Sunndal: Hornet, Kaldfonna, Tårnet og Serkjenebba (27.06.2018)  6


Start point Grøa (50m)
Endpoint Grøa (50m)
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 07min
Distance 29.9km
Vertical meters 2,918m
GPS
Ascents Hornet (1,667m) 27.06.2018
Kaldfonna (1,849m) 27.06.2018
Serkjenebba (1,551m) 27.06.2018
Tårnet (1,485m) 27.06.2018

Møre og Romsdal pf 100 1113/1160
Etter kjempeturen til Storsomrungnebba nytta eg bubilparkering til Sunndal Jeger og Fiskerforening. Kr 150 som kan vippsast. Dvs kort vei til byens etablissement der det vart pizza, øl og fotballvm. Likavel ganske tidleg start frå Grøa ca 0930. Parkerte nede ved hovudveien, det er merka Vangshaugen. Ein kan kjøyre eit par hundre meter oppover og parkere der på bra parkeringsplass. Så er det veldig god og flott sti innover dalen. Over bru aust for Dalasetra, og så ny bru over Serkja. Gjekk mot fossen langs elva, det er ikkje meininga. Søk stien litt innover i skogen. Stien oppover er veldig grei å følgje, berre å ete høgdemeter nok ein gong. Oppe i Serkjedalen bestemde eg meg for å gå runda over Hornet og Kaldfonna først og så sjå kva det vart til. Var spent på etappen Hornet til Rysskaret. Det gjekk veldig fint. Først litt ned mot den andre varden, så sørover og ned eit parti før eg runda rundt og klyvra ned i skaret. Ingen problem. Kaldfonna innfridde på ein slik kjempedag. Vindstille og flott utsikt i alle retningar. Men det trengst ein ny penn/blyant der! Om nokon tar den jobben. Berre eit besøk før meg i 2018. Så plukka eg Tårnet som ikkje er pf 100, men close. Og så ligge den forbanna avsides til. Siste bakken vart mot Serkjenebba. Satte igjen sekken og alt før eg rusla oppover. Gjekk ei hylle på austsida av bekken, her var det tydeleg sti etter dyr og kanskje folk? Så lett til topps. Kjempetur, klar seksar.

Frå Rysskaret mot Sunndalsøra
Frå Rysskaret mot Sunndalsøra
Bakken knappe 400 hm mot Kaldfonna
Bakken knappe 400 hm mot Kaldfonna
Over dalen mot Hovsnebba og Kongskrona
Over dalen mot Hovsnebba og Kongskrona
Frå Kaldfonna mot Kalknebba og Sunndalsøra
Frå Kaldfonna mot Kalknebba og Sunndalsøra
Storkalkinn
Storkalkinn
Frå Kaldfonna og sørover mot Dordinakkan
Frå Kaldfonna og sørover mot Dordinakkan
Tårnet 1484, heile nedfarten gjort i ein fei med skorennjing på snøen
Tårnet 1484, heile nedfarten gjort i ein fei med skorennjing på snøen

User comments

  • -
    avatar

    nydelige dagar!

    Written by kobbenes 02.07.2018 17:16

    Dette er noko av det finaste av vestlandsfjell. Eller kva seier du, etter å ha harva over det meste som bør teljast av denslags?

    • -
      avatar

      nydelige dagar!

      Written by boven 04.07.2018 23:22

      Ja det er berre lekkert. og no kom nett kroksleiven og eg heim frå telttur, 3 kanondagar.

      • +
        avatar

        Sv: nydelige dagar!

        Written by kobbenes 05.07.2018 20:44
        • +
          avatar

          rykk

          Written by boven 05.07.2018 20:58
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.