Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (400)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Fin runde om Ramåsmyrnuten og Søylesetknatten
- Date:
- 30.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:16h
- Distance:
- 12.0km
Rekognoseringstur før stiryddingsdugnad seinare. Vi blei sett av på Vinsvål og gjekk vegen til Skomestaul. Deretter stigen opp Skomestauljuvet som vi skal rydde seinare. Èin sving bortom der eg trudde eg skulle finne Trollbu, men fann den ikke, så vidare til Søylesetknatten og Ramåsnuten eller Ramåsmyrnuten. Ned til Ramåsmyran og Busanden og bort til Stubbåi der eg hadde sett att ein bil. Hyggjeleg turfølge i Espen. I Skomestauljuvet skremde vi opp ein flokk orrfugl, vel eit årskull med store ungar. Og på Ramåsmyran møtte vi ei stor elgku som vi kunne følgje med blikket lenge. Storvegs tur! 12 km, 570 hm, 4 t og 27 min.
Nutar frå Holtardalen
- Date:
- 29.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:53h
- Distance:
- 6.0km
Køyrde for første gong inn på hyttefeltet i Holtardalen og parkerte heilt øvst ved stigstart. Hyttefeltet er kontroversielt i Vinje, og det forstår ein.
Vi gjekk opp Holtardalen og såg Kjåkkmeitjønni rett fram. Då skar vi opp ryggen til høgre og styrte rett opp mot toppen. Veske Brattskarnuten var bratt til alle sider med flott utsyn. Litt vind og mindre sol enn meldt. Nedatt gjekk vi på vestsida, så ut tverrdalen tilbake til Holtardalen og derifrå rett opp til Løyningnuten. Nydeleg flatare toppunkt, litt varmare var det også blitt i veret, og vi hadde fin rast på toppen med blikket mot Raulandsfjøll. Skar så rett ned mot startpunktet - for ein del utan stig. Traff stigen rett ovanfor startpunktet. 6 km, 386 hm, 2 t og 53 inkl to pauser på dei to toppane. Tom var med.
Furufjell
- Date:
- 27.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:32h
- Distance:
- 6.0km
Klassisk tur. Opp til Furufjell og så nokre sveip Norton nokre moltestøe. Kriseår for molter her. Fann vel 1-2 dl der eg elles ville ha plukka fire liter. Og ikkje noko kart med von om betring litt seinare heller. Likevel deilig dag oppe i nutane. 6 km, 386 hm, borte i 2 timar og 36 minutt. Koste meg aleine.
Øytoppen på Halsnøy
- Date:
- 24.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 5.6km
Etter heilt fabelaktig besøk på Halsnøy kloster (endeleg!), tenkte eg at burde få med meg meir frå denne vakre øya. Så køyrde til Mehus og gjekk god (men tidvis våt) stig, først til Jamburfjellet, så Ramnakulten. Nydeleg dag, blå himmel, lita lufting, 18-20 grader. Møtte ingen. Koste meg med Farris og nøtter på toppunktet. Tenkte at Halsnøy er nydeleg. Tok eit bad nede ved Slettanrset etterpå. 5,6 km, 300 hm, 2 t og 7 min, inkludert pause og litt fugletitting. Fin sikker observasjon av svartmeis, første i år. Gjekk aleine.
Kveldstur til Høgafjellet
- Date:
- 22.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:02h
- Distance:
- 11.5km
Køyrde frå regn i Langlim til sol på Vestlandet. Brukte vel dryge 6 timar til Osterøy. Parkerte ved Blomvågsleitet. Flytta saker over i ryggsekk og gjekk den knappe kilometeren inn til Træet, der eg fann ei seng i andre høgda og plasserte sekk og sovepose der. Så åt eg ei niste før eg bestemte meg for å bruke den lyse kvelden og gå til toppen med èin gong. Gjekk den historiske stabbesteinvegen opp til Hesjedal. Følgde der svak og svært våt stig opp dalen. Då eg kom opp til dalbotnen/kvæven, kryssa eg bekken og ei myr før eg klorte meg opp langs èin liten foss til bratt lyngbakke som eg forserte. Over brinken så eg èin varde opp til venstre, men skjønte raskt at eg hadde eit godt stykke att til toppen. Måtte opp over fleire luretoppar før eg kom til topps etter 2 timar >>>
Ringdalsnuten frå sør
- Date:
- 20.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:07h
- Distance:
- 13.2km
Køyrde så langt eg kom i retning Verkhus og Smørli. Gjekk vegen inn til Smørli der eg fekk følge av heile geiteflokken frå Lega. Så følgde eg gamal, delvis gjengrodd stig til Nedre Lega, Midtre Lega og litt vest for Øvre Lega. Derifrå gjekk eg bratt opp til venstre på massivet til Ringdalsnuten. Tidvis så bratt i lyngen at eg måtte krabbe på hender og knær. Nedover trefte eg ein betre stig - i alle fall første stykket frå toppen. Så gjekk eg fjellet innover, ein luretopp med varde dekte for den eigenlege toppen. Gjekk aust for luretoppen inn, men gjekk vestafor tilbake. Det var betre. Same veg tilbake. Nydeleg terreng, geiter, sau og folk på Midt- Lega, elles lite liv. Såg èin steinskvett og heipipelerke. Elles har vinden (Hans?) herja fælt, usedvanleg mange store rotvelter.
