Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (400)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Furufjell
- Date:
- 20.05.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:51h
- Distance:
- 6.1km
Pinse i Langlim med sommartemperaturar. Kosetur opp og ned til Furufjell, Tom gjekk raskt, eg heldt følgje med gamle Uncas og Marit. Deilig å gå på barmark igjen.
Hægefjell pinseaften
- Date:
- 19.05.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:06h
- Distance:
- 11.3km
Nydeleg dag! Køyrde frå hytta til Fjonesundet. Rakk akkurat ferga over og så inn bomvegen til klatreleiren. Mange bilar og telt, og fleire klatrarar oppe i det blanke berget. Vi gjekk inn vegen, tok av stigen mot Hægefjell og følgde den til topps. Fleire folk ute på tur. Vi rasta lenge på toppen, og eg gjekk ut mot stupet mot søraust, der torde eg plutseleg ikkje gå ut på stupet og titte ned! Var aleine og visste kva slags avgrunn som venta meg. Irrasjonelt. Turen ned og heim gjekk greitt. Vi rakk akkurat fem-ferga. Deilig start på sommarturane! Tom og Marit var med.
Brennberget
- Date:
- 12.11.2017
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 3:30h
- Distance:
- 11.0km
Telefonen gjekk i svart før Uncas og eg var tilbake ved Sinober etter å ha kryssa av Brennberget. Bolle til meg, vaffel med brunost til gamle hund.
Furufjell
- Date:
- 29.10.2017
- Characteristic:
- Trip by foot
- Duration:
- 1:42h
- Distance:
- 4.8km
Gløstøylnuten
- Date:
- 14.10.2017
- Characteristic:
- Trip by foot
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 8.5km
Telefonen gjekk i svart før vi kom til Gløystøylnuten, men det gjorde vi altså, og så ned på nordvestsida før vi runda tilbake mot nordaust og tilbake til bilen vi hadde parkert på Meland. 8,5 km, 646 hm, 2 timar og 37 minutt. Tom og Uncas var med.
Herkelås - Vestfold komplett for tredje gong
- Date:
- 30.09.2017
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 2.1km
Deilig mild dag i haustfargar. Snilt terreng, lett å forestille seg steinalder og bronsealderaktivitet på og rundt dette berget. Brukte 10 minutt opp, og så utforska eg nabotoppen og hola på veg ned. 41 minutt totalt. Gjekk aleine.
Kjølberget - topp nr 200
- Date:
- 24.09.2017
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:30h
- Distance:
- 1.2km
Kom køyrande langs Osensjøen, og fann greitt avkjørsel innover skogbilvegane til der Finnskogleden kryssar vegen nedafor Kjølberget.Blåmerkt stig heilt til topps, for ein del i våt myr. Grått, og eg var våt på beina, og dessutan var det rett før innspurten på fellesstarten på sykkel i Bergen, så eg brukte telefonen som radio og strena av garde. Kom greitt opp til toppen og fekk tatt eit bilete, og så gjekk radioen, pb-appen og kameraet i svart. Ikkje meir batteri sjølvsagt. For å rekkje innspurten småsprang eg nedatt til bilen så søla skvatt, og var vel våt til knærne omtrent. Rakk dei siste 5 minutta av sykkelrittet i Bergen, Kristoff nr 2 slått med 20 cm av Peter Sagan. Skifta på meg tørt, og starta heimturen til Oslo. 2,5 km, 30 minutt og 100 hm stigning. Eg gjekk >>>
Rust
- Date:
- 27.08.2017
- Characteristic:
- Hillwalk
Hadde invitert til felles tur i Gjevarvatn vel, men vi var berre fire som møtte, og så hekta tre til seg på på toppen. Vi gjekk frå Valedammen, via Skor og Gåsevatn og kome opp bakfrå. Tom, Alexander, Anne, Hildegunn, Hallvard og Anne Mette var med + tre hunder. Brukte lang tid, fire og ein halv time. Gløymde å tracke turen.
Folarskardnuten, ferdig med Buskerud!
- Date:
- 23.08.2017
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 21.0km
Enter å ha sjekka værvarselet måndag kveld, og fordi eg har eit par ferieveker eg tar ut før eg skal starte i ny jobb, greidde eg å hive meg i bilen tysdag morgon og hadde ein draumetur opp Hallingdal, med mykje kulturminne slik eg likar det. Overnatta på Storstølen, god middag og frukost, flott standard på rommet, men prisa deretter. Køyrde tilbake og inn Raggsteindalen, og følgde grovt sett turopplegget til Sola og Knut Sverre. Men egvar nok utruleg mykje heldigare med vêret enn dei var. Dei gjekk akkurat denne veka i to ulike år ser eg. Eg gjekk i kortarma trøye heilt opp til Lordehytta. Der bles det, så eg tok på anorakk og lue. Eg var veldig spent på det bratte partiet der, og trur eg hadde omtrent akkurat same forhold som Knut Sverre og Astrid. Alt gjekk greitt, men eg >>>