Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Kveldstur i kulturlandskap

Date:
03.07.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
1:10h
Distance:
4.3km

Tur til bygdeborgen på Storås via oldtidsvegen frå Bamble kyrkjerom. Benjamin var med. Sykla fram og tilbake frå Rognstranda til Bamble kyrkje før og etterpå. 4,3 km, 154 hm. 1 time 10 minutt.

Map    

Eirefjell

Date:
19.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:45h
Distance:
10.1km

Etter brynesteinbrotet og Vest-Telemark museum, fekk eg eigenleg tatt turen til Eirefjell. Overskya, stille og ca 10 grader. Regnbyger gjekk rundt om oss, men vi slapp regn heile vegen. I bilen derfrå starte det å ausregne! Bra det har vore ein tørr vår, for dette er ein ganske myrlendt trase! Vi blei våte på føtene, men ikkje krise. Flott utsikt frå toppen. Møtte ingen. 10,1 km, 3,75 time, 509 hm. Benjamin var med.

Map    

Rust i juni

Date:
18.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
7.0km

Rusttur med Benjamin. Første tur etter covid. Gjekk greitt. Skiftande lettskya vær, men ganske sterk vind og heller kjølig. Ca 7 km. 560 hm. 3,5 time. Benjamin var med.

Map    

Morgontur til Vettakollen

Date:
14.05.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:54h
Distance:
6.4km
Map    

Morgontur til Høgenhei

Date:
01.05.2022
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
1:07h
Distance:
5.6km

På besøk hos gamle foreldre i barndomsheimen. Morgontur til Høgenhei og langs «flauene» (floga) som vi seier her. Vakker stille morgon. 5,6 km, 1 time og 6 minutt, 215 hm. Gjekk aleine.

Map    

Sundagstur

Date:
28.11.2021
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
1:57h
Distance:
10.0km

Sundagstur med Tom. Hostar framleis, så tok det roleg. 10 km, 1 t og 55 min, 325 hm.

Map    

Rust i novembersol

Date:
21.11.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Distance:
5.5km

Etter nesten fire veker med hoste, var eg glad for å greie turen til Rust i dag. Barfrost, klar himmel, låg novembersol. 5,5 km, 501 hm, knappe to timar. Erling og Tom var med.

Map    

Jønnardalsfjellet

Date:
20.11.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:39h
Distance:
5.5km

Hostar på fjerde veka. Lei av å ta det med ro. Dårleg pust å snakke om opp til Jønnardalsfjellet. 5,5 km, 233 hm, 1 tome og 40. Tom var med. Grått mildvær.

Map    

Åboråsen og Kongens utsikt

Date:
06.11.2021
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
1:26h
Distance:
5.3km

Map    

Loddo

Date:
31.10.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:38h
Distance:
8.9km

Skammar meg over forarbeid og manglande orienteringssans på denne turen. Fann parkeringa greitt, skulle berre mangle sidan den var merkt med Loddo. Det starta å ausregne i det eg parkerte, så skifta til regnbukse, før eg gjekk av garde på noko som skulle bli ein lett, rask tur, hadde eg tenkt. Gjekk grusveg opp til der det stod eit skilt til Veten, og sidan ingen av dei andre skilta sa Loddo, og sidan eg trudde at eg hadde lese at Veten var eit anna namn på Loddo, tok eg av til høgre. Gps’en oppførte seg rart, tykte eg, men slutta at den ikkje verka (! Kor dum kan ein bli!). Og så følgde og følgde eg raudmerkt stig, til eg til slutt måtte spørje meg sjølv om eg ikkje gjekk i motsett retning? Då var eg på Vardfjellet, sa gps’en, og eg måtte snu hovudet 180 grader. I staden >>>

Map     2 comments