Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Flott på Mekknøken

Date:
14.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
7.0km

Køyrde frå Kristiansund til Averøya, runda Kvernnes, og tok av mot høgre ved Mekgrenda. Parkerte i ei lomme der turen var skilta. Først grusveg, så klopper over nokre myrete strekk, då bratt opp langs ein nydeleg bekk med fine stryk og kulpar. Kryssa bekken, deretter opp stig i bratte lyngbakkar. Då vi kom «opp», var vi på eit platå som var fint og glatt å gå på før det blei bratt igjen opp til sjølve toppunktet. Vakker grasbanen mot vest, veldig luftig og råbratt mot aust. Vi møtte fleire andre på toppen i den tida vi sat der. Ettersom skylaget letta, blei fotomotiver finare og finare. Fjorden som ein spegill, tynne belter av skyer under toppane rundt oss. Passe varmt, ikkje vind, og vi slapp insekta denne dagen. Ca 7 km, ca 3 timar brutto, 611 hm. Tom, Anne og Eirik var >>>

Map    

Nydeleg topp i nydeleg vær!

Date:
13.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
8.7km

Køyrde frå Sunndalsøra inn i Tingvoll kommune, tok av mot venstre til Smiset. Derifrå gjekk vi gjennom blandingsskog og bratte gras- og lyngbakkar. Forbi nedlagt støl eller plass med spor av gamle vegfar. Litt myrete før vi bikka over ein brink på ca 500 moh. Der såg vi toppen fint og følgde stigen bratt oppover. Tørt og fint å gå, litt berg var det jo oppunder toppunktet, men forbausande grei stig heilt til topps. Fantastisk toppunkt med rundskode i perfekt vær. Det einaste som trakk litt ned var ein del stikkende insekt i den første delen av turen, mest klegg. Vi sat lenge og rasta på toppen. To personar kom og gjekk medan vi var der, dei kom frå motsett side. Vi brukte 2 timar og 12 minutt opp. 4,5 km og 1035 hm. Eirik gjekk ned på 55 minutt, Anne og eg brukte nesten 2 timar. >>>

Map    

Svarthøtta i draumeforhold

Date:
12.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:15h
Distance:
20.1km

Starta frå Oppdal og tok av mot Skarvatnet og Nerskogen. Ikkje ei sky på himmelen, 18-20 grader i lufta, og underskjønt gammalt kulturlandskap med ganske nennsomt plasserte hytter innimellom. Tok siste avkjørsel før vegen til kyrkja, men greidde ikkje å betale noko ved bommen. Ikkje anna enn kontantar, og ikkje nokon stad å leggje kontantane! Så vi køyrde forbi utan å betale. Vi tok den andre vegen tilbake, og prøvde å betale på veg ut i kortautomat, men det fungerte heller ikkje. Noja, vi parkerte ved parkeringsplassen der vegen sluttar ved elva, gjekk stigen langs elva eit stykke oppover, fann løpestrengstolen, og fira oss over elva, ein etter ein. Så fin stig opp til setervegen til Svartdalssetra. Ved setta som låg som ein draum i sommerdagen med Svarthøtta i bakgrunnen >>>

Map    

Flott start på ferien - Blåkollen

Date:
11.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:10h
Distance:
12.0km

Vi starta sommerferien i regn på laurdag, sykkelturen inn til Bjørnhollia blei våt, men det var berre 8 km, og deilig å kome fram til tomannsrom med eigen vedovn og treretters middag etter varm dusj. Vi starta å gå i nydeleg vær kl 0945, og gjekk t-merkt stig mot Eldåbu. Etter ca 4 km skar vi opp mot toppen og gjekk i lettgått terreng på lyng og mose til under toppen der det bleie ur det siste stykket. Rasta på toppen, men det blei litt vind og overskya akkurat da, så vi sat ikkje då lenge. Deilig og varmt på veg tilbake igjen. Kaffi, te og kake i solveggen før vi sykla ned til Gammelgarden/ Straumbu igjen. Bada i elva, kaldt men deilig! Tom var med. Totalt inkludert sykkelstrekka, 1117 hm, 28 km. Gåturen var 12 fine lettgåtte km og 705 hm, brukte 4 timar og 11 min inkludert >>>

Map    

Marigrønuten Seljord 100 m pf

Date:
03.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:50h
Distance:
17.5km

