og tråkla meg innover snøflekkar og myrparti. Passa på å halde høgda godt sør for Mausetsetra. Måtte opp ei svinbratt kneik der Lise hadde kjøyrt ned. Rausa utfor ein hammar ein gong. Måtte prøve ein gong til utan ski og sparka meg opp. Vidare lett langs ryggen langdrygt til topps. Det flotte veret som Lise hadde var no litt gråare. Kort pause, signerte i boka. Kjempeflott utsikt i alle retningar, heilt til Tustna og innover i Trollheimen. Bratt og luftig på nordsida ned i Surnadalen. Retur samma >>>

Map    

Meldal/Rindal: Raudfjellet, Svarthatten og Tovdalsberga

Date:
28.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:49h
Distance:
25.0km

3 grensetoppar mot Sør-Trøndelag var dagens mål. Kjøyrde frå Rindal merka Resvatnet på dårleg vei, over fylkesgrensa på endå dårlegare vei. Parkerte på stor parkeringsplass, merking Jøldalshytta 15 km. Innover veien vart det ein del luring for å få pulken gjennom utan for mykje grusdraging. Kryssa Raudfjellbekken nord for Sausætra og peila oss mot Raudfjellet. Eit merkeleg grått skysystem var under oppbygging rett sør for oss. Valget var at Lise og Vinjar returnerte medan eg skulle plukke 2 til. Lise kjøyrde telemark med Vinjar bak. Utruleg kor fint den pulken svingar nedover. Eg gassa på vidare på fjellskia mot Svarthatten. La på langfellene og opp ryggen frå nordaust. Vinden auka på og ei jæklige snøbyge kom deisande. Gjekk med skia på skuldra på bart fjell sørover >>>

Map     2 comments

Surnadal/Rindal: Ura, Kufjellet, Trollhøtta og Gaddfjellet

Date:
27.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:15h
Distance:
32.1km

Soloprosjekt frå Folddalen. Parkerte der den merka ruta til Ura startar. Gjekk på hardt og godt føre forbi Aunesætra og inn Storbekkdalen. Vidare rett mot Kufjellet. Glei så langt eg kunne til austsida av Austre Bøluvatnet. Opp mot Trollhøtta såg det dårleg ut med snøen, men klarte det med skia på heilt til topps. Mykje rein, såg og ei med liten kalv. Ein kar hadde skrive seg i boka før meg denne dagen. Nord for Trollhøtta var det eit helsike nedover på islagt svineri. Enda med ski av og labbing nedover. Nordover til Gaddfjellet, der samme karen hadde skrive i boka der og. På heimveg gjekk eg over Litltrollhøtta for å få gliparti heilt til sætrane sør for Rennslivatnet. Då var det siste bakken til Ura. 500 høgdemeter i sol og veldig god temperatur. Frå Ura og rett sørover >>>

Map    

Surnadal: Slettfjellet Kufjellet Langøyfjellet Seterfjellet

Date:
25.04.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:49h
Distance:
24.4km

Parkerte ved hengebrua i Vindøldalen ca 300 moh. To bilar for anledningen sidan Lise og Vinjar skulle returnere før meg og Geir Arne. Lise la hardt ut med pulken, avtalen var at eg og Geir Arne skulle ta ho igjen oppi lia, noko som sjølvsagt aldri hendte. Vi gjekk først mot Slettfjellet og plukka den. Eit blikk over Kudalen mot Kufjellet kunne bekrefte at Lise hadde samme høgde som oss og meget god framdrift. Glei ned i Kudalen og gjekk kortaste veien mot Kufjellet. Der møtte vi Lise og Vinjar. God stemning og toppers ver. Meteorologane hadde meldt regn heile dagen, ubegripeleg at ein kan bomme så saftig. Etter mat og foto skilde vi lag. Geir Arne og eg gjekk mot Langøyfjellet. Der møtte vi utflytta surnadaling og no hytteeigar i Vindøldalen, Stig Wigum. Han hadde litt av kvart å >>>

