Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (400)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Draumedag til Storegrønut
- Date:
- 15.04.2022
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 7:15h
- Distance:
- 30.0km
Utruleg nydeleg dag. Tom sette meg av ved Breivatn. Eg venta på Erling og Anniken og tvillingane på Nordbøkriklan. Gjekk så saman til Homlitjønn der vi rasta. Gjekk så aleine vidare til Bjønnpytt og Vorvatn og opp til Storegrønut. Kjentfolk på toppen, og overraskande med folk i det heile tatt. Pleier å vere her aleine, men i dag var det fleire snøskutarar, trugefolk og skigåarar. Felleski og langrennsstavar fungerte greitt oppover på fast skutertrase, men heimturen blei krevjande. Særleg stykket frå Myklevatn over Ramåsmyran var vanskeleg. Dels frosne parti, dels roten snø, tynne ski og stavar utan trinser var ikkje optimalt. Det siste stykket gjekk i kjempetrått mildføre, der løypa var i oppløysing. Uansett: super dag, flott toppoppleving. Gjekk mesteparten aleine. 30 >>>
Brennetten
- Date:
- 28.01.2018
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Distance:
- 11.8km
Slo på peakbokkappen då eg bestemte meg for å gå oppom toppen då eg var på skitur i Haglebu-løypene. Gjekk 20 km i dag og brukte 3 timar brutto. I går og forgårs ingen toppar, men mange fine skikm!
Rust 30. desember
- Date:
- 30.12.2017
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 3:12h
- Distance:
- 13.1km
Køyrde til Gryteåi, gjekk i køyrde spor til Hovdestaul, så i trakka spor etter tre personar frå dagen før. Dei siste 100 hm vassa vi i laussnø. Ikkje sikt på toppen, og noko vind. Første gong eg er på Rust i desember! Anne og Eirik var sporty nok med.
Lifjell på vegen mellom Stathelle og Oslo!
- Date:
- 26.03.2017
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 3:30h
- Distance:
- 20.0km
Stressa over at skisesongen er på hell. Greidde skitur i Oslo før 50-årsdag på Stathelle laurdag. På sundag sette eg mannen på bussen, og drog sjølv til Lifjell. Der greidde eg både 20 km på ski og ny topp, Øysteinnatten. Sol, vind og 10 varmegrader på topptermometeret. Bilen viste +15 på Jønnbu. Raudt klister gav feste, men føret var svært trått. Gjekk aleine.
Oppom Kikuttoppen på veg frå Mylla til Movatn
- Date:
- 18.03.2017
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 5:30h
- Distance:
- 50.5km
Skibussen til Mylla. Perfekte spor, isklister fungerte flott, vi gjekk Mylla, Trantjern, Ølja, Tverrsjøen, Skarvvatnet, Pershusvatnet, Finnstadtjennet, Aklangen der vi rasta, Katnosa der Finn sa adjø og sette opp farta for å rekkje selskap heime, Sandungen, så over mot Kikut og eit sidesprang opp til Kikuttoppen der eg aldri har vore før. Skuffande at det var så gjengrodd og ikke utsikt, men eg gjekk litt nedover på sudsida slik at eg fekk overblikk, same veg tilbake ned til Kikut (vaffel inne), ned på isen og over til Fortjern, Helgeren, Gørja, Kalvsjøen, der eg tok ein ekstra dune fordi eg skjønte at eg trang ein halv kilometer til for å runde 50 km, Aurtjern, Finntjern og ned til Movatn der Tom plukke meg opp. Finn var altså med dei første 18 km. 5 timar og 31 minutt, 50,5 >>>
Truleg siste tur på ski i Marka i år
- Date:
- 26.04.2015
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 16.0km
Regn og snø i he ile Sør- Noreg i går, så toppturen i helga blei avlyst. Men i dag var det sol og ikkje for varmt i dag tidleg, så før middag i Halden i ettermiddag, køyrde Tom og eg til Myllsdammen og starta å gå i nykøyrde spor kl 1000. Rett og slett herleg tur med raudt klister under skia, fuglesong og opne bekkar. Måtte av med skia to stader, elles supert. Bislingflaka har eg vore på fleire gonger, men aldri så seint på ski. Så for første gong den malte vesle varden bak på toppunktet. Den har lege under snø andre gonger. Vi gjekk opp og ned Formo-løypa, møtte ganske mange svært blide skigåarar, ein med bar overkropp, andre med bare leggar. Og på veg ned møtte vi kompis Helge. Også blid. Tom og Uncas var med.
Årets første, herleg skitur!
- Date:
- 18.01.2015
- Characteristic:
- Cross-country skiing
Årets første tur gjekk til Totenåsen. Frå dårlege skiforhold i Oslo kom vi opp til draumeforhold ved Torsætra. Nykøyrde løyper frå dagen før, seks minusgrader og snøtung juletreskog. Desutan vakker januarhimmel. Ingenting kunne ha vore betre, og vi gjekk den sørvendte traseen opp til Rausteinhytta. flott føre. Vel opp åt vi niste inne på hytta som er open til 1500 både sundagar og laurdagar. Etterpå gjekk vi dei par hundre metrane opp til tårnet, laussnøen hadde ganske bra hald, så det gjekk greitt. Nedturen var ein flott hellande trasé, 300 høgdemeter fordelt på dryge 10 km. Så status blei 21 km. Tom, Dagfinn og Helge var med.
Gols høgaste
- Date:
- 06.04.2014
- Characteristic:
- Cross-country skiing
Køyrde frå Hemsedal til Golsfjellet, tok av til Nystølsfjellet hyttefelt, og gjekk derifrå til toppen som var 4,7 km unna. Den vesle nysnøen som var kome om natta gjorde klistersmøringa vår litt mindre optimal, men vi hadde i alle fall spikerfeste oppover! Vêret lysna og vi fekk ein heil del sol, og det var så vindstille at vi åt i le av varden på toppen. Flott rundskue! Deilig bølgute terreng. Tok ein liten ekstrarunde før vi drog ned til bilen att, så det blei 11,3 km totalt i køyrde spor. Vi møtte ikkje ein sjel i dag, og i går på veg til Høgeloft, berre dei seks vi gjekk saman med. To flotte dagar, men altså berre seks andre skituristar (alle frå Halden skiklubb). Anne, Eirik og Tom var med.