Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (407)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Første på Rust i år
- Date:
- 02.04.2017
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Distance:
- 11.4km
Køyrde til Bøle og gjekk opp i køyrde spor via Hovdestaul. Eg på fjellski, Tom på langrennsski. Rottent utafor spora, lite snø. Rasta på toppen i noko vind. 2 timar og 52 minutt inkludert rast. 469 hm. 11km.
Lifjell på vegen mellom Stathelle og Oslo!
- Date:
- 26.03.2017
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 3:30h
- Distance:
- 20.0km
Stressa over at skisesongen er på hell. Greidde skitur i Oslo før 50-årsdag på Stathelle laurdag. På sundag sette eg mannen på bussen, og drog sjølv til Lifjell. Der greidde eg både 20 km på ski og ny topp, Øysteinnatten. Sol, vind og 10 varmegrader på topptermometeret. Bilen viste +15 på Jønnbu. Raudt klister gav feste, men føret var svært trått. Gjekk aleine.
Oppom Kikuttoppen på veg frå Mylla til Movatn
- Date:
- 18.03.2017
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 5:30h
- Distance:
- 50.5km
Skibussen til Mylla. Perfekte spor, isklister fungerte flott, vi gjekk Mylla, Trantjern, Ølja, Tverrsjøen, Skarvvatnet, Pershusvatnet, Finnstadtjennet, Aklangen der vi rasta, Katnosa der Finn sa adjø og sette opp farta for å rekkje selskap heime, Sandungen, så over mot Kikut og eit sidesprang opp til Kikuttoppen der eg aldri har vore før. Skuffande at det var så gjengrodd og ikke utsikt, men eg gjekk litt nedover på sudsida slik at eg fekk overblikk, same veg tilbake ned til Kikut (vaffel inne), ned på isen og over til Fortjern, Helgeren, Gørja, Kalvsjøen, der eg tok ein ekstra dune fordi eg skjønte at eg trang ein halv kilometer til for å runde 50 km, Aurtjern, Finntjern og ned til Movatn der Tom plukke meg opp. Finn var altså med dei første 18 km. 5 timar og 31 minutt, 50,5 >>>
Oppkuven på ski og føtter
- Date:
- 15.01.2017
Flott kald skisundag, men ikkje snø i byen. Køyrde difor til Sørkedalen, bar skia til Pipenhusvegen, og fekk skispor derifrå. Betre og betre forhold jo høgare ein kom. Har alltid pleid å gå til venstre når ein kjem til toppen av dei lange motene (9 km motbakke), men i går gjekk eg til høgre opp Kjagedalen. Super trasé og nedsnødd landskap i januarsol. Oppkuvvatnet var også nydeleg. Følgde merking og spor opp til toppen. Vassa siste bratte stykket. Meiner eg var på toppunktet, men såg ikkje tårnet. Nede på vatnet snakka eg med han eghadde følgd spora til, han ba om orsaking for å ha følgd sommarsporet! 3 timar og 37 minutt, 26,5 km.
Måtte snu før toppen
- Date:
- 16.10.2016
Køyrde langt og lenger enn langt frå Oslo til parkeringa ved Skjellingen. Sommardekk på bilen og overraskande nok kvit veg dei siste par mila inn grusvegane. 20 km i timen og ein time frå Randsfjorden. Raskt opp til Store Skjellingshovde. Heilt kvitt og ikkje sikt. Men vi gjekk no likevel ut til venstre til Utsikten før vi følgde traseen til Ole Petter. Tråkking i snøkledd terreng og halvfrosne myrar. Etter 40 minutt på veg over ei ny kvit myr, gjekk vi begge gjennom og nedi noko som viste seg å vere ein myrepytt, ikkje myr, og den var ikkje frosen nok! Vi drog kvarandre opp, og bestemte der og då at Vesle skjellinghovde fekk vente til ein annan gong! 1 t 35 rakk vi å vere ute, 4,5 km. 136 hm. Marit og Uncas var ned.
