Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Fjellstulvarden på veg til hytta

Date:
24.06.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:46h
Distance:
5.5km

På veg til hytta stoppa eg på høgaste punkt på Meheia og gjekk ein kvikk tur til Fjellstulvarden. Tørr og fin stig opp svaberg og bratte kleiver. Nydeleg terreng, små tjern oppå høgda der, krokfuruer og flott utsyn. Brukte 1,5 time opp, 1 time og 15 ned. 527 hm. 5,5 km. Sol og vind. Gjekk aleine.

Map    

Blæja i draumevær

Date:
12.06.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:06h
Distance:
6.9km

Køyrde frå Ørsta, ferge frå Volda til Folkestad, så bil inn Dalsfjorden, og opp den ganske spinnville vegen frå Åmelfoten til Dansen. Eg tok igjen ein lastebil (!) på veg oppover. Han hadde ikkje nok svingradius i hårnålssvingane og måtte rygge fleire gonger i kvar sving. Han slepte meg forbi den eine staden det gjekk an. Då grusvegen starta, var det gravearbeid i høgre grøfta pga noko kabling så det ut som, så vegen var veldig smal. Men eg kom fram til Dansen utan å møte andre bilar, og hadde ingen problem heldigvis. Og så deilig å starte turen på nesten 600 hm! Eg gjekk aleine og hadde bestemt meg for å gå ei tryggast mogleg rute, så eg gjekk dalen både inn og ut, Kjerringane får andre kose seg med. Då eg kom inn i dalbotnen, svinga eg til venstre og prøvde å halde >>>

Map    

Krakhellanipa i godt følge

Date:
30.05.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:36h
Distance:
7.5km

Anne og eg let reisefølget dra til Gulen, medan vi gjekk i land på Krakhella, og køyrde til svingen der det andre skiltet til Krakhellenipa stod. Derifrå følgde vi ein merkt stig som blei litt meir utydeleg etter den store myra, men vi nådde greitt den raudmerkte stigen og følgde den til topps. Veldig effektive høgdemetrar opp til 500 hm der fjellplatået flata ut bort mot toppen. Den traseen var merkt med varder heile vegen. Spektakulært toppunkt med vidt utsyn i alle retningar. Vi tok bilete, men pga vind og ganske låg temperatur, sparte vi nistepausen til vi var komne litt nedafor platået der vi fann ein spiseplass i le. Møtte to jenter som skulle gå 52 toppar i år, men som ikkje kjende til Peakbook! Trur vi verva dei inn….Nedturen gjekk greitt, sola kom meir fram og det >>>

Map    

Risnesnipa blei kommunetopp nr 300!

Date:
29.05.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:45h
Distance:
8.5km

Køyrde til Hovland og parkerte. Starta åtte stykke oppover i nydeleg gamalt kulturlandskap. Det var bratt, men fint å gå på grasstig. Så kom vi til den første sherpatrappa, ganske høge trinn, men flott lagt i terrenget. Eit nytt lyngstrekk før nokre treklopper og så ei kjempeimponerande sherpatrapp til. Derifrå var det kanskje 20 hm opp til platået ved Hovlandsstølen på ca 600 hm. Derifrå følgde vi varda stig halvvegs bort til det eine toppunktet før vi tok av til høgre og gjekk rett bort til varden på Risnesnipa. Spiste niste i le under toppunktet, nøyt vidt utsyn, rett ut i havet, tilbake mot snødekte fjell. Heldigvis var været betre enn meldt, opphaldsvær og litt sol og klart vær. 8,5 km, 873 hm, 4 t og 45 min. Tom, Anne, Eirik, Svein, Ingunn, Knut var med heile turen, >>>

Map     7 comments

Barfrosttur til Rust

Date:
23.11.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
5.9km

Køyrde til Valedammen og gjekk derifrå. Tre av oss hadde betre kondis enn den fjerde, så vi la inn ganske mange pauser. Men alle kom opp på barfrosten. Vind og surt på toppen, men sol og nydeleg utsyn. 5,9 km, 499 hm. 2 timar netto gåtur. Èin time til inkludert pausene.