Må seie det med ein gong, dette var ein maksimal tur og heilt etter mitt hjarte. Tom og eg høyrde så langt vegen er open inn Heiåvegen til Slettevad. Derifrå gjekk vi vegen til Krakkset, vassa over elva, og følgde stigen til høgre for elva inn til brua. Vi gjekk over brua over nydelege gamle stølsområder og på tørr fin stig. Heldt vest for Kråketønn og Svatjønn og stoppa ved den flotte gamle stølen Svain. Tom fekk på seg gnagsårplaster og vi drakk litt. Så heldt vi fram på stigen svakt oppover til Steinstaulen, og derifrå bratt oppover mot Marigrønutan, eller som det står på eit lokalkart eg har, Marjitgrønutan. Det høyrest vel så truleg ut, gitt lokal personnamntradisjon. Vi prøvde å halde stigen som går på tvers av den vestre toppen, men den forsvann litt innimellom. >>>

Map    

Raskt til Rust

Date:
02.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:29h
Distance:
6.0km

Køyrde til Dammen etter hyttekontoret. Gjekk så fort eg orka frå Dammen til topps, 42 min og 49 sek er personleg rekord. Greier ikkje mykje fortare pr i dag.

Map    

Siste i Vest-Agder - nydeleg til Tomlingen

Date:
27.06.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:15h
Distance:
10.0km

Etter å ha vore turist med Tom på Lista om føremiddagen, sette eg han på bussen på Sirnes, medan eg køyrde opp til Sira og på vestsida av Sirdalsvatnet til parkeringslomma ved Gryteåne der det står skilt med Tomlingen. Til dette med namnet: det er opplagt rett med Tomlingen, ikkje Tomlongen, ein tomling er jo eit lite beger ned rund botn som står og vippar. (Sjå bilete.) Og det passar veldig bra på den store steinen på «vippen» på toppen. Gjekk jamnt opp til Jødal, der eg stoppa og snakka med to karar som vurderte byggjeprosjekt etter at ei hytte hadde brunne ned på den øvre stølen. Derifrå var det effektive høgdemeter oppover! Flott utsikt, med vindmøllene på Tonstad som bakteppe mot aust. Etter at eg kom opp over tregrensa, var det lett å gå, men ein del opp og ned. >>>

Map     2 comments

To kjappe toppar i Vest-Agder

Date:
26.06.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:15h
Distance:
5.3km

Gårsdagens tur sat i beina, og etter litt sightseeing tidlegare på dagen, sette Tom meg av ved bomvegen merkt til Kaldåsknipa, og rigga seg til med avis for å vente på meg ved eit vatn litt lengre borte. Eg gjekk radig oppover, men beina var litt tunge, og eg brukte dryge 21 minutt opp til tårnet. Titta meg rundt i blankt vær og litt vind, skar over til sjølve toppunktet, tok fotobeviset, og gjekk vegen nedatt. Fann eit svakt tråkk oppover, og kryssa av toppen som var eit fint svaplatå med tre små røyser. Gjekk så nedatt der Tom venta. 1 time og 14 minutt, 5,28 km, 282 hm. Gjekk aleine.

Map    

Lang flott tur til Oddevassheia og Venehei

Date:
25.06.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:00h
Distance:
24.6km

Greidde å rydde plass til ei langhelg denne siste helga i juni, for no er det så langt til alle kommunar eg ikkje har dekt, at ei vanleg helg blir litt knapp for topprosjektet. Denne gongen var eg ute etter dei vestlegaste kommunane i Vest-Agder. Det er langt å køyre frå Oslo! Vi starta etter jobben og i trafikken på torsdag. Måtte stoppe hos gamle foreldre på Sathelle, og dermed var vi framme i Knaben kl 0100 natt til fredag. Vi kasta opp tomannsteltet på campingsplassen, det måtte gå fort, for heile plassen surra av knott. Og vel inne i teltet var taket svart av knott etter å ha hatt teltet det opent lenge nok til å krype inn. Ikkje anna å gjere enn å krype ned i soveposen og dra den over hovudet. Vi køyrde opp til gruva morgonen etter for å få litt lufting rundt knottsvermen, >>>

Map    

Ny rekord til Rust

Date:
18.06.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:29h
Distance:
5.8km

Etter hyttekontor køyrde eg til Dammen og gjekk alt eg kunne til topps. Persa med 30 sekund. Har ikkje så mykje å gå på no, må betre forma ein del for å kome under 43 minutt, kjenner eg. 43.19 i dag. Omtrent det same nedatt. 1 time 29 minutt. 482 hm. 5,78 km. Gjekk aleine.

Map