Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rondane dag 3: Diger-Midt-Høg

Date:
06.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:49h
Distance:
24.8km

Denne turen er det vel skrive bra om frå før. Vi fulgte merka rute mot Rondvassbu og tok av mot Salen ca ved punkt 1203. Gjekk først på Digerronden og vidare mot Høgronden som vart siste topp for oss på denne runda. Flott ver og triveleg møte med eit par danskar som gjekk Rondane rundt-ruta på under 24 timar. The Norwegian Manhood Test stod det på vestane deira. Det som prega oss veldig denne dagen var at vi fann eit lam eit par hundre meter etter at vi tok av frå stien. Høyrde noke bræking som vi ikkje kunne skjønne kva var. Gjekk etter lyden til vi såg frambeina og haudet til eit lam som stakk opp mellom to steinar. Den sikre død om vi ikkje hadde funne det. Det sat bom fast og vi fekk dratt det opp etter beina, i sikkerhet for denne gang. Kor lenge det hadde vært i klemme >>>

Map    

Rondane dag 2: Smedbotn rundt

Date:
05.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:30h
Distance:
26.1km

Vi vakna tidleg av solsteik på teltduken. Dette endra seg medan vi åt havregrauten. Tunge svarte skyer kom inn frå sørvest, og etterkvart nokre sure byer. Vi måtte finne på eit kvart og satsa på Nordre og Søre Smedhamran. Fulgte merka rute mot Rondvassbu og tok av mot foten av Nordre Smedhamran. Forferdeleg dryge parti her, spesielt Lise synest dette er noko herk. Ho vil ha motbakke med ein gong! Veiret hadde bedra seg merkbart og vi såg ikkje meir til regn denne dagen, faktisk vart det ein kjempedag. Vel framme på Søre Smedhamran var det dags for litt overtaling. Vi hadde eigentleg fått turen som var planen, men no var veiret heilt toppers og vidare mot Storsmeden såg det enkelt ut. Såg og folk på Veslesmeden. Etter ein del lirking og luring (viktig å ta seg god tid) så seier >>>

Map    

Rondane dag 1: Stygghøin

Date:
04.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
11.7km

Vi kom til Dørålseter ca 1330 etter å ha kjøyrt frå Lote på morgonkvisten. Planen var toppar i Rondane >1800m >100 m pf. Dørålseter virka som eit spennande utgangspunkt for turar, trass lange anmarsjar. Dette er ikkje noko for vestlendingar som er vant til at det går rett opp frå fjorden. Dag 1, plan Stygghøin. Lavt skydekke nedpå toppane men ikkje nedbør. Gjekk frå Dørålseter mot Dørålsglupen, tok av stien og gjekk mot pkt 1584 og vidare til Småhaugan. Skilt på toppen seier at denne heiter Stygghøin. Frå ca 1600 moh surna det til og det vart både regn og ein helsikes vind på toppane. Gjekk på GPS. Frå topp 1853 rett austover mot Skagsnebbtjønne. Fann nokre snøfelt her som vi sjølvsagt nytta. Lett retur på sti frå vatnet til Dørålseter. Ein sur start på >>>

Map    

Luster: Fannaråken

Date:
02.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
15.0km
Map    

Lom/Luster: Stehøe og Stetinden

Date:
01.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
12.5km
Map