Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (404)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Dovre for første gong
- Date:
- 19.09.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 7:00h
Etter to dagar med seminar på Kongsvoll og ein liten tur over Hjerkinnshøe, valde eg å hoppe av ein av bilane på Hjerkinn og ta bussen inn til Snøheim fredag morgon (1045-bussen). Møtte ein kollega frå jobben på bussen som var i eit følgje. Heldt litt følgje med dei til inn til Gamle Reinheim, før eg gjekk litt frå. Det var stille og sol, med nokre lette skyer og dis som etter kvart låg under meg. Gjekk i t-skjorte opp, men kledde på meg då eg kom opp, og sat og og rasta i ein time eller noko sånt. Utruleg flott. Litt usikker på om eg torde å gå bort til Midttoppen, men to damer av min type ville prøve seg, så vi gjekk saman. Det var heilt kurant, i alle fall så lenge ein ikkje feste blikket ned i avgrunnen! Flott utsyn ned på baksida av fjellet med irrgrønt vatn. tilbaketuren >>>
Kosetur til Strålaus
- Date:
- 29.07.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:12h
Køyrde frå Seljord via Dalen og Setesdal og deretter Suleskarvegen for første gong. Nydeleg i flott vêr! Såg Urddalsknuten i det fjerne nord for Rossekreppfjorden. Tok av mot Lysebotn, og etter kvart av mot venstre og Langavatnet. Bommen var open, så vi køyrde heilt inn til demninga der vi parkerte. Gjekk så på vestsida av vatnet til turisthytta. Super hytte. Kryssa bekken ved hytta og gjekk opp lia sud for fjellet. Heldt inn den graskledde kløfta og fann veldig grei trasé heilt opp. Åt niste på toppen i berre t-skjorte. Same vegen tilbake. Vi brukte 3 timar og 20 minutt inkludert matpause, pause ved hytta på veg inn og diverse kamerapausar. Vi var begge to oppe på den vesle bolten i fossen på vegen langs vatnet. Eg rett nok i pysete sitjestilling! Men bilete blei det. Tom og >>>
Tur i Stavsfjell
- Date:
- 28.07.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:00h
- Distance:
- 16.0km
Flott tur med utgangspunkt Mjåvasskardet på Hyllandshei. Gjekk med svigerinne og tre ungdomar til Vehuskjerringi. Varmt og bratt mot slutten. 7 km ein veg. Møtte bror og tre andre som avtalt på toppen, men utruleg nok møtte vi også kusine, mann og barnebarn der oppe, så det var reine slektsstemnet! Eg gjekk aleine frå toppen, tok austre toppen nedover og så gjekk eg opp på Lågefjell for første gong. Nydeleg fjell, grønt og pent i kveldssol. Kom nedatt på raudmerkt stig sør for Haugebu, og var ved bilen klokka 1900. Var altså på tur i 6 timar, siste halvdelen aleine.
Største investering i topp så langt
- Date:
- 25.07.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 19:30h
- Distance:
- 50.0km
Følgde Haky si rute og beskriving. Køyrde frå Seljord til Valle og opp til Berg. Betalte kr 30 i bompengar og parkerte der t-merkt stig starta. Bilen målte 29,5 grader klokka 1400. Dei første to timane var veldig varme, og eg gjekk seint og drakk mykje. Oppe ved Rennevatnet møtte eg ein kar som sa at Bossbu var stengt i sommar pga bygging. Og der rakna planen min! Altfor langt å gå til toppen frå Stavskarhytta! Men Ole som han heitte, sa eg skulle helse frå han, og be pent om å få sove på golvet i nyhytta. Og det gjorde eg då eg kom fram etter 4 timar og 20 minutt. Turen er stipulert til 5 timar av DNT, så Haky som gjekk på 3 timar og 15 minutt må vere toppidrettsmann! Varm fin kveld var det, og eg fekk middag saman med dugnadsgjengen på Bossbu. Fabelaktig plassering av denne >>>
Varm tur til Ramåsmyrnuten
- Date:
- 21.07.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
Fin tur frå hytta i dag. Helge og eg gjekk frå Stubbåi til Busanden til Ramåsmyran og Myklevatn. Der bada eg og rasta vi. Så opp i nutane og heilt bort til Ramåsmyrnuten. Følgde ryggen ut til Skomestauljuvet. Ned til Skomestauljuvet opp til Fjåbekk og nedatt til Busanden og bort til Bruhylen der bilen stod. Vi var borte i 5-6 timar. Hunden på snart 10 år la seg ned fleire gonger mot slutten og ville ikkje meir. Helge hadde vondt kne og eg har jo denne hælen, så mot slutten var vi alle litt lei. Men turen var super på alle vis, og ikkje minst smakte det lange badet i tjønna i 20 grader godt då vi var vel framme på hytta. Helge og Uncas var med.
