Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Surnadal: Naustådalen og Neådalen

Date:
12.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
17:30h
Distance:
52.5km

Status Møre og Romsdal pf 100 etter helgas prosjekt: 859/1154 Vi gjekk frå Kårvatn på merka rute mot Trollheimshytta. Tok etter kvart av mot Tydalsnebba. Første topp Revholfjellet, så vest for Revholbotnvatnet og opp til Tydalsnebba. Det vart ein del morro utav dette namnet då Johan ikkje hadde brillene på seg og las Rævholbotnvatnet. Plukka fleire haglepatroner etter ein rypejeger som har vore like tome i knollen som patronene han slengde ut av hagla. Er det vekeleg så vanskeleg å plukke opp desse sjølv? Aust for Tydalsnebba fulgte vi ei laaang snøegg nedover. Aust for Tverrbotnfjellet er det litt bratt ned egga men ikkje vanskeleg. Ellers lett å gå heilt til Salen som vart dagens siste topp. Flott skue i alle retningar, Snota, Neådalssnota, Rognnebba mm. Sidan det har gått >>>

Map    

Sunndal: Blåhøa, Gammelseterhaugen og Hælfjellet

Date:
10.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:35h
Distance:
23.5km

Kom frå Oppdal der det hadde blitt ein vel sein kveld hos Johan med mengder med kart og turplanlegging kombinert med leskedrikk. Skodda låg nedpå fjella, så eg blinka meg ut tre enkle turar. 1. Blåhøa. Parkerte eit lite stykke før Vangshaugen, der det er merka til Grøvudalen/Raubergshytta. Fulgte god sti oppover og tok av til venstre der den deler seg på ca 1150 moh. Enkelt til topps på Blåhøa i nysnø og skodde. 700 hm/2 t 17 min/ 9,7 km 2. Gammelseterhaugen. Elva Svøu såg veldig stor og utriveleg ut der den velta seg over kanten og ned mot Storvatnet ved Vangshaugen. Ei lita nøtt, var det muleg å krysse denne rundt Fremmervatnet? Gjekk langs Storvatnet og til elva for å sjekke vassmengda, den var enorm! Her var det bru, så då kryssa eg heller her nede på brua og fekk baske >>>

Map     1 comment

Eide: Lyngstadfjellet

Date:
06.07.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:06h
Distance:
5.6km

Det var slutt på godveret men denne skulle vi klare uansett ver. I krysset på Nerland/Lyngstad kunne vi sjå STIKK UT-skiltet i retning skulen. Lyngstadfjellet 2 km. Det kan ikkje være rett, gps viste 2,8 km frå skulen til toppen. Men om det er 2 km til STIKK UT-kassa er det litt nærmare sannheten sidan den av ein eller annan ubegripeleg merkeleg grunn ikkje står på høgste punkt, men på ein liten knolle 6-7 meter lavare. Det er gode parkeringsmuligheter ved skulen. Vi fulgte veien forbi denne og oppover til eit nytt skilt Lyngstadfjellet som peikte mot høgre. Vidare på god sti til topps, først denne kassa på den intetsigande knollen og så eit par hundre meter til høgste punkt. Forferdeleg grisever med vind og litt nedbør gjorde det surt over skoggrensa. Tilbake i bilen vart >>>

Map    

Fræna: Raudtua

Date:
06.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:19h
Distance:
6.8km
Map    

Fræna: Brekkelihaugen

Date:
06.07.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
0:39h
Distance:
2.7km
Map    

Fræna: Talstadhesten og Høgheia

Date:
05.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:10h
Distance:
10.5km
Map    

Fræna/Eide: Stordalstinden og Blåfjellet

Date:
04.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:09h
Distance:
11.5km

Vi overnatta på parkering Trollkyrkja. Utpå kvelden kom ein bil skrensande inn på parkeringa, og ein vaksen mann la til palings 100 meter innover veien mot Trollkyrkja før han gjorde eit tigersprang til sides og huka seg ned. Kom ruslande fornøgd tilbake og satte opp eit minitelt av typen 399,- på parkeringa. Inn i miniteltet på ca 2 kvm for han, kona og ei vaksen jente + kjøteren.. og ein sixpack øl. Etter 10 minutt kom jenta ramlande ut av teltet og brølte på elgen mens armane gjekk som rotorblad over haudet for å jage vekk knotten. Trur det må ha vore noke forderva kjøt i den gryta der! Ja det er mykje god underhaldning på parkeringsplassar rundt om. Det var meldt strålande ver, men dagen starta med skodde ned til ca 500 moh. Denne letta når vi var på veg mot Blåfjellet >>>

Map     2 comments

Fræna/Eide: Kvannfjellet

Date:
04.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:08h
Distance:
8.9km
Map    

Fræna: Julskartinden og Urdfjellet

Date:
03.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:20h
Distance:
15.6km

Vi hadde overnatta på turparkeringa i Malmedalen. Omtrent i krysset der veien frå Skaret og veien frå tunellen møtest. Ikkje samme enorme varmen i dag som på gårsdagens tur til Skåla. Overskya og ein del vind fungerte fint. Fulgte merka rute mot Galten, som vi ikkje besøkte. Der er det ein av desse STIKK UT-postane. Gjekk heller mot Julskartinden. Stoppa så vidt her før vi gjekk vidare ned i skaret og hadde lunch. Vidare bratt opp mot Urdfjellet, for det meste på ein sti som snirklar seg oppover sida. På Urdfjellet vart det lang pause og Vinjar herja på med steinar og kravla overalt. Etter nøye kartstudie fann vi ut at vi ikkje ville gå samme veien ned. Det var knappe 7 km + 120 høgdemeter opp på Julskartinden igjen. Vi gjekk heller ned til Malmesetra og veien tilbake til bilen. >>>

Map    

Molde: Skåla og Vesleskåla

Date:
02.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:43h
Distance:
12.5km

Vi overnatta ved gapahuken eit lite stykke før Skålsetra. Forsette den dårlege veien innover, holete og jæklige (Ein skuleelev og ei traktorskuffe med sand hadde gjort mykje bra her på ein dag). Parkerte ved setra i ein enorm varme. Etter gårsdagens kveldstur på Horga var spent på flugesituasjonen oppi lia, det gjekk overraskande bra pga ein del vind over skoggrensa. Etter ei stund møtte vi 4 lettkledde og lettbeinte damer på vei nedover. Det var 3 søstre Øyre Slind + VM-deltakar i sprint Kari Vikhagen Geitnes. Dei hadde vel ein ok dag på jobb vil eg tru. For meg som brukar mykje tid på skisport om vinteren var dette svært. Utan for mykje pes klokka Vinjar og eg inn på 1 time blank til Vesleskåla. Lise hakk i hæl. Vinden kjøla godt heldigvis. Holdt fram til skaret mot Skåla >>>

Map     1 comment