Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (399)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Andre gong på Mælefjell
- Date:
- 25.03.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 20.5km
Med vermelding som tilsa oppklarning, starta vi i overskya gråver frå Natadal ca kl 1015. Torunn og Svein hadde køyrt frå Skien, medan eg kom frå hytta i Langlim. Først lang gåtur der vi bar skia, så fellar på etter Juvet der vegen ikkje var brøytt. Stykket opp til Mælestaul var lengre enn eg hugsa i fjor, men med fellar gjekk det greitt. Så opp Tjønnskardet. Vi følgde skutersporet litt langt ut mot høgre - det ligg ei hytte der ute - men tok oss inn att og kom inn i skaret omtrent ved tregrensa. Det klabba i fellane for oss alle tre, måtte stoppe å skrape. Vel oppe såg vi ned på det to Russtjønnane, heldt til venstre (aust) og fann ein lun rasteplass. Enno ikkje oppklarning, men heller ikkje vind. Den kom seinare! Så opp Rupedalen og vidare opp- og innover til dei to vatna >>>
Namnlaus topp i Stavsfjøll
- Date:
- 23.03.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 21.0km
For første gong gjekk eg på ski i Stavsfjøll. I går hadde vi vel rett og slett ein optimal påskedag. Nattefrost og skare, ikkje ei sky og vindstille. Eg fekk dessverre ingen med meg i går, men fekk nyte dagen aleine. Gjekk frå grendehuset i Øyfjell og følgde køyrd løypetrasé heilt til Stavsvatn. Møtte ikkje ein sjel før eg kom dit. Eg gjekk stort sett på sida av traseen, for den var så steinhard at klisteret beit dårleg, men i skaren gjekk det flott. Ved Stavsvatn på 1050 m og med fjell over 1200 rundt på alle kantar, var det rett og slett klisjepåske. Det var folk og skuterar på dei tre hyttene og noko aktivitet med å førebu for grendelåmi som går i dag. Låmi går frå Rauland til Øyfjell over Stavsvatn (eller omvendt?) kvar skjertorsdag. Frå Stavsvatn gjekk eg >>>
Ny dag på Vestfjøllet
- Date:
- 22.03.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 5:30h
- Distance:
- 23.5km
Ganske bra vær idag også, og det viktigaste - hard skare. Vi køyrde fem stykke til Vinsvål og parkerte. Gjekk til Røynbrekk. Opp sjølve Røynbrekka bar vi skia, og så bar det innover til Kinsarviktjønni, Vorvatn og så opp dei lange fine draga sudover mot Storegrønut. Møtte først ein mann og så to damer. Dei to var dei same eg møtte i går, og mannen var ein vi møtte i fjor og rasta saman med. Vi er svært få som har Vestfjøllet som turområde, og dei sjeldne gongene ein møter folk, er det gjerne dei same. Det bles litt på toppen, men vi rasta likevel i lyngen på toppen. Så skikrets vi. Dei fire andre gjekk tilbake same vegen, medan eg gjekk sudover og opp på nabotoppen der eg aldri har vore før. Ikkje peakbookelement. Så ned Bjålandsdalen og tilbake og rundt fjellet. >>>
Første topptur på lenge
- Date:
- 21.03.2016
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 30.5km
Litt usikker på korleis eg skal registrere ny topp i peakbook, så eg logger denne turen på nabotoppen. Kabrettstaulfjellet har mange varda toppar, og eg er der kvar måndag i påskeveka med yndlingstremenningen min. I dag valde vi den suvestlegaste toppen på 1070 m ifølge gpsén. Starta 0930 frå Gråmyr i Langlim, gjekk så til Sælid, så opp til Søyleset, så Bikkjekvæven og opp på fjellet. Rasta før vi gjekk på Kabrettstaulfjellet, deretter nordover, om Kjeringtjønn, under Storegrønut ned til Vorvatn. Så over Bjønnpytt til Myklevatn, og derifrå ned til Ramåsmyran og Nadremyran til Tjønnstaul, Skomestaul, Vibekk, Røynbrekk og attende til Gråmyr. 30,5 km på fjellski, ca 1100 hm. Fint klisterføre og grei skare. Var norte i 8,5 timar, rasta to gonger, møtte to personar. >>>