Gjekk >>>
Første Rusttur i sommar
- Date:
- 18.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:52h
- Distance:
- 7.1km
Køyrde til Valedammen og gjekk opp KåbKkan og Vierdalen til toppen. Gjekk nutane bortover og nedatt om Svartetjønn og Olsokfonni. Sjekka moltestøene undervegs; ser dårleg ut i år.
Vardane i håplaust vær
- Date:
- 09.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:51h
- Distance:
- 8.5km
Køyrde frå Ørsta til Molvær og parkerte ved Vasskummen. Det regna og det var dessutan meldt striregn heile dagen, men eg hadde no berre denne dagen til disposisjon, så det fekk stå sin prøve. Hadde sjekka spora til lyngve, sidan dette må vere «hans» topp, og valde kortaste veg rett opp. Det var null sikt etter Molværtjønna dessverre. Eg gjekk jamnt på, og brukte likevel 1 t og 25 opp. Eg har sett lyngve brukar 1 time og 40 opp og ned, så eg regnar med at dette er ein kar i superform!
Det bles kraftig på toppen, og eg fekk no eit inntrykk av topplatået med mange vardar. Dei fine grasbakkane rundt toppen og dei bratte sidene til alle kantar gjer nok denne toppen heilt nydeleg i godt vær. Synd då at eg kasta den bort på ein så våt og grå dag.
Vonhytta var open og unte meg >>>
Sollia - Herøy og Sande
- Date:
- 08.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:42h
- Distance:
- 9.9km
Turliv i kombinasjon med dei nynorske festpela er ein god idé. Starta i dag med å køyre til Moltustranda, tulla litt før eg fann rett avkøyrsel (ta Gamlevegen opp til venstre). Så tabba eg meg litt ut ved å parkere på den første turparkeringa eg kom til, eg burde heller ha køyrt så langt eg kom mot bommen og parkert rett før den. Dermed blei turen 1-2 kilometer lengre enn den kunne ha vore, og ekstradistansen gjekk på kjedeleg veg. Men, men: Overskya, men høg himmel og vindstille då eg gjekk oppover vegen, opp til demninga i Mørkevatnet. Så stig på venstre side av vatnet, merka stigkryss etter den første bakken opp fra vatnet, der blei eg leidd mot venstre inn Lisledalen og opp neste kleiv. Ved varden der gjekk så stig bratt oppover mot høgre og toppen. Eg gjekk litt på >>>
Kongsvollen og Blåtind
- Date:
- 07.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:51h
- Distance:
- 9.3km
Drog fra Ørsta og parkert i p-lommme i Ringstaddalen. Starta å gå ca kl 1030. Usikker vermelding, og ganske kaldt, men må seie det med ein gong: sjølv om eg måtte på med goretex og gjekk med ullpanneband, slapp eg unna det store regnet, berre nokre dropar innimellom, og då eg rasta på Kongsvollen var det sol. Det bles ein del, så serleg strekket mellom Kongsvollen og inn under Blåtind-toppen var litt surt.
Eg hadde snakka med kjentfolk og fått råd om å ta Kongsvollen først. Det trur eg var lurt, då blei det rake vegen nedatt fra Blåtind. Kongsvollen må ha fått namnet sitt fordi det er ein sånn fin graskledd runda topp "ein voll" for kongar. Blåtind er jo brattare, men oppstiginga var veldig grei der eg kom på stigen fra Kongsvollen. Eg er veldig glad for at eg >>>