Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Hedmarkstriangelet - dei første toppane i Hedmark

Date:
12.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing

Tidleg påske og flotte skiforhold i fjellet motiverte til å reservere denne sundagen til ein skitopp. Valet fell på Hedmarkstriangelet, tre toppar kunne kanskje forsvare dagstur frå Oslo? Kom frå byen kl 0900, bra til å vere meg, men tulla med køyringa, for dårleg bilkart og fomla med den nye gps'en i bilen. Eg skulle ha tatt av der det sto Brumund sag, men køyrde rett fram og havna til slutt ved Mesnali, og derifrå visste eg ikkje om det var tversovervegar, så eg køyrde attende, spurde meg for og fann ein tversoverveg forbi Veldre skistadion til bommen ved Brumund sag. Hadde ikkje 105 kr i cash, ei heller penn, og luka var ikkje betjent, så eg feide innover utan å betale....Det var mykje lenger oppover enn eg hadde tenkt, fleire mil, så då eg kom til Skvaldra blei kl 1230 før >>>

Map    

Påskeklassikaren

Date:
04.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:30h
Distance:
24.0km

Ny flott påskedag. 10 minus i dag tidleg og blank himmel. Starta kl 1015 frå hytta. Gjekk på ski til Dammen, bar skia til myra før Gåsevatn, så Gåsevassdalen opp og rundt Rust. Kom opp nordfrå. På toppen møtte vi to bygdekjenningar. Rasta på sjølve toppen i le bak "Høna". Fint når sola var framme. Litt kaldt når det glei småskyer framfor sola. Køyrde ned på baksida og møtte broren min med to av barna og kone på veg opp. Vi heldt mot vest og køyrde ned til Skardstaul der vi tok til høgre opp skardet og etter kvart kom vi til Hovdestaul. Derifrå ned til Bøle, ned ekrene og skogen og så ut på Gjevarvatnet og isen heim. Bakglatt dei siste 9 km, men god glid over isen. Var heime 1545. Ca 24 km. Torunn og Uncas var med.

Map    

Vind på Storegrønut

Date:
01.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
20.0km

Skitur med Tom og Uncas. Køyrde til Vinsvål, gjekk opp Røynbrekka og via Vorvatn til rett under Storegrønut. Der rasta vi med vindsekken som levegg. Så opp til toppen, dei siste metrane på beina. Dette var første gong der oppe for Tom. Litt synd med svært sterk vind og litt overskya, men utsikten var vid og flott. Vi gjekk rundt toppen mot vest og sør før vi rann ned Bjålandsdalen og gjekk Kjerringdalan tilbake til rasteplassen og så heim att. Litt vrient føre, ikkje ordentleg skare og tørr snø og frosne spor frå i går - der vi hadde spor. Dryge 20 km.

Map    

Lenge planlagt - fint gjennomført

Date:
28.03.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
20.0km

Påska starta med besøk på hytta til Finn på Vaset, og besøket var planlagt med kommunetoppen som viktigaste program. Vakna til sol, blå himmel, vindstille og 5 minus. Køyrde til Buaråne og parkerte. Følgde skutespor over vatnet og rundt til Bukono-stølen. Litt lenger fram tok vi av oppover i bjørkeskogen. Opent lende, 5-10 cm nysnø, pussig nok tendensar til klabbing. Vi gjekk opp til den første varden og følgde vardane vidare til Gråkampen. Då hadde vêret endra seg, og vi hadde ganske kraftig vind. Heldt fram til toppunktet, måtte ta på meir klede, fint å vere oppe. Den nye kassa med ny bok mangla framleis penn, det burde vi ha tenkt på etter å ha lese Ole Petter sin rapport. No svært kraftig vind, hunden bles nesten av toppen. Prøvde å raste inne i vindsekk eit stykke >>>