Map    

Surnadal: Bollen

Date:
24.04.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:17h
Distance:
7.7km

Plukka opp Lise og Geir Arne på Hyllbakkan og kjøyrde til Surnadal alpinsenter. Dei hadde gått runda Vindnebba, Strengen, Syltnebba. Eg var meget rastlaus og valget vart å sjekke ut Vindøldalen og Bollen. Geir Arne var med etter litt handling og ompakking. Ved bomen såg vi Bollen så vidt og det tetta seg veldig til i høgda. Geir Arne kom med trikset "Stein tar aldri feil" Eg valgte handa med stein i, noko som betyr godt ver og suksess. Parkerte der sommarruta over Bollen starta og la i vei. Passerte nokre jervespor som holdt på å snø igjen. Såg lite i snødrevet og sjølv Krokfoten var begynnt å tvile på den steingreia på vei oppover. Nokre minutt før toppen såg vi sola så vidt gjennom skyene og iløpet av få minutt fekk vi ei fantastisk kveldsoppleving på Bollen. >>>

Map    

Surnadal: Storhaugen

Date:
23.04.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:19h
Distance:
5.0km

Ein spesielt ruskete dag, resultat vart ein trimtur i Todalen. Kjøyrde til Todalshytta og rett forbi, der er det parkering og skilting til Storhaugen. Ein kan velje 2 ruter. Tjukke snøbyger og mykje vind, vi pakka oss godt inn. Gjekk over ei mark og vidare langs skogsveiar til vi tok av opp ein god sti. Stien gjekk til nokre benkar ved eit utsiktspunkt. Dette var imidlertid ikkje høgaste punktet. Det låg litt lenger bakpå, vi gjorde det vi kunne for å finne høgaste tua.

Map    

Tingvoll/Sunndal: Mulvikknuken

Date:
22.04.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:30h
Distance:
4.9km

Ein av naboane i Todalen var litt bekymra for oss, det var meldt full storm i fylket. Vel vi la no ut på tur. Kjøyrde til Mulvika sør for Ålvundfjorden. Prata med ein eldre kar der, han kunne fortelje oss at vi kunne kjøyre eit godt stykke oppover veien. Parkerte før ei bru. Gjekk til høgre over brua og mot ein velteplass. Fulgte skogsvei oppover og tok av til høgre på den nest siste stubben som går austover. Gjekk denne til ende og bratt opp gjennom eit granfelt. Vidare oppover var det åpen fin skog og lett å gå. Kassa til "Tingvollturen" låg tom og forlatt på toppen, utan innhald. Bra vind på toppen, berre å komme seg kjappt nedom kanten, i skogen var det le og koseleg å være. Vidare mot Ålvundeid og Gjersvollhaugen for meg, Fjellhaugen og Peknuken for Lise. >>>

Map    

Sunndal: Gjersvollhaugen

Date:
22.04.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:15h
Distance:
6.3km
Map    

Surnadal/Sunndal: Todalsøra -> Ålvundeid

Date:
21.04.2015
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:24h
Distance:
22.0km

Ein skikkeleg god start på dagen med sol og ikkje ei sky. Parkerte på Holmen og fulgte skogsvei mot Hallsetsetra. Tok på skia på ca 300 moh, drakk ein liter vatn og fylde flaska. Gjekk sør for Litlfjellet og rett på Rambjøra. Vidare forbi Botnnebba som eg droppa og mot Vassnebba. Det nyttar ikkje å komme til Todalen og snakke om Grånebba, her heiter den Vassnebba. Sida oppover var eit helsikes dritføre med ei hard isskorpe. Tok på stegjern og slengde skia på sekken dei 300 høgdemeterane opp. Kasse med bok som vart signert. Eit blikk på Viromkjerringa gjorde valget lett, denne blir tatt seinare. Steinete og islagt oppover sida. På vei nedover mot Børsetkjerringa møtte eg lokalkar Finn Børset som eg hadde ein lang prat med. Plukka Børsetkjerringa før eg glei ned rundt Kjerringvatnet. >>>

Map