Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (109)
- Backcountry skiing (76)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (417)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Med Telemark turistforening til Kvannefjødd
- Date:
- 05.08.2012
Telemark turistforening og Byrte IL samarbeidde om denne turen, og eg hadde peila den ut alt på forsommaren. 28 personar køyrde i kortesje inn Byrtedalen, og slapp gjennom bommen heilt inn til Hommo. Derifrå følgde vi dalen oppover og vestover forbi Brekkestaulen. Tok så sidedalen på skrå oppover mot sudvest, og nådde toppen ganske greitt. Snill tur så langt! Heimturen gjekk austover langs fjellryggen, ned til Poddeskarvatna og nordom dei mot eit skard 350 meter over Hommo. Svært bratt nedover her, men sauestigar var det no. Vi så rein på fire ulike stader, alle reinsbukkar, til saman såg vi sju dyr. Stor oppleving! Veldig kjekke turkameratar - og som vanleg saman med DNT Telemark - høgtlesing av dikt undervegs. Det VAR elles ein tur til å bli lyrisk av....
Lang tur med flotte opplevingar
- Date:
- 18.07.2012
Køyrde tysdag ettermiddag frå Seljord, ferga over Fjonesund, litt proviantering i landhandelen på Fjone og sjekka dessutan ut dei ni fine gravhaugane der, så bomvegen inn til Hægefjell. Fullt av bilar og minst fire nasjonalitetar - som vel alle dreiv og klatra. Vi tok på tunge sekkar og sykla (etter tips frå Ole Petter) inn til Grimvatn, der vi slo opp telt og åt middag ved stranda. Klokka 2000 blei knotten for ille, og vi trekte inn i det ganske trange tomannsteltet - med hund! Sudoku redda det som var att av kvelden. etter frukost starta vi med heilt blå himmel og lett oppakning klokka 0915. I myrane mellom bekken frå Fallsli og svaberga høgare oppe gjekk vi på ein elg. Svaberga gjekk fint, og vi kom greitt opp i 900-1000 meter og følgde høgdedraget bort til dei to små bekkedalane >>>
Nesten ut av tåka!
- Date:
- 07.07.2012
I Selje for seljumannamessehelga. Mykje program, men rom for å få med seg kommunetoppen. Dagen før var fjorden og himmelen blank, men i dag hang skodda på ca 350 m. Pytt, pytt. Vi parkerte ved Berstad, følgde greitt godt merkt stig til høgre etter etter eit par hundre meter. Dukka inn i ull, og gjekk i tett skodde til topps. Brukte ca 1,5 time i roleg tempo. På toppen skein sola svakt gjennom disen, men ikkje nok til at vi såg noko. Ganske varmt, og ganske stille i le bak varden. Og så - som ei hildring - letta det opp i eit par tre korte glimt, og vi så fjelltopper med snø i solskin stikke opp over det kvite skoddehavet. Sterkt! Vi sat i ein time og venta på ny klaring, men måtte gje opp. Brukte ein time ned.
Nr 50
- Date:
- 30.06.2012
Topp nr 50 blei Aremark. Passa fint, for dette er hjartekommunen til mannen etter mange fine besøk hos besteforeldre. Frå Oslo køyrde vi til Ørje, så sørover. Tok av mot Bjørkebekk, parkerte ved Remme, der det gåtefullt stod parkering forbudt. Men, men, bilen stod der greitt når vi kom tilbake. Vi sykla sørover med hunden springende laus ved sida. La syklane frå oss ved ruinane etter Søre Stangebråten. utruleg fine gamle eiketre langs vegen der. Gjekk rett opp lia, og fann høgaste punktet med GPS. Ikkje akkurat der den største varden var. Såg hoggorm i ein kveil på eitt av dei flate berga. Møtte to syklister. Heldt fram mot Halden og sjukebesøk der. Tom og Uncas var med.
Sykkel og føtter til Eldåhøgda
- Date:
- 28.06.2012
Starta på Nordseter med fire personar, to syklar og to bilar og ein hund. Sette frå oss ein bil i Lillehammer og køyrde nordover. O-løparen Eirik i baksetet orienterte osstil Vesleseter frå Tretten, men terrenget stemte ikkje med kartet, det mangla 100 meter veg! Så ned til E6 att og den rette avkøyringa til Tomsbu?? Eirik og eg sykla 3,5 km til Storevarden pga defekte føtter og knær før vi byrja å gå. Rast i sola bak den eine av fleire mura leveggar. Veldig ivrige murentusiastar har sett sitt preg på toppen. Flott kveldssol og ganske flatt vidde-aktig terreng. Ny sykkeletappe ned att. Eg greidde meg heilt til siste kneika, då for eg over styret. Blått kne. Frå bilen såg vi hare og elgkalv på vegen ned. Tom, Anne, Eirik og Uncas var med.
Kultur- og naturreise Levanger og Frosta
- Date:
- 24.06.2012
Køyrde eigentleg flyttelass mellom Oslo og Mo i Rana, men tok nedturen over to dagar og overnatta i Levanger. Starta med pen køyretur opp til Skallhytta, så kvikk tur opp til Hårskallen med flott utsyn over "heile" Trøndelag. Støpt varde i sement var litt kipt, men stigen var jo reine autostradaen. Deretter avstikkar til ruinen ved Munkeby. Så Frosta og Storheia. Nydeleg eng ved Fjellplassen. Supert rundskue oppe ved vardane. Gjekk eit torever over Fosen, men eg hadde flott vêr. Så tingstaden ved Logtun og mellomalderkyrkja. Dinest klosterruinen på Tautra. Og så var det 65 mil heim. Over 2000 km køyrd, men hovudinntrykket er at Noreg er underskjønt, og at Nordland i supert vêr vanskeleg kan matchast. Hadde ikkje tid til langtur der oppe, men Innherred fekk eg og mykje >>>
Draumedag på draumetopp
- Date:
- 02.06.2012
Litt på impuls køyrde eg frå hytta til Skafsåheii laurda kl 1200. Nesten to timar, men Telemark var på sitt vakraste, så det var heilt greitt. Køyrde forbi Hallbjønnsekken, og parkerte på ein p-plass til venstre ved elva før eg kom til det lange smale vatnet. Har gløymt namnet. Møtte to som slepte ut sauene sine på beite for sommaren. Hyggjeleg folk, og dei instruerte meg greitt: følg vegen/stigen opp til kraftlinja, så stigen til den vesle trappa der det ligg ei hytte til venstre, til høgre viser eit lite skilt til Kuskardet. Hald til høgre for fossen oppover og gå inn dalen og ta fatt på klatringa opp til venstre FØR du kjem til det litt større vatnet. Det ligg eit lite vatn meg ein gong ein kjem opp skardet, men ein held opp til venstre ETTER det. Ganske mykje snø på >>>