Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Surnadal: Gammelsætra

Date:
18.04.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:19h
Distance:
5.4km
Map    

Sunndal/Surnadal: Bollknubb2

Date:
17.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:00h
Distance:
10.5km

Etter 2 pulkturar på Løålikjølen og Garthøglia var dagen forsåvidt grei. Grisever i Surnadal, men når vi kom innover mot Todalen lyste Bollknubben fint mot oss i greit ver. Det er 2 Bollknubbar, den andre kan ein gå frå Nordvikstranda. Kom til Todalen ca 1730 og etter rask ompakking la eg ut på solotur. Kjøyrde retning Kårvatn, forbi Ørsal og tok av på svært god skogsbilvei ved samfunnshuset. Denne er kjøyrbar til ca 250 moh. Stor parkeringsplass. Holdt fram på ein dårleg traktorvei nokre hundre meter til før eg svinga sørover. Peisa på oppover i eit brukbart tempo. Tung sugande snø i gå i. Gjekk langs ein lang morenerygg, pause og kartstudier på ca 700 m. Peila meg inn på ryggen. Eit lite bratt parti før det flata ut. Her var snøen tørr, noko som sjølvsagt resulterte >>>

Map    

Surnadal: Løålikjølen

Date:
17.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:19h
Distance:
10.6km

Parkerte åleine på parkeringsplassen der den staka ruta til Løålikjølen startar. Svært varierande ver, byger og sol om einannan. Siste nysnøen var klissblaut, men lett å gå innover i det slake terrenget. Plaststenger markerer ruta heilt til topps. Det er vanlegvis oppkjøyrte spor her, etter påske har vel dette ikkje blitt prioritert. Kort pause på toppen. Det står ei grillhytte nokre meter vest for toppunktet. Denne skal være åpen men sidan veret akkurat no var finfint la vi i veg tilbake. På retur møtte vi 80 år gamle Styrkår Brørs på treningstur. Han vann 80-84 års klassa under årets Birkebeinerenn. Ein skikkeleg spreking som ikkje hadde tenkt avslutte skisesongen enno nei. Tilbake ved bilen vart det lunch før vi starta på Garthøglia vestover frå skistadion.

Map    

Surnadal: Garthøglia

Date:
17.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
1:30h
Distance:
7.2km

Kom frå tur til Løålikjølen. Parkerte på skistadion, ikkje eit skispor å sjå. Rygga bilen bak i snøen og lasta ut pulk, ski og folk. Sola varma no og vi fekk ein kjempefin tur. Her hadde vi ikkje info om løyper. Det viste seg at det var staka løyper så og seie heilt til topps. Rett sør for toppunktet stod eit skilt med "Garthøglia" på. Krongla oss opp siste høgdemeterane til toppunktet som er merka med både blå og raud måling. Trigpktmarkeringa ligg velta rett ved sida. Veldig lett retur samme veien. Vinjar skratta godt i pulken når det vart litt fart i nedoverbakkane.

Map    

Aure: Bjørnskardliknubben

Date:
16.04.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:45h
Distance:
6.7km

Iløpet av natta hadde det regna enormt og terrenget var så vått som det kan bli. Heldigvis var det opplett når vi kom fram til Dragseidet/Melland. Her er det skilta Knubben. den korte veistubben innover sør for Torelva er nygrusa og her er det fint å parkere. Flatt terreng innover på sti/gammal traktorvei. Etter kvart brattnar det til mot Mellandssetra. Svært god sti og lett å finne fram. Ruta går austover på ein rygg før ein kryssar elva og nordover mot toppunktet. Fin og lett rute som kan anbefalast. Nysnø på toppen, men nedbøren slapp vi heile turen. Retur samme veien, vidare mot Grisvågøya og den enorme Hisåsen.

Map    

Aure: Hisåsen

Date:
16.04.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
0:45h
Distance:
2.6km

Kom til Grisvågøya, ein fredens plett i utkant-Norge. Kjøyrde til Bugen og parkerte ved nokre postkasser aust for der traktorveien oppover startar. Gjekk gjennom tunet og forbi diverse skrot og skraml. Fulgte veien oppover til vi kom opp på høgda. 2 campingvogner som gav inntrykk av at eigaren hadde gitt opp campinglivet, samt mykje gode landbruksmaskiner som står ute heile året møtte oss her. Vi fann ikkje den raudmerka stien med ein gong, men den starta bak dei 3 Kverneland avlessarvognene som stod der. På høgre sida av den lisje marka. Når vi først fann ruta var det lett til topps. Kasse og bok på toppen.

Map    

Aure: Bergsfjellet, Rostolen og Pikfjellet

Date:
15.04.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
3:06h
Distance:
11.6km

Vi handla i Aure sentrum før vi starta dagen. Lise fekk bekrefta at nærmaste Vinmonopol er Kyrksæterøra! Kjøyrde til Løfall der vi fann parkeringsplass på venstre side rett før elva. Skilt om Skogbrann der stien startar. Vel, dagens ver gjorde oss ganske sikkre på at det skulle vi sleppe. Vi kosa oss litt i bilen med kaffe og mat før vi tok laust. Ei jæklige snøbyge kom deisande og motivasjonen fekk seg ein knekk. Ei lokal trimdame som kom frå Bergsfjellet kunne fortelje at det var greitt oppover, men noko vått. Ok, vi satsa iallefall på Bergsfjellet. Det er svært god sti oppover, lett å finne fram. Stien delar seg ved Bergsvatnet. Lett til topps over myrar og våte parti. Kasse og bok på toppen. Retur samme vei, men vi tok ein shortcut rett mot Bergssetra. Her er det merka >>>

Map    

Aure: Rottøyhaugen

Date:
15.04.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
0:30h
Distance:
1.9km
Map    

Aure: Høvikfjellet (M&R nr 700)

Date:
14.04.2015
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:58h
Distance:
2.8km

Map    

Aure: Bårsetfjellet

Date:
14.04.2015
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
2:12h
Distance:
8.7km

Det er muleg det går merka rute opp frå Bårset, men ingen info å finne om dette. Vi valgte turen frå vest sidan vi likevel var der i området. Parkerte på ein lomme sør for Vinsternesvatnet der bomveien startar. Dvs, ikkje betalingsbom eller stengt vei med bom, men åpen bom. Hadde vi hatt anna bil enn bobilen hadde vi kanskje vurdert å kjøyre inn. Veien innover er god og kjøyrbar svært langt. Fulgte veien til ein dårlegare traktorvei tok av bratt opp til høgre. Tok etterkvart av frå denne og fulgte diverse dyretrakk til vi kom oppom skoggrensa og såg toppen. Rett før toppen kom vi inn på ei raudmerka rute og tydeleg sti...kvar denne kjem frå er uvisst. Vermessing ein utriveleg tur, mykje vind og nedbør. Retur samme veien og vidare til parkering Imarbu og Ormbostadfjellet.

Map