Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Kråkfjellet i all slags vær

Date:
30.03.2019
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:20h
Distance:
21.0km

Køyrde frå Trondheim til parkeringsplassen ved Håen. Lyst oppholdsvær og kram nysnø frå i går. Vi landa på rubba langrennsski. Det fungerte ganske bra, men var litt for glatt oppover frå Kråklivollen. Vi var heldige og gjekk i skuterspor og sporkallspor heilt inn til Midflåvollen. Der rasta vi i sola, og eg rubba skia mine litt djupare. Ikkje så smart, for is i rubben var eit faktum etter 5 minutt i laussnøen oppover. Heilt greitt med 10-15 cm nysnø, og litt avblåse innimellom. Meir og meir vind, så tåke, og til toppen gjekk vi blindebukk i whiteout og kuling. Svært kort pause med ryggen til vinden som kom frå sør. Pussig nok var føret mykje betre nedover, og vi kunne gli slake lier nedover, veldig deilig då sikten også blei betre. Tilbake i sporet gjekk det greitt ned >>>

Map    

Forollhogna

Date:
05.05.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:30h
Distance:
40.0km

Map    

Nørdre Langsua på ski frå Espedalen

Date:
21.04.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:00h
Distance:
44.0km

Fekk ingen med meg på denne turen, men drista meg av garde aleine. Køyrde frå Oslo kl 0700, starta å gå frå Espedalen fjellstue ca 1130. Varmt i veret, men noko vind. Gjekk på fjellski med fellar. Følgde spor til Gammelbulægret, og der rasta eg i ein hyttevegg. Drog rett over høgda mot vest, utan spor før meg. Litt betenkt for i fleire parti var det gjennomroten snø. Kom meg ned til Svarttjønnholet. Der møtte eg to karar med hund og pulk som hadde overnatta på Skriurusta DNT-hytte. Medan vi stod der kom to reinoppsynsmenn på skuter, og det var ei lette, for dermed følgde eg deira spor heilt fram til Skriurusta. Hadde eigenleg tenkt meg til Storkvolvbu, men Skriurusta er eigenleg det heilt perfekte startpunktet for Nørdre Langsua, så takk til skuterfolka som Førde meg dit. >>>

Map    

Rust igjen

Date:
01.04.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:56h
Distance:
10.0km

Map    

Rust aleine

Date:
28.03.2018
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:25h
Distance:
22.0km

Map    

Folgefonna på langs, andre dag

Date:
27.05.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
11:00h
Distance:
32.0km

Heilt utruleg dag. Opp kl 0600 på Holmaskjer etter minimalt med svevn, men til ein underskjønn dag. Sola stod rett over Hårteigen, og sikten var super. Vi delte oss i dag. Tom tok følge med gruppa som skulle gå til Fonnabu og så til Sunndal, vi tre andre + guide drog oppom begge kommunetoppane og gjekk så vidare ut breen, så mykje opp og ned og i krokar før vi kom til ryggen som heiter Volrusta. 2/3 i veg der hadde vi vel gått 27 km, og då måtte vi av med skia. Ned frå Volrusta, ut på høgre side av vatnet og så ned den stupbratte urda ved sida av fossen. Og vidare nedover til vi omsider var nede på grusvegen. Der stod heldigvis Tom og venta på oss i bil, og med berepose med brus og øl! Fabelaktig varm dag utan skyer. Skidelen gjekk veldig lett, gådelen var veldig slitsam. >>>

Map    

Folgefonna på langs, første dag

Date:
26.05.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
8:00h
Distance:
20.4km

Overnatta på Jondal gjestegard etter at vi hadde blitt henta i Rosendal av Folgefonni breførarlag og køyrd i taxi til Jondal. 0800 blei vi køyrd til skiheisen på sommarskisenteret, tett tåke var det der, men vi tok no heisen opp, og manøvrerte i blinde til vi fann toppunktet på Nordfonna. Det klarna heldigvis opp før den bratte nedfarten til Kvitnadalsvatnet, og der rasta vi i flott sol saman med guiden vår og eit turlag til med sin eigen guide. Så i roleg tempo vidare til Holmaskjer der vi overnatta. 20 km, dryge 900 hm. Tom, Eirik, Anne og guiden Mikael var med.

Map    

Over Hardangerjøkulen igjen

Date:
07.05.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:42h
Distance:
24.0km
Map    

Låghellerhøgdene

Date:
05.05.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
30.0km

Gjekk frå Finse etter å ha kome opp med morgontoget. Gjekk på skinski, berre i trøye og utan lue. Vel framme ved Grjotrusthytta. Der var det 17 unge menn som heldt til i den verneverdige vaktarbustaden, og eg fekk nyte solveggen deira medan eg åt matpakka. Så gjekk eg opp på Vestre Låghellerhøgdene, og drakk te og åt sjokolade på toppen. Fin tur tilbake. Varmt! 30 km. Gjekk aleine.

Map    

Første kommunetopp i 2017: Raudbergnuten

Date:
30.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:30h
Distance:
22.0km

Rett og slett fantastisk tur i vindstille, skyfritt, kaldt vêr. Smurde med blå ekstra! Køyrde frå Oslo om morgonen. Starta å gå kvista løype frå Breistølen kl 1145. Gjekk til Bjordalsbu der vi sette frå oss litt utstyr og den eine sekken, og etter god rast ute på dekket, gjekk vi sydover og opp til Raudbergnuten. Vi var der i 1800-tida, perfekt skyfritt rundskode i kveldssol. Dei fem km ned til Bjordalsbu var lette! Vi rann nesten i eitt strekk ned til vatnet. Hadde hytta for oss sjølv om kvelden, og vi fyra godt opp, åt lapskaus på boks, og las under kvart vårt pledd. Herleg! Vakna til 10-15 minus, men like klart og stille. Eg gjekk ein liten tur oppom nuten vest for hytta, før vi hadde ein lett retur til Breistølen. 12 km inn til hytta, 10 km tur-retur Raudbergnuten, og greidde >>>

Map