Map    

Mælefjell

Date:
21.03.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
21.0km

Har drøymt om denne lenge. I dag hadde vil kuldegrader, strålande sol, skare under og nysnø frå i går. Noko vind var meldt, men det løya utover dagen. Vi køyrde til Natadal og kosta på gjennom open bom. Men eit lite stykke oppi der låg ei gran tvers over vegen, så bilen blei parkert ved bommen. (Det var bra, for då vi kom tilbake, var bommen låst.) vi gjekk og bar skia langs vegen heilt til Juvet, det er der vegen kryssar bekken og svingar opp mot aust i lia over bekken. Så gjekk vi med fellar oppover til Mælstaul. Nydeleg plass. Meir og meir nysnø frå dagen før, og frå staulen og opp Tjønnskar var det kanskje 10 cm tørr nysnø. Vi gjekk skaret opp til vi såg Rusttjønnan. Møtte ei lokalkjend dame med hund, som sa at dette skaret er rasfarleg under andre forhold, men ikkje >>>

Map    

Rustfjellet

Date:
15.03.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Topp i Telemark-prosjektet

Date:
14.03.2015
Characteristic:
Backcountry skiing

Berre ein topp til samleprosjekta så langt i vinter, har prioritert km på ski, men denne hyttehelga hadde eg planlagt å utvide samlinga Telemarks-toppar. Valet fell på Røysdalsnuten, høgast punkt i Lifjell, ikkje kommunetopp, men høyrer til den fine samlinga med kremtoppar i Telemark, toppar med pf større enn 500. Vi køyrde til Flatdal og tok vegen opp Grunningsdalen. 60 kr i bompengar. Parkerte på plassen ved Grimås. Det bles overraskande nok, ikkje ei sky, men altså noko vind og knallhard skare. Vi gjekk opp dei bratte kneikane til vi kom opp på platået, men i staden for å følgje løypa, gjekk vi nutane og liene til venstre, og kom ned til Årstaultjønni. Der sett vi frå oss skia, og gjekk med stavar opp den bratte renna til venstre for nuten og runda så bakifrå og kom >>>

Map     2 comments

Årets første, herleg skitur!

Date:
18.01.2015
Characteristic:
Cross-country skiing

Årets første tur gjekk til Totenåsen. Frå dårlege skiforhold i Oslo kom vi opp til draumeforhold ved Torsætra. Nykøyrde løyper frå dagen før, seks minusgrader og snøtung juletreskog. Desutan vakker januarhimmel. Ingenting kunne ha vore betre, og vi gjekk den sørvendte traseen opp til Rausteinhytta. flott føre. Vel opp åt vi niste inne på hytta som er open til 1500 både sundagar og laurdagar. Etterpå gjekk vi dei par hundre metrane opp til tårnet, laussnøen hadde ganske bra hald, så det gjekk greitt. Nedturen var ein flott hellande trasé, 300 høgdemeter fordelt på dryge 10 km. Så status blei 21 km. Tom, Dagfinn og Helge var med.

Map    

På veg til Halden

Date:
14.12.2014
Characteristic:
Hike

På veg til Halden for bytting av gåver tok vi vegen om Askim. Køyrde rett til Skansehytta, parkerte litt ulovleg nedanfor. Gjekk først til tårnet etter merkt stig. Så til høgre og vidare på stigen. Pilarane etter eit eldre tårn ligg rett bortom, og så fann vi etter litt roting med ikkje heilt følsom GPS, markert toppunkt, ein trekantstein med spissen opp og eit par støttesteinar. Gå rett inn i skogen bak betongstabbane og ikkje lenger enn 50 meter. Vi hadde tenkt å halde fram til Trøgstad, men som vanleg kom vi for seint av garde, og sidan vertinne ventar, måtte vi skuve på denne. Manglar no berre Trøgstad og Eidsberg inToms heimefylke. Tom og Uncas var med.

Map    

Barfrosttur

Date:
30.11.2014
Characteristic:
Hike

Køyrde til saga lang Mørkveien, nr 345-349. Så gjekk vi vegen opp til de store myra under åsen, rota oss dessverre litt utpå, skulle ha halde rett fram i høgre kant av myra og litt opp på tørt land mot åsen. Følgde stig til den nuten der hytta ligg oppå, vingjekk den bratte stigen mot venstre i staden for å gå opp på Kollen, så ned att og over bekken og deretter opp til det øydelagde tårnet. På veg ned att passerte ein travhest og sulky oss to gonger. Flott hest! Vi brukte ca 1,5 time. Marit, Tom og Uncas var med.

Map