Kom til Dale etter mørkets frembrudd og spurde meg fram til parkering ved Fjalerhallen. Der skulle eg kunne stå i fred. Nokre rånarar spann eit par runder, ellers ganske dødt i bygda.
Det hadde akkurat bikka til minusgrader og bilen var frosen på morrakvisten. Tok ei stund til under dyna medan bilen vart oppvarma.
Kjøyrde til Dalsåsen der det er muleg å parkere i ei stor rundkjøyring ved veis ende. Gjekk gjennom eit bløtt område, gjennom eit granfelt og langs eit gjerde før det var merking inn på skogsveien. Denne fulgte eg til merking Jøtelshaugen. Fin sti oppover. Ved trimposten møtte eg lokalkar Per Helle som eg hadde ein lang prat med. Høgste punkt virka ikkje mykje besøkt, heller ikkje markert på noko vis. Vidare mot Høgefjellet utan sti, det er viktig å gå langt nok aust før ein prøver seg ned mot skaret. Havreheia er kanskje det rette namnet på denne, og Høgefjellet er 575-punktet lenger vest. Iallefall i følge toppboka og skilting. Det er 2 punkt som kan være høgst, besøkte begge. Lett å finne fram på merka ruta ned til parkeringa igjen.
User comments