Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Første gong på ski frå Umbukta

Date:
12.03.2025
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
2:21h
Distance:
13.0km

Køyrde frå Mo til Umbukta. Følgde breie skutertrasear til toppen av Mograsfjellet. Kaldt og trått føre. Nydeleg terreng der vi gjekk for første gong, 13 km, 2 timar og 20 inkl pause på toppen. 258 hm. Tom var med.

Map    

På ski til Pinsegrønuten

Date:
01.03.2025
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
3:00h
Distance:
16.0km

Litt sliten etter gårsdagen, men bestemte meg for å ta ein kortare tur og hake av ein telemarktopp til. Starta frå Markin, gjekk løypa opp til Kvambekkheii. Det var ganske mykje vind, felleskia glapp litt, og eg var rett og slett litt daff. Gjekk den øvre løypa i retning Sprettedalsnutane. Åt nista i ein krok på hytta i dalen under nuten. Følgde løypa opp skaret, tok bratt opp til høgre under nuten, tok av skia og gjekk på beina opp det siste stykket. Flott topp med gedigent utsyn. Kald vind gjorde opphaldet ganske kort. Same vegen heim. 16 km, 3 timar, 543 hm. Gjekk aleine.

Map    

Draumedag frå hytta til Grunntjønnuten

Date:
28.02.2025
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
5:00h
Distance:
32.0km

Herleg skidag. Starta frå hytta, gjekk Gjevarisen til Bekkjestaul, så over til løypa ved Løkin. Derifrå opp til Stavatjønn og Gjeslemo. Spiste niste i bakken opp frå Grunntjønn. Herleg føre utanom løypene, skare med styresnø. Gjekk opp aust for og bakfrå Grunntjønnuten. Gjekk først opp på den austre toppen, derifrå ned og opp på den høgaste. Den var ganske luftig og med fantastisk flott rundskode. Gjekk ein litt betre veg ned til løypa igjen. Deretter same trasé heim. Med eit par idiotkilometer, endte eg på 32 km. 594 hm. Var borte i fem timar. Gjekk aleine.

Map     2 comments

Kikuttoppen

Date:
18.02.2025
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
5:57h
Distance:
43.5km

Nydeleg februardag. Tenkte primært å gå til Kikut, men etter lunsjpause der, var eg så pigg at eg gjekk vidare nordover. Eg snudde før dei siste nedoverbakkane før Sandungseidet, men brå bestemte meg for å ta ein tur oppom Kikuttoppen i den nydelege ettermiddagssola. Som tenkt, så gjort. Turen opp gjekk heilt fint, men løypa ned til Fyllingen var eit feil val, store hol, issvollar og steinhardt. Etter ein forsiktig start med skia på nedover, tok eg rett og slett skia av og tok nedturen på føtene. Det var heilt rett, det var rett og slett ikkje skiføre ned denne kleiva i dag. Frå Fyllingen gjekk eg over isen, så Glåmene til Kobberhaugen og ned via Lørenseter til Sognsvann. 43,5 km, 966 hm, 5 t og 53 minutt. Gjekk aleine.

Map    

Første Rust-tur i år

Date:
12.02.2025
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:30h
Distance:
21.5km

Aleineveke på hytta i kaldt, klart og vindstille vær. Ligg ganske bra an med skikilometrane mine denne sesongen, men har berre brukt fjellskia éin gong før. Så det blei Rust denne perfekte dagen. Starta i minus 13, men det blei litt varmare etter kvart. Gjekk over Valetjønn, Skorsvegen til Vadet, opp Bratsberg til Gåsevatn, så opp til dalen frå Skavlen og opp til toppen. Nesten vindstille på toppen også! Drog ned vestover om Hovdestsul og Gryteåi. Gjevar heim. 21,5 km, 618 hm, var borte i 4,5 timar inkl rast.