Reprise til Hof, men ny topp
- Date:
- 07.10.2016
- Characteristic:
- Trip by foot
- Duration:
- 1:06h
- Distance:
- 3.8km
Nokre år sidan Skibergfjell, men plutseleg hadde eg altså mista fylkestopper i Vestfold! Passa fint å ta den på veg til hytta ein avspaseringsfredag. Strålande haustver, lunsj på Eidsfoss, møtte Marit i eigen bil, køyrde bomvegen opp til Dovrefjellvegen eller noko sånt, og gjekk brei nydeleg stig til topps. 3,84 km tur-retur. 1.06 i tid brukt, 169 hm. Marit og Uncas var med.
Kommunetopptur med badstu!
- Date:
- 25.09.2016
- Duration:
- 2:12h
- Distance:
- 14.2km
Fin septemberdag, og Marit og eg lesste syklane på bilen og drog til Grue. Fin køyretur til Namnå, der vi følgde vegen til Monsrud, betalte 20 kr for å køyre vidare på fin grusveg til Rotna. Kryssa elva og parkerte i vegkrysset der begge vegane har låst bom. Vi sykla jamnt oppover, ikkje mange kvilestrekk her! Men grei trasé, ikkje for bratt, slik at ein på lett gir kom seg opp overalt. Etter Revtjernet gjekk vi opp på åsen, og ved hjelp av GPS fann vi toppunktet, så nedatt til Revtjernet, og der fann vi ein furulegg med tørr bakke framfor og åt nista i ettermiddagssol. Grei sykkeltur nedatt. 14,23 km, 322 hm, 2 timar og 11 minutt brutto, 1 time 34 minutt i rørsle. Men avslutninga på turen blei uvanleg, ringte til god kollega og fekk stadfest at han var på hytta ved Kirkenær, >>>
Endå ei reprise : Gaustaråen
- Date:
- 18.09.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:47h
- Distance:
- 8.2km
Ny tur som følgje for Anne som jakta nye toppar. Ikkje fullt så flott ver som dagne før, men fin temperatur, og litt skiftande skydekke, men mest grått. Dagen før hadde det vore nattur i måneskin til toppen med nattkonsert som beløning, det må ha vore fint, for laurdag kveld var uvanleg fin med kvit himmel og måne. Mykje folk som alltid opp mot Gaustatoppen. Vi drog på oppover, men i staden for å byrje på den siste kneiken då vi kom opp på platået under toppen, gjekk vi ut i steinura med gps og fann Gaustaråen og punktet sør for den. Dessverre var dette akkurat høgt ok oppe til å gå inn i skydekket, Gaustatoppen låg inne i ein kvit dott heile turen, og sidan vi skulle heim til Oslo - og for Anne sin del Halden, stod vi over toppen - for utsyn hadde det n ikkje blitt der >>>
Reprisetur då eg faktisk fekk sjå meg rundt
- Date:
- 17.09.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 11.0km
Etter møte i Seljord, drog Anne og eg til Bø, der eg følgde med Anne til denne toppen som ho mangla, og som eg faktisk berre hadde vore på i tett skodde, vind og regn for nokre år sidan. Så det var flott å få sjå kor nydeleg denne toppen og dette terrenget faktisk er. Starta ved Røksbu og gjekk stigne opp langs LAngetjønn. Sol utan skyer, vindstille og uvanleg varmt til spetmber å vere. Anne gjekk i shorts og bh, eg i t-skjorte. Vi gjekk bra på oppover og brukte 1 time og 42 minutt på 5,6 km og 733 hm. Godt nøgd med det. Nedatt somla vi meir etter lang rast på toppen. 1 time og 52 minutt ned inkluderte mykje fotografering.
Fin Rust-tur
- Date:
- 11.09.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 5.6km
Dyrskuhelg i Slejord og Tom og eg var på hytta i helga. Dyrsku og grendehusmøte på laurdag, og sundag fekk vi oss sommarens første Rust-tur. Uncas var med - var det hans siste tur tru? Sol og vind. Vi brukte 2 timar o 7 minutt på turen opp og ned. 5,6 km.499hm.