Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (399)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Draumeforhold til Tveitakvitingen
- Date:
- 28.05.2020
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 6:30h
- Distance:
- 21.0km
Denne turen har eg tenkt på i nokre år, og no klaffa det med fridagar og vêr. Fekk også koordinert litt med kusine Kari, så eg overnatta med selskap på campingplass i Norheimsund, debut i campingvogn! Felles frukost og så køyrde vi til Kvamskogen. Takk til Laskemoen for info om startstad, men pga bom, måtte vi starte heilt nede ved bilvegen, og tusle oppover. Kari skulle berre halde følge så lenge ho kunne gå på beina, og det kunne ho heilt til Mødalssetra. Nydeleg stad! Eg sette på skia ca 500 meter før det, og kunne kanskje gjort det enda lenger ned om eg hadde vore budd på å ta skia av og på. Det var eg ikkje, så eg gjekk på skia frå brua over bekken før den bratte bakken oppover mot setra. Sol, ikke vind, passe temperatur. Sugande føre med slush. Om det er noko som >>>
Østre Kista
- Date:
- 27.05.2020
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:42h
- Distance:
- 9.4km
Køyrde frå hytta til Haukeliseter. Vind, fire grader, skiftande skydekke. Gjekk på bløtt føre, litt uroleg for varselet om sørperas og skredfare 2. Men runden til høgre opp til Østre Kista gjekk fint. Av og til yr, då sol, og på toppen litt snø og ganske mykje vind. Niste på nordsida av varden der det var le. Same vegen nedatt, for eg var usikker på kor bratt den austlege traseen vill vere. Møtte ingen. 9,4 km med ein liten idiotkilometer. 2 t og 42 inkludert pause. 455 hm. Gjekk aleine.
Fjellskitur i Skorve
- Date:
- 13.05.2020
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 5:54h
- Distance:
- 18.6km
Starta ved Manarosdammen kl 0930 der eg møtte Hallgrim. Den faste påsketuren vår gjekk jo i vasken, men dette blei inga dårleg erstatning. Av og på med skia til vi kom til Kvislin, derifrå og opp var det flott skare og ganske tørr overflate. Vi gjekk vanleg rute oppover og fann rasteplass nedafor og vestafor Bøkretjønn. Rasta ganske lenge. Sjølv om lufta var kald, hadde vi le og full sol, så det var berre deilig. Ikkje noko særleg vind heller, ein trekk i lufta berre då vi heldt fram opp til trigpunktet. Nedover valde vi ein annan trasé, vi gjekk bort og rett under 1281-nuten. Derifrå ned skaret til Grasdalstjønni, som ingen av oss hadde vore på før. Derifrå følgde vi lia bort til rasteplassen under Bøkretjønn og så vidare heim forbi Stav. Litt kjedeleg med av og på >>>
Vestfjøllet som vanleg påskemåndagen
- Date:
- 15.04.2019
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 8:30h
- Distance:
- 30.0km
Herleg påsketur på fjellski. 30 km. 1118 hm. 8 timar og 25 minutt. Gjekk oppom Kabrettstaulfjellet først, så Storegrønut. Hallgrim var med.
Kråkfjellet i all slags vær
- Date:
- 30.03.2019
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:20h
- Distance:
- 21.0km
Køyrde frå Trondheim til parkeringsplassen ved Håen. Lyst oppholdsvær og kram nysnø frå i går. Vi landa på rubba langrennsski. Det fungerte ganske bra, men var litt for glatt oppover frå Kråklivollen. Vi var heldige og gjekk i skuterspor og sporkallspor heilt inn til Midflåvollen.
Der rasta vi i sola, og eg rubba skia mine litt djupare. Ikkje så smart, for is i rubben var eit faktum etter 5 minutt i laussnøen oppover. Heilt greitt med 10-15 cm nysnø, og litt avblåse innimellom. Meir og meir vind, så tåke, og til toppen gjekk vi blindebukk i whiteout og kuling. Svært kort pause med ryggen til vinden som kom frå sør. Pussig nok var føret mykje betre nedover, og vi kunne gli slake lier nedover, veldig deilig då sikten også blei betre. Tilbake i sporet gjekk det greitt ned >>>
Forollhogna
- Date:
- 05.05.2018
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 9:30h
- Distance:
- 40.0km
Nørdre Langsua på ski frå Espedalen
- Date:
- 21.04.2018
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 10:00h
- Distance:
- 44.0km
Fekk ingen med meg på denne turen, men drista meg av garde aleine. Køyrde frå Oslo kl 0700, starta å gå frå Espedalen fjellstue ca 1130. Varmt i veret, men noko vind. Gjekk på fjellski med fellar. Følgde spor til Gammelbulægret, og der rasta eg i ein hyttevegg. Drog rett over høgda mot vest, utan spor før meg. Litt betenkt for i fleire parti var det gjennomroten snø. Kom meg ned til Svarttjønnholet. Der møtte eg to karar med hund og pulk som hadde overnatta på Skriurusta DNT-hytte. Medan vi stod der kom to reinoppsynsmenn på skuter, og det var ei lette, for dermed følgde eg deira spor heilt fram til Skriurusta. Hadde eigenleg tenkt meg til Storkvolvbu, men Skriurusta er eigenleg det heilt perfekte startpunktet for Nørdre Langsua, så takk til skuterfolka som Førde meg dit. >>>
Rust aleine
- Date:
- 28.03.2018
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:25h
- Distance:
- 22.0km
Folgefonna på langs, andre dag
- Date:
- 27.05.2017
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 11:00h
- Distance:
- 32.0km
Heilt utruleg dag. Opp kl 0600 på Holmaskjer etter minimalt med svevn, men til ein underskjønn dag. Sola stod rett over Hårteigen, og sikten var super. Vi delte oss i dag. Tom tok følge med gruppa som skulle gå til Fonnabu og så til Sunndal, vi tre andre + guide drog oppom begge kommunetoppane og gjekk så vidare ut breen, så mykje opp og ned og i krokar før vi kom til ryggen som heiter Volrusta. 2/3 i veg der hadde vi vel gått 27 km, og då måtte vi av med skia. Ned frå Volrusta, ut på høgre side av vatnet og så ned den stupbratte urda ved sida av fossen. Og vidare nedover til vi omsider var nede på grusvegen. Der stod heldigvis Tom og venta på oss i bil, og med berepose med brus og øl! Fabelaktig varm dag utan skyer. Skidelen gjekk veldig lett, gådelen var veldig slitsam. >>>