Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rindal: Gråurfjellet

Date:
16.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:37h
Distance:
8.3km
Map    

Rindal: Skåkleiva

Date:
15.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:21h
Distance:
9.8km

Vi kom frå overnatting på campingplass i Surnadal. Planen var å rydde reint lave toppar nord i Rindal. Starta med Skåkleiva frå Brønstadøyan. Stien startar nær hovedveien. Det er muleg å parkere eit par bilar langs eit gjerde inn mot veistasjonen. Der står ei stor tavle...Tursti til Skåkleiva... med litt info. Bruk augene godt, vi kjøyrde forbi den. Forferdeleg surt ute så det vart ein skikkeleg lunch i bilen før vi våga oss ut. Gjekk over eit gjerde og fulgte merkinga oppover. Når vi kom opp til der innmarka/beitet slutta gjekk merkinga langs eit gjerde til skogsveien. Det er mykje kjekkare å gå den gode stien som startar der og går langs heile elvagjelet opp til der veien sluttar. Vi kom ned langs elva. Om du skal til Skåkleiva denne ruta så gå langs elva! Ved Bjørnåssetra >>>

Map    

Rindal: Tifjellet

Date:
15.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:36h
Distance:
6.9km
Map    

Surnadal: Berggrova, Fagerfjellet og Råslættkammen

Date:
14.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
2:53h
Distance:
10.6km

Betalte kr 70 for Vestre Nordmarksvegen. Kjøyrde 17 km på grusveg til demninga ved Litlbøvervatnet. Lise og Vinjar var med på alle 3. Tur 1: Gjekk over demninga og rett opp ein liten rygg. Her var det eit trakk vi fulgte ei stund før det vart over stokk og stein til høgste punkt. Dvs det er 2 aktuelle toppunkt. Der trigpunkt står, og eit 50-60 meter lenger nord. Snøbyger og surt, sol i neste øyeblikk. Akkurat på toppen var det fint. 230 hm/5,1 km/1 time 15 minutt Tur 2: Parkerte på veiens høgste punkt rett aust for toppen. Her startar eit trakk som går til Fagerfjellet. Ikkje heilt lett å følgje og vi mista det ca halvveis ved nokre myrparti. Lett til høgste punkt som ikkje var markert. Varde med bok ca 100 m søraust for toppunktet. Bra ver. 115hm/3,2 km/51 minutt Tur 3: Parkerte >>>

Map    

Halsa/Surnadal: Saksa og Valen (M & R nr 800)

Date:
13.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:53h
Distance:
12.4km

Vi overnatta i bilen på parkeringsplassen til Fjordruta/Jutulbu. Fulgte merka rute mot Jutulbu og Saksa. Først langs traktorvei og deretter på merka rute, lett å finne fram. Passerte skilt mot Valen, denne ruta kom vi tilbake på. Veldig vått i lange myrparti før stigninga verkeleg starta. Litt snø i Fjellskaret og oppover ryggen til Saksa. Eit lett skylag låg nedpå toppen akkurat når vi var der sjølvsagt. Returnerte ned til myrane og tok kortaste veien til Valen. Frå denne fann vi ei blåmerka rute tilbake til stien og skiltet. Denne er ikkje mykje brukt enno, men vil vel bli tydelegare etterkvart. Kjøyrde til Settemsdal og overnatte i ei grushole. Lise plukka Hjelmen medan Vinjar og eg prata med ein lokalkar som hadde kjøpt seg hytte til 10000 kr på ein campingplass. Vart vist >>>

Map     2 comments

Eid: Branden

Date:
08.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
6.0km
Map    

Eid: Åsane, ytre, øvre

Date:
05.06.2015
Characteristic:
Hike
Map    

Aure: Takk og farvel, pf 100 komplett!

Date:
03.06.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
2:12h
Distance:
8.5km

Finaledag i Aure. Vakna på parkeringa på Klakkan til ein sur dag. Vart 2 soloturar dette sidan veret var dårleg og toppane/terrenget ikkje all verden å væte seg ut for Vinjar og Lise. Tur 1: Kjøyrde til parkering nord for Sæterelva. Her er det merka Sandvasstien. Denne fulgte eg nokre hundre meter før eg tok av langs åpne parti med delvis bart fjell oppunder hammarane rundt 400 moh. Krongla meg oppover i ulendt terreng og etterkvart flatt bortover til grensepunktet 592. Det er usikkert om dette er høgste punktet på fjellet. Eit punkt ca 275 m lenger vest (søraust for det lissje vatnet) målte eg til same høgde (5m koter på kartet). Finn ikkje høgder på desse på karta. Legg inn Svarthammaren med 592m/pf 15m enn så lenge. Grensepunktet som hovudtopp. Retur samme veien etter >>>

Map     2 comments

Aure: Klakkan rundtur

Date:
02.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:15h
Distance:
24.3km

Vakna på Klakkan til skyfri himmel. 4 stk som skulle på ruta til Storfiskhytta kunne tipse oss om ruta til Storklakken. Ingen merking eller skilting frå parkeringa, ganske utruleg. No er ikkje vi spesielt opptatt av svarttrakka stiar men trudde her at vi skulle finne ei god rute til denne markerte toppen. Fulgte veien 5-600 meter vestover og skulle finne stien her. Det gjorde vi ikkje. Gjekk gjennom ei grind og langs eit gjerde. Her fann vi første raudmerkinga. Stien oppover var bratt og kronglete men gjekk no heilt greitt. Eit skylag hadde sige innover og vinden var tiltakande. Ikkje det heilt store lenger, Lise og Vinjar returnerte til parkeringa medan eg tok ei lenger runde for å prøve fullføre dette Aure-prosjektet. Ruta vart Litklakken-Kvenngrøfjellet-Bjørkalifjellet-Svartvassknubben-Sølømsfjellet-Vihalssætra >>>

Map    

Aure: Steingeita, Ormsetfjellet, Hisåsen og Teviklia

Date:
01.06.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:30h
Distance:
17.5km

Frå Aure sentrum er det merka Parkering Rovangen 6 km. Dette er ved ei skihytte/lysløype med reklame på bygget, Ove Aunli Sport 1 osv osv...(Tankane gjekk til 1985 og VM-stafetten i Seefeld) Her skulle vi få stå i fred lova ein lokalkar eg snakka med. Han forklarte meg kvar vi skulle gå for å komme oss over elva og mot Ormsetsætra. Gå nedover langs elva, over ei bru, rett nedover til venstre igjen, over ny bru og over ei myr til veien. Eg takka og bukka medan gneistar og småstein spruta rundt øyrene mine idet den senka BMWen i 5-serien spann avgarde. Etter ei god natt i bobilen vakna vi til godt turver, meldingane utover dagen var mykje dårlegare så her gjaldt det å komme seg avgarde. Gjekk slik BMW-karen hadde forklart, kom fram til ei bru før Ormsetsætra der det sat eit troll >>>

Map