Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Sunndal: Seterfjellet og Råstu

Date:
18.05.2013
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:37h
Distance:
28.8km

Kom frå teltovernatting ved Gjevillvatnet. Parkerte på Vangshaugen 740 moh. Skeptiske til snøforholda, men det såg bra ut oppover lia. Men så kom denne karen og lufta bikkja si. "Ja det blir bløtt i dag ja, var oppover i går. Gjekk i sørpe til langt oppå leggen" Så demonstrerte han med hendene sine ei høgde som tilsvarte ca 50 cm.... javel ja tenkte vi... Litt meir prat om kvar vi skulle. Seterfjellet og mot Råstu på returen. "Det er 4 mil ja, forferdeleg langt" Ok sa eg , har målt det til 3 mil på kartet. Vi avslutta den samtalen og kom oss avgarde. Han gjekk med bikkja si veldig nærme det området der vi nettopp hadde gjort eit viktig ærend. Best å komme seg til fjells. Fulgte delvis merka sti mot Raubergshytta. Ski på sekk oppover lia til ca 1000 m. >>>

Map    

Oppdal: Blåhøa og Søndre Falkfangarhøa

Date:
17.05.2013
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:32h
Distance:
24.9km

Vi vakna på Oppdal til strålande ver og nasjonaldagsfeiring. Turen på Ilfjellet var alt gløymt. Rennebu: Ilfjellet Ein kjapp titt på TV medan vi åt frokost fortalde oss at ting er som før. 138 barneskular i toget i Oslo, Blomster-Finn i studio, teite spørsmål frå diverse folk med mikrofon og kongefamilien vinka fint som dei alltid gjer. Kunne muligens vært reprise frå i fjor utan at vi hadde reagert. Vår feiring av dagen blir som vanleg ein fjelltur, dagens mål ein riktig høgpf frå Gjevillvatnet. Parkerte på den store parkeringsplassen på Raudøra. Såg bra ut med snø oppover. Den var riktignok blaut og det vart ein del avpåavpå med skia. Etter ei stund tar vi igjen far og son som har tenkt seg på Blåhøa. Dit kom dei aldri, son sleit med noko gnag på hælen, forma og motivasjonen såg >>>

Map    

Rennebu: Ilfjellet

Date:
16.05.2013
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:40h
Distance:
23.1km

Kom frå Trondheim, på vei til Oppdal og Joso. Tok av på Garli mot Langvatnet. Betalte bomavgift kr 40 og håpte vi kunne kjøyre langt, til Ilbogen. Dessverre møtt av bukk ved velteplassen. Ok då vart det lang veilabbing igjen då! Forrige labbeprosjekt var Bløhøe på Vågå. Gjekk med skiskoa i sekken til sætrane (Nyhussætra?) Mykje kupert opp og ned, ski av og på det meste av turen. Otto skriv vel at det er mykje dalar, knattar og terreng rundt dette fjellet og det stemmer. Ein sånn der tur....Det var like langt på vei tilbake. Nei no er det til Oppdal og besøke Johan! Gode meldingar for helga og planane er meir potensvekkande enn dette. Adjø Ilfjellet! Vi kjem ikkje tilbake!

Map    

Vågå/Dovre: Blåhøe

Date:
11.05.2013
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:30h
Distance:
26.0km

Etter ein lang tur frå Billingen på særs blaut og råten snø Skjåk/Lesja: Stamåhjulet og Skarvedalseggen var vi ikkje gira for meir turar rundt Grotli. Valget falt derfor på Blåhøe. Vei heilt opp, sannsynlegvis kjøyrt med trakkemaskin i løpet av vinteren. Vi var mentalt forberedt på å gå frå betalingsbommen på ca 660 moh. Då vi kom dit stod det og skilt om at vegen var stengd pga opptørking. Snakka med eit par som kom gåande og dei meinte vi kunne kjøyre lenger, men vi våga ikkje trosse skiltet frå Vågå kommune. Berre å laste skia på sekken og labbe avgarde. Eit par bilar passerte oss på veg oppover. Nokre karar med hangglider på taket såg rart på oss. Kanskje forståeleg sidan snøen uteblei. Gjekk heilt til Vole på tørr fin vei. På ca 1100 m kunne vi ta på oss skia, og no fekk vi bruk for dei likavel! >>>

Map    

Skjåk/Lesja: Stamåhjulet og Skarvedalseggen

Date:
10.05.2013
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:44h
Distance:
30.0km