Map    

Hornshovd i friskt haustvær

Date:
28.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:08h
Distance:
9.4km

Map    

Napanuten i ettermiddagssol

Date:
25.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:57h
Distance:
3.6km

Køyrde inn frå Garvik mot Trollebotn. Første gong på Seljordsheia for meg. Følgde Sirohos løypeval mot Napanuten, men feilorienterte i pinleg grad og styrte inn mot den mykje lågare toppen vest for Napanuten. Gjekk opp der og såg då Napanuten som eit utilgjengeleg glasberg mot nordaust. Gjekk tilbake og mot vest slik at eg kom inn på sporet til Siroho. Svakt spor av stig som det var lurt å følgje, for det meste elles er for bratt og utilgjengeleg. Toppunktet var utruleg flott, stupbratt til alle sider, blanke berg og krokfuruer. Vidt rundskode. Sporet mitt tilbake bør følgjast når ein går opp også, for her var stig nesten heile vegen! Var litt halvsjuk, men deilig å få til ein liten tur likevel! 3,57 km, 1 t 57, 217 hm. Gjekk aleine i nydeleg vær.

Map    

Eit stykke opp mot Ushba

Date:
05.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:15h
Distance:
4.8km

Andre fjelltur i Svaneti. Vi køyrde i taxi verdas verste veg frå Mestia til Koruldi- sjøane, frå 1400 til 2700 moh. Så gjekk nokre av oss oppover mot breen under det mektige Ushba-fjellet (4700 moh). Vi gjekk frå 2700 til 3200 moh, litt tungpusta. Rart å tenkje på at det var 1500 m att til toppen der vi snudde! Heim til Mestia gjekk Anne og eg frå ca 2250 moh ned til byen på 1400. Flott gammal seterveg. Anne, Eirik, Tom, Svein og eg gjekk motbakketuren. Angrar litt at eg vi ikkje gjekk dei 50 siste høgdemetrane slik at vi hadde sett breen.

Map    

Mentashi

Date:
03.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:15h
Distance:
16.3km

Første dag i Svaneti, Georgia bestemte vi oss for å prøve å kome oss opp i høgda. Fire av oss valde å gå opp til toppen av skiheisen, og så følgje ryggen bort til Mentashi - høgaste punktet på denne ryggen. Dei fem andre tok skiheisen opp og nøgde seg med å gå fram og tilbake bortover ryggen. Vi manøvrerte feil i starten og endte med å bushe i bratt terreng eit stykke - før vi kom opp til neste skiheisstasjon. Derifrå gjekk vi i opne alpinløyper opp. Spektakulær utsikt ettersom vi vant høgde. Ushba (4700) reiste seg som ein vegg på andre sida av dalen for Mestia, og då vi kom bort til Mentashi, var utsynet mot Ternold (4858) imponerande. Vi gjekk ryggen tilbake, tok noko å drikke på kafeen der Tom venta på oss, og tok skiheisen ned. 16,4 km, 1274 hm, 5 t og 15 temaer. >>>

Map     2 comments

Siste i gml Oppland: Store Hestbreapiggen i kanonvær

Date:
02.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
17:00h
Distance:
36.0km

Endeleg! Den siste toppen i gml Oppland har eg i fleire år venta på eit høve til å prøve meg på. Og så klaffa vermeldinga samstundes med at eg fekk turfølge og hadde rom i kalenderen. På onsdag kveld fann eg fram til Skjåk almenning og inatur.no der vi leigde Sauhytta frå torsdag til fredag. Vi køyrde frå Oslo torsdag morgon, plukka opp nøkkelen til hytta på Bismo, spiste litt og lada bilen, og så bar det oppover Lundadalen. Bomveg på 50 kr, ganske dårleg veg, men vi kom greitt inn til Lundadalssætre. Starta å gå noko over kl 1700, og gjekk dei 9 km inn til Sauhytta på tre timar. Hytta er perfekt for to personar. Lita og effektiv å fyre opp, vatn i elva rett nedafor, propanbluss og elles alt ein treng. Vi spiste real turmat og gjekk tidleg til sengs. Dagen etter vakna >>>

Map     2 comments