Grip først, så Freikollen
- Date:
- 26.06.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
Super dag, solskin, ikkje for mykje vind, men temperaturen var vel ikkje noko å skryte av. Vi tok først båttur til Grip. Endå flottare enn eg hadde sett for meg. Ingen toppar, men ei kyrkje til å få tårer i auga av. Etter å ha sjekka inn på hotell i Kristiansund, tok tre av oss av stad til Frei. Freikollen blei unnagjort på to timar inkludert pause på toppen. Vi gjekk frå Freiåsen, to av oss gjekk rett fram og forbi det vesle vatnet og kom opp frå havsida. Den tredje gjekk raskaste og bratteste vegen opp. Fungerte også fint. Vi gjekk saman ned raskaste vegen. Der opp målte ein annan turgåar temperaturen til 6 grader. Men sol, vind og vidt utsyn til alle kantar. Mange spreke folk med joggesko og med eller utan stavar gjekk raskt opp og ned. I boka på toppen såg vi at dette >>>
Draumetur på Otrøya
- Date:
- 25.06.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
Tok ferga over til Otrøya frå Molde, køyrde først til Midsund for å handle nistemat, deretter tilbake til sør-Heggdal der vi tok av ved skiltet der det stod Oppstadhornet. Godt merkt stig, nydeleg landskap og meir og meir sol. Stoppa litt oppe ved setervollen der det framleis står ei bu. Fabelaktig utsyn. Eg var imponert over den gamle fine furuskogen, ein urskog rett og slett med gamle kronglefuruer, rotvelter og kvite ståande daude furustomnar. Vi følgde raude og kvite plastband og eit "stikk ut"-skilt opp til den tørre og fine ryggen mellom dei to vatna. Opp gjekk vi heilt opp på riset før vi svingte til høgre og rett opp den bratte lia. Ned følgde vi fjellkanten og fann grei stig litt lengre vest. Toppen var heilt fantastisk! Grønn grasbakke med blomar og strå >>>
Andre tur i Møre og Romsdal
- Date:
- 23.06.2014
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:17h
- Distance:
- 9.0km
Andre dag i Molde, og då blei det kommunetoppen. Ikkje veldig varmt og skiftande skydekke, men opplett. Køyrde mot Kleiva og tok av ved Kortgarden opp til Nakken, og så bomveg (20 kr) til der stigen til Skåla starta. Skodda hang nede ved Trollvatnet då vi starta på turen, men den steig oppover ettersom vi gjekk. Vatnet ligg på 502 meter, og det låg blikkstille då vi kom opp, med grønt gjennomsiktig vatn. Vi tok stigen til høgre og det er ein dryg tur, tidvis så bratt at ein må bruke hendene, ganske luftig der ein kjem nær kanten, og i vårt tilfelle gjekk vi inn i skodde og snø på ca 1050 meter. Skodda låg tett på toppen og nysnø frå i går dekte topplatået. Eg er ergerleg for at eg heng bak, dårlegare kondisjon og dårleg fot, kondisjonen heng litt saman med foten, eg >>>