Andre gong på Vassdalseggi
- Date:
- 15.05.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 22.0km
Ny kjempedag på Haukelifjell. Starta i gruppe med Stavanger turistforeining kl 0930. Så varmt allereie at vi på teknisk pause etter 10 minutt måtte av medytterjakker og lue. Så vi gjekk i trøyer på nordsida av Kistenuten og opp til Lisledalen. Førre gongen Tom og eg gjekk her på ski var elva ned frå Dalen lett identifiserbar under snøen, og på sommarturen vi tok hit for eit par år sidan, var jo dette ei stor stri elv som vi strevde litt med å krysse. I dag var den heilt borte, berre ei fin glatt snøflate. Så det er mykje snø i fjellet! Vi tok på feller der vi byrja den bratte oppstiginga mot egga, og beheldt dei på til vi var oppe på "taket". Vi hadde fin rast etter at vi hadde kome opp den første dryge bakken før vi byrja å gå den eigentlege egga. Turleiaren >>>
Sandfloeggi i optimale forhold
- Date:
- 14.05.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 10:00h
- Distance:
- 38.0km
Vi var fire som starta ved parkeringsplassen ved Ulevå kl 0930. Etter ei natt med minusgrader starta vi på skare som eit Gol, heilt vindstille og ikkje sky på himmelen. Tom og eg gjekk på feller til der løypa tar av mot Vesle Nup. Det var 4 km og 300 høgdemeter. Stort høgdepunkt å få inn ein reinflokk frå høgre som delte seg i to. Den eine dele kryssa løypa framfor oss, den andre heldt seg til høgre og forsvann over ei høgd bak oss. Herleg! Ved Mannevatnet kortslutta vi litt og følgde stikka løype for langt, slik at vi måtte krysse over ein kam for å kome tilbake sør for Poddevatn og inn på Holmesjøen. På ein bar odde rasta vi i tørr lyng og ryggen mot slett berg. Nupseggi sett frå Holmesjøen er verkeleg eit dramatisk og flott syn. Føret var framleis heilt perfekt, >>>
Andre dag over Jøkulen i sol og vindstille
- Date:
- 19.04.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 5:00h
- Distance:
- 23.0km
Andre dag på Finse passa godt for tur på Jøkulen. Sol og vindstille. Tok på fellane ved Appelsinhytta. Det klabba i dei i dag! Er dei skitne eller noko tru? Eg gjekk opp i berre trøya, og vi rasta ute i sørveggen. Omtrent ikkje vind i det heile over jøkulen. Godt underlag ned alle bakkane, men som vanleg bakglatt over Finsevatn heim. Knut, Dagfinn, Ellen og Olaf var med.
Fast helg med gamle kollegaer - to flotte dagar på Finse
- Date:
- 18.04.2015
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 27.0km
Vi trefte Skarverenn-helga i år, men det gjorde ingenting Moro å få sjå eliten opp dei første bakkane. Vi tok av løypa deira på det første platået, og gjekk til Flakavatnet og så gjennom Kyrkjedøri. Sol og litt vind, godt føre, vr 50 heile dagen. Vi gjekk ein liten runde bakom der og tok så opp gjennom og det skaret som ender heilt nord i Flakavatnet. Så heldt vi mot vest og gjekk opp Flakavassfonni som eg trur den heiter. Vi kom då opp mellom to av Flakavassnutane, og derifrå rann vi ned og så opp til Sanjt Pål. Vaffel på Klemsbu og så ned til Finse. Olaf, Knut, Ellen og Dagfinn var med.