Vi pakka i bilen på Grotli og kjøyrde mot Billingen. Usikre på veret, nokre forferdelege regnbyger nedover langs Vuluvatnet. Parkerte på sørsida av elva ved Billingen. Tok på skia med ein gong men føret var snø/lyng/snø/lyng langt oppover lia. Etterkvart meir snø av den blaute og råtne sorten. Til tider gjekk vi heilt igjennom med sørpe oppå leggen. Jadda, dette kan bli morro! Labba innover det slake terrenget, først på ca 1400 meter vart snøen stabil nok til å bære oss heile tida. Fristelsen vart sjølvsagt for stor og vi plukka ein "bonustopp" på veien. Frå 1425-toppen gjekk vi i rett linje mot Stamåhjulet. Veret kom seg veldig og det var sol som varma veldig godt. Runda og kom opp frå sør. Vidare ned i skaret mot Skarvedalseggen. Ståande matpause. Mykje >>>

Map    

Skjåk: Huguvarden og Blankåhaugen

Date:
09.05.2013
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:00h
Distance:
12.8km
Map    

Selje: Geitahornet, Heidane og Høgegga

Date:
05.05.2013
Characteristic:
Hillwalk
Map    

Sogndal/Leikanger: Lusaskard og Skriki

Date:
27.04.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:20h
Distance:
20.3km

Kom frå Sogndal og tok av på Fardal mot Raunehaug 5,0 km. Tildels dårleg veg oppover dalen, men dette skal det bli endring på no. Folket her "vann" kampen om linja Ørskog-Fardal. Er vel dei einaste eg har høyrt om som ser slik på det. Grunnen er at det blir bygd no 5 m brei veg nesten til Slakkafjellet som skal tåle xxx tonn. Frå siste garden såg vi motorvegen ta form oppover fjellsida. Ein svært pratande lokalkar på Valmet fortalde om vegen og fjella i området. Alltid moro å møte slike folk. Planen var rundtur Fjellsete, Lusaskard, Mjellhaugane, Skriki og nedkjøyring frå siste topp til Mannsverk igjen. Kort skibering før vi tok på skia, gjekk med breide telemarkski med tanke på nedfarten. Eigentleg ikkje spesielt tungt og dessutan utruleg mykje kjekkare nedover. >>>

Map    

Sogndal: Slakkafjellet

Date:
26.04.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:32h
Distance:
8.7km

Etter 3 sugande forelesningar om "Den tydelege læraren", "Kvifor gjer Sogn og Fjordane det så godt på nasjonale prøver" og "Matematikkvanskar" var hovudet klart for ein kjapp ettermiddagstur. Møtte Lise (som kom rett frå Stedjeåsen) og kjøyrde til Lereim. Kort skibering opp stølsvegen mot Lereimsstøylen. Frå stølen svinga vi sørover opp nokre bratte kneikar og småkupert til toppen av Slakkafjellet 855. Mykje støy og bråk frå annleggsvirksomhet lenger sør. Den mykje omtala og berre delvis populære kraftlinja frå Ørskog til Fardal skal passere her i lendet. Ellers finfint på toppen, flott utsikt mot gårsdagen fjell og morgondagens fjell Skriki og Lusaskard. Artig nedkjøyring i det kuperte terrenget men angra litt på dei smale telemarkskia >>>

Map    

Sogndal: Lingesetfjellet og Storehaugfjellet

Date:
25.04.2013
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:07h
Distance:
17.6km

Vi starta ved flyplassen i lett skydekke, på Kaupanger regna det når vi passerte så litt usikre på veret. Trakkemaskina hadde nok vore til topps før på dagen og det passa oss fint. 30-40 cm nysnø når vi kom oppover litt. Lengst nede rann det elvar over veien så vi fekk bløyte fellene skikkeleg. Då blir det som kjendt klabbar lenger oppe. Nærmare toppen letta det skikkeleg og vi fekk nydeleg påskestemning i solveggen til det store bygget på toppen. Vurderte ei stund å plukke med Storhaugen 1169 men droppa dette. Skiltet på Storehaugfjellet viser Storhogen 1178. Tok av fellene og rende ned til Lingesetevatnet 784. Etter litt labbing bortover ga vi blaffen i fellene. Vi gjekk vidare til Lingsetfjellet utan feller, med tilløp til klabbing. Seier vel litt om vedlikehald av skisålane >>>

Map