Map    

Supre tre dagar for å krysse av Pyttegga

Date:
13.05.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
16:00h
Distance:
48.0km

Har lenge drøymt om denne turen, og denne gongen klaffa det for turfølget og med vêr og fridagar. Vi starta på Nordseter og køyrde til Brøste. Der snakka vi litt med ein bonde som sa at vegen vidare ikkje var køyrbar, og at vi måtte belage oss på skibering. Det stemte. Vi bar skia på sekkane nesten heilt fram til Kabben (5,5 km), og derifrå måtte vi av og på med skia fleire gonger fram til Tunga. Vi gjorde feil vegval og følgde sommarstigen på høgre side av elva oppover. Det blei eit mas med ski av og på, med kratt og myr, og med skigåing i lyng og myr. Dei siste par kilometrane var det gode femner å gå på. Vi brukte seks timar på 18 km! Vi var aleine i Puttbua, og starta å gå før kl 0900 måndag morgon. Sol og svak bris. I høgda bles dei meir. Vi følgde veldig grei >>>

Map    

Fuglafjellet frå Hamlagrø - kommune nr 300

Date:
02.05.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:30h
Distance:
30.0km

Det blei Kvam som kommune nr 300 i topp-prosjektet. Verkeleg verdig jubileumstur blei det. Eg drog med buss til Notodden og overnatta hos Hallgrim slik at vi kunne starte tidleg 1. mai. Vermeldinga hadde varsla om det første sommarveret, og det slog til. Vi kom fram til Hamlagrøosen kl 1430, spiste litt, skifta og pakka litt om. Så gjekk vi dei to timane opp til Vending turisthytte. Varm ettermiddagssol. Vi var einaste gjester på denne fine sjølvbetente hytta. Då vi gjekk og la oss var det 10 plussgrader ute kl 2200! Vi var ferdig vaska ut av hytta dagen etter til 0845, og starta å gå i 12 plussgrader. Vi var i tvil om beste trasé opp, fjellet såg bratt ut frå alle kantar! Men vi valde å runde fjellet og gå ned Fugladalen, og heldigvis gav gamle skuterspor og skispor indikasjon på >>>

Map     4 comments

Bislingen igjen

Date:
17.04.2024
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
2:15h
Distance:
21.0km

Ny vårskitur. Starta 10:15 frå Myllsdammen, gjekk raskt på skarpt føre til Trantjern. Der kom eg ikkje vidare over myra i dag. Snøbrua frå måndag var smelta bort. Så eg snudde og gjekk opp til Bislingen frå Åssjøvika. Var bortom toppunktet på Bislingflaka, før eg rasta på same stad som måndag. Det skya dessverre over, så pausen var raskt unnagjort då det også starta å snø. Gjekk litt småavstikkarar der oppe før eg køyrde nedatt. 21 km, 360 hm, 2 t 16 minutt. Gjekk aleine.

Map    

Vårskitur til Bislingen

Date:
15.04.2024
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
3:27h
Distance:
26.0km

Køyrde til Myllsdammen og starta skituren kl 0950. Nydelege nykøyrde spor og flott vårvær. Kuldegrader om natta gav flotte forhold tidleg, gradvis tråare. Gjekk til Ølja og litt rundt omkring der først, så opp til Bislingen. Verkeleg heilt perfekt der oppe i dag. Målestaven viste 100 cm snø ved Formoløypeskiltet der oppe. Eg runda 1600 km på ski i år i dag. Har vel ikkje heilt gitt meg enno! 26 km, 410 hm, knappe 3 t og 30 ute. Fin rast oppe på Bislingflaka. Gjekk aleine.

Map    

Endeleg Rust igjen

Date:
31.03.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:30h
Distance:
10.0km

Endeleg ein dag denne påska som eigna seg til topptur! Det har snødd, sludda og regna tett i heile påskeveka, men første påskedag opprann slik ein påskedag skal vere. Tom og eg køyrde til Dammen og gjekk opp vanleg trase, eg med feller under fjellskia.Vi rasta på fast plass bak Rust, før vi gjekk opp til sjølve toppen. Sur vind der, men blankt rundskode. På veg ned møtte vi svigerinne og nevø på randoski, dei ville køyre ned på framsida. Vi følgde same sporet tilbake på baksida. Tom gjekk på langrennski fordi han ikkje hadde pakka riktige fjellskistøvlar. Han strevde litt nedover og bar skia i fleire av dei brattaste partia. 10 km, 552 hm, 3 t og 30 borte inkludert matpause mm.

Map