Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Hornindal: Branden pf 50 komplett

Date:
28.01.2011
Characteristic:
Randonnée/Telemark

2011, ein forferdeleg start på sesongen. 2 veker småsjuk, mykje dårleg ver og god vintersport på TV. I slutten av januar var det på høg tid å komme seg på beina igjen. I Kjøsapollen tok eg av sørover mot Jutdalen. Parkerte og hadde ein triveleg samtale med ein kar på gardsbruket der. Planen var Sindrekjelen 811 + enkelte småtuer og avslutte med Branden. Fin åpen skog å gå i mot Brendehaugen og Nakkane. Etterkvart mykje laus og glirmande nedkjøyringssnø mot Sindrekjelen. Forferdeleg ver på toppen, hadde heldigvis med vindsekk som eg tok ein matpause i. Artig nedkjøyring nokre hundre meter mot Jutdalssætra. Vidare berre å gli ned til skogsvegen sør for Branden. På med fellene og lett opp på siste topp i Hornindal pf 